Omtale fra forlaget
"Den eg skriv dette til kan ikkjelesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette i mange år. Det kom nokre ord, og ho tok dei i bruk, men så smuldra dei opp i munnen hennar. Ho brukte dei annleis enn andre. Ho sa orda rett, men visste ikkje kva dei betydde. Ho smakte på dei, songdei, masa med orda, så dei kom til å bety alt og ingenting, og så blanda dei seg med dei andre lydanehennar, blei borte i leiken med tunga og stemmebanda, forsvann inn i hylet og mumlinga, og mehøyrdedeiikkje igjen". Som ung mann jobbar han som bussjåfør og drøymer om å skriva. Ein dag kjem ei jente inn i bussen, ho ser på han i spegelen, og då ho skal av, stoppar han bussen og følgjer etter henne. Sidan ligg dei i senga hennar i kjellarleilegheita der ho bur. Då ho vert gravid, veit han kva han skal gjera. No er dottera vaksen, han er ein etablert forfattar; kan han endeleg skrive romanen om henne? "Syngja" er ein djupt personleg roman, vakker og tankevekkande, naken og open, om å leva med ei dotter med autisme. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historie, og handlar om kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å forstå ei som ikkje let seg forstå.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2013
Format Heftet
ISBN13 9788249511396
EAN 9788249511396
Språk Nynorsk
Sider 231
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Brageprisen Skjønnlitteratur 2012 Nynorsk litteraturpris 2012
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Utrolig sterk roman om en fars forhold til sin autistiske datter. Nakent, rått og personlig. Vaage forteller alt om gleden, bekymringen, håpet og sorgen. Bør leses av alle som har eller er foreldre.
Ei utruleg fin forteljing om ein far og dottera hans! Dette er jo ikkje ei A4-historie - då dottera er autist. Me får vera med på oppturar og nedturar for den vesle familien. Alle tankar faren gjer seg, alt dei som foreldre prøver å få til, korleis han lengtar etter det "normale" familielivet, men også mange gledelege erfaringar. Han skildrar korleis dottera vert umuleg å forstå for foreldra. Det er mange sorgmuntre historier her.
Språket er suggererande, og me er heile tida med inn i tankane til faren. Han tek oppatt gong på gong korleis tvil, glede, fortviling og sorg vekslar hjå han.
Me får oppleva ein øm far sin kjærleik til dottera. "ho var det beste barnet, den vakraste uskuld sat i henne..." Men også slitet, problema og ambivalens i høve til å ta imot hjelp og stole på hjelparane /behandlarane. Forfattaren tek, slik eg oppfattar det, eit oppgjer med åtferdsterapien. På s. 193: "Ho var kanskje trøytt av å bli manipulert, med snop, med søtsaker..."
Sist men ikkje minst, faren er forfattar og bussjåfør. Bussen og busskøyring får difor mykje merksemd, og dette er veldig morosamt skrive, td. "Bussen er eit esel, ein proletar blant køyretøya. Hadde Jesus kome til Jerusalem i dag,ville han tatt bussen. Bussen manglar glamour og venleik."
Dette er ei vakker og rørande bok. Den er tidvis ujamn, men den har so mange gode og gripande parti at det meir enn veg opp for dei mindre gode passiarane. Språket er jamnt godt, ja tidvis på grensa til glitrande. Ei god leseoppleving.
Igjen en fantastisk bok av Lars Amund Vaage. Hvilken lykke å lese den en stille stund! Språket hans bergtar meg, og jeg nikker for meg selv når jeg kjenner meg igjen, bokstavelig, i teksten. Gled deg til denne!
Åh, denne boka likte jeg skikkelig godt. Det er et virkelig nydelig språk og noen fine observasjoner som traff meg.
Sei dine tankar høgt, og dei blir sette på prøve. Stemma avslører deg.
Er det ikkje ei tung bør å leggja på eit stakkars funksjonshemma menneske, som sanneleg har problem nok frå før, at ho også er eit stort vonbrot for foreldra? Ei stor sorg kjem inn i livet til foreldra, eit lite barns fryktelege funksjonshemming?
Bussen er eit esel, ein proletar blant køyretøya. Hadde Jesus kome inn i Jerusalem i dag, ville han tatt bussen.
Men om ein skriv om det mørkaste svarte, om ein fortel om dei djupaste sorger, dei smertelege tapa, den kjærleiken som slokna, den venen som er død, det barnet som aldri fekk veksa - det å skriva om det er å dyrka håpet. Alt det vonde kan lysa mot menneska, i skrift, og når det lyser i skrift, gjer det deira liv lettare. For skrift - dersom ho er god - ville ikkje finnast om det ikkje var ein utveg og ein ny morgon.
Menneska kan koma til å gløyme siine beste eigenskapar, sine nedervde evner til å vera saman, til å sjå dei andre, tolka dei, løfta dei, elska dei. Menneska kan koma til å oversjå sine beste sider, sin intuisjon, si innlevingsevne, si subjektive vurderingsevne, dei kan koma til å tvila på sitt vesen, sitt kompliserte sanseapparat, og i staden kan dei koma til å tru på enkle løysinger, overdrivne tankar om kontroll og rasjonalitet, og om plan og evaluering.
289 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketStartet lesesirkel i 2011. Her er bøkene vi har lest til nå. Etter 3 år har det blitt 30 bøker! :-)
Bøker hvor handlingen i en og samme bok er plassert i flere tidsrammer. Utstilte bøker i biblioteklokalene februar 2016.