Ei utruleg fin forteljing om ein far og dottera hans! Dette er jo ikkje ei A4-historie - då dottera er autist. Me får vera med på oppturar og nedturar for den vesle familien. Alle tankar faren gjer seg, alt dei som foreldre prøver å få til, korleis han lengtar etter det "normale" familielivet, men også mange gledelege erfaringar. Han skildrar korleis dottera vert umuleg å forstå for foreldra. Det er mange sorgmuntre historier her.
Språket er suggererande, og me er heile tida med inn i tankane til faren. Han tek oppatt gong på gong korleis tvil, glede, fortviling og sorg vekslar hjå han.
Me får oppleva ein øm far sin kjærleik til dottera. "ho var det beste barnet, den vakraste uskuld sat i henne..." Men også slitet, problema og ambivalens i høve til å ta imot hjelp og stole på hjelparane /behandlarane. Forfattaren tek, slik eg oppfattar det, eit oppgjer med åtferdsterapien. På s. 193: "Ho var kanskje trøytt av å bli manipulert, med snop, med søtsaker..."

Sist men ikkje minst, faren er forfattar og bussjåfør. Bussen og busskøyring får difor mykje merksemd, og dette er veldig morosamt skrive, td. "Bussen er eit esel, ein proletar blant køyretøya. Hadde Jesus kome til Jerusalem i dag,ville han tatt bussen. Bussen manglar glamour og venleik."

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Jeg vil bare si at jeg er veldig enig i det du skriver.
Jeg jobber innenfor dette feltet, og boka gjorde noe med meg. Jeg tok meg i at jeg tenke mange ganger at denne boka burde mange foreldre til mennesker som har lignende bistandsbehov lese.
Jeg skal lese mere av Vaage.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, dette er virkelig en god bok! Jeg oppfatter det også slik at han tar et oppgjør med atferdsterapien. Alle ville det beste for barnet, men hva var egentlig "dette gode som alle ville", spør han, og kanskje kjente hun heller ikke trangen til å lære eller gå inni vår verden, i hvert fall ikke når betalingen var pastiller og sjokoladebiter? Han virker også å undres over seg selv, at han "som var diktar ... som visste om nyansane" kunne svelge atferdsteorien. "Menneska er ikkje vonde. Men det hender dei trur at dei har forstått seg sjølve og tilværet litt for godt. Då kan dei koma opp i store vanskar. Menneska kan koma til å gløyma sine beste eigenskapar" og "i staden kan dei komma til å tru på enkle løysingar, overdrivne tankar om kontroll og rasjonalitet" (kapittel 23).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, han bebreider seg sjølv. samtidig fortel han jo kor utmattande det var for dei å klare alt - med nattevåk og pass kvart minutt dei hadde ho. Ein kan jo forstå at folk desperat søker løysingar som kan hjelpe både foreldre og barnet. Men då dei ba om avlastning fekk dei tlbod om fast institusjonsplass... Me får håpe at den situasjonen har betra seg...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

ConnieOda Marie HMarianne  SkageBjørg L.Daffy EnglundalpakkaMads Leonard HolvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KsiljehusmorLene AndresenIngeborg GAudhildLailaJulie StensethChristofer GabrielsenAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandAlice NordliTine VictoriaAvaTor-Arne JensenHanne Kvernmo RyeRisRosOgKlagingJarmo LarsenFrode Øglænd  MalminGroSolEli HagelundAud Merete RambølBeate KristinNtotheaHilde Merete GjessingPilarisKjerstiSynnøve H HoelBjørg RistvedtEllen E. MartolLena Risvik PaulsenFindusChristoffer Smedaas