Omtale fra forlaget
Gripande undergangsforteljing
I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje små ulykker. Kvar for seg er ikkje desse hendingane så alvorlege, men dei avslører små og store sprekkar både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre?
Eller er desse ulykkene påminningar om ein større livskatastrofe?
Romanen er lagd fram i tid. Sofie jobbar på Munch-museet i Bjørvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg på Tøyen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er åtte år sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det gåande fram til denne veka i august. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess?
Medan regnstormar herjar og konfliktane tårnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet gå vidare som før.
«Klokt og reflektert»
Adresseavisen
«Solid»
NRK
«Elegant»
Dagsavisen
«Sterkt»
Bergens Tidende
«Skremmende treffsikker»
Aftenposten
«Vakker»
Romsdals budstikke
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2015
Format Heftet
ISBN13 9788252187700
EAN 9788252187700
Omtalt tid 2010-2019
Språk Nynorsk
Sider 207
Utgave 1
Tildelt litteraturpris P2-lyttaranes romanpris 2014
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ukjent forfatter for meg før jeg leste denne romanen. God bok. Link til bokbloggen min der jeg har skrevet et innlegg om romanen
"Sju dagar i August", Brit Bildøen
Den 22.07.11 mista landet sin uskyld, vert det sagt.
Det rette er vel at nokre mista, andre fekk – og at alle har eit forhold til denne dagen.
Eg fekk. Eg fekk sterke bilete då eg kjørde, heilt uvitande, over glasbota i Oslo forbi Regjeringskvartalet. "Ta fram ein mobil og finn ut kva det er”, sa eg når sjukebilane kom bak oss. "Dette kjem i historiebøkene, men eg veit ikkje kva det er".
Vel, no veit me, og andre veit det bedre enn hine.
Eg fekk noko. Eg såg og fekk eit minne. Eg såg og slepp å undrast. Det ein får, det er. Ein slepp å undre og gruble, det kan endrast og tape si kraft – og det gjer ofte det. Same kva det er.
Om ein mistar, har ein mista, og ein kan miste det umistelege. Det er noko heilt anna enn å få. Eg er glad eg fekk.
Forfattaren skriv om nokon som har mista – og dei mødast. Forteljinga er nokre år fram i tid, men gir stadige tilbakeblikk til tida rundt 22.07. Det ligg ei sorg i heile boka, venda og spegla av dialogane, som er såre, tolkbare, blir overtolka, dei er vendepunkta, dei legg føringa for det som kjem etter.
(Dei er "Tillerske").
”Etter sol kjem det regn” vert det sagt.
Forfattaren bruker været og andre naturbilete heile vegen. Heile den tunge vegen ein må gå. Legg merke til det når de les.
Boka vann NRK P2 Romanpris 2014 – og vil bli hugsa for meir enn det.
Ekteskapsdrama med tung sorg i bunnen. Sofies datter døde 22. Juli og dette voldsomme tapet ligger som et dystert drønn under handlingen hele tiden. «Sorga er noko ein deler berre ei kort stund. Sidan lever alle vidare aleine i si sorg .» Inderlig , alvorstungt , velskrevet . Jeg vil lese mer av Brit Bildøen.
En sterk bok om sorg og hvordan livet og parforholdet er blitt for ektefellene Sofie og Otto etter at de mistet datteren på Utøya åtte år tidligere. Boka vant P2-lytternes romanpris i 2014.
Jeg har lest og hatt stor glede av flere av Brit Bildøens bøker. Hun skriver levende, lett og livsklokt om mennesker i dramatiske hendelser: Gult farevarsel om en familie som opplever ekstremvær; Tre vegar til havet om en adopsjonsprosess i møte med byråkratiet; Adam Hiorths vei om natur- og miljøforkjemperen Jon Utskott; Mitt milde vesen om en kvinne som opplever at faren forsvant og moren vil ikke snakke med henne. Gleder meg til å lese mer!
Det vil nok komme flere bøker som denne i årene framover. Likte hvordan den viste hvor vanskelig sorg og tap kan være i hverdagen selv flere år senere.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketMot til å leve når dei beste dagane er forbi
Å køyre ned til hytta var som å ta smertestillande.
Ein lys melankoli måtte vere den typen utmatting og sorg som kan komme over ein på nattetid, gjerne ei lys og varm sommarnatt, når gjestene har gått og glas er rydda bort, dukane tatt av bordet. Når det på same tid går opp for ein at alt var vellykka, og at alt er over.
.......ein må ha eit blikk som tillèt forvandling. Viss ikkje så vil verda berre bli mindre og mindre rundt oss.
186 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketHar sluttet i denne lesesirkelen, men dette var en liste fra tidligere bøker som ble lest.
Her skal jeg legge inn bøkene jeg kan krysse av på listen etterhvert