Omtale fra forlaget
Denne boken skildrer syv brødre som bor på en gård langt utenfor allfarvei. Presten prøver å lære dem å lese og skrive og leve som ekte kristne, men brødrene lar seg ikke sivilisere så lett. Dette er en humoristisk og dramatisk folkelivsskildring.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 1997
Format Innbundet
ISBN13 9788270948178
EAN 9788270948178
Serie Oktobers nordiske klassikere
Språk Bokmål
Sider 356
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Tilfredsstiller alle fordommer om finsk villskap på bøgda. Fantastisk lesning.
Då kjende han svolten som ein sviande verk i magen, kleiv ned frå steinen, sette seg tett inn til glødande eldsvarmen og slo kloa i kjøtet og brødet. Han gav seg likevel tid til å ta av seg luva, knepte hendene og las for maten, han nikka og slengde med den lurvete luggen og gjekk laus på den smakelege kveldsmaten.
Men inne i skogsmørkret stod Simeoni og skalv, der han såg kor Eero vart tukta og høyrde kor han skreik. Endå lenger bort frå svea drog han seg, og skogen tok han djupt i sin frelsande famn.
Noko av det likaste brørne visste, var å slå trinse, ein leik som dei gjerne øvde seg i jamvel i sin manndoms alder. Då tevla dei hardt, delte seg i to flokkar og kappsprang mot fastsett mål. Høgt oma det då av skrik og sprang og ståk, og frå andleta rann sveitten i stride straumar. Susande hoppa trinsa bortetter vegen, og rett som det var, spratt ho frå kjeppen opp i andletet på mannen, så når dei gjekk heim att etter leiken, kunne somme ha eit digert horn i panna eller kjaka som svall ut som ein kveitebolle.
Ein gard utan ei matmor som trippar på loftsstigen, er som ein skytung dag, ...
Men ei god matmor er sola som varmar og lyser over garden. Om morgonen er ho den fyrste som stig or senga, knar ein deig, set frukost på bordet åt mannen sin, gjev han niste på vegen når han legg til skogs, og så skundar ho seg med mjølkebytta i handa til kven og mjølkar den brokute bølingen. Så bakar ho, ...Så , medan brødet svell, får ho endeleg frukosten sin, med barnet ved barmen, et ein brødbit, eller ei stekt sild, og tek seg ein slurk surmjølk or kruset. Men ho gløymer ikkje hunden, den trugne gardsvaktaren på trappa, og heller ikkje katten, som plirer svevnug borte ved omnen. - Og no styrer og steller ho att, vender seg og svingar seg, knar ein deig som ho set til gjæring i trauet, bakar han til brød, og i stride straumar renn sveiten frå panna hennar. Men sjå: når sola sig, har ho brøda ferdige, ... Og når mennene kjem frå skogen, venter det dei eit dampande kveldsmål på det kvitskura bordet. Men kvar er matmor sjølv? Der ute på tunet mjølkar ho atter sine krokhornute kyr, og i bytta skvalpar den sakte susande skumande mjølka. - Slik styrer og stellar ho, slik vender og snur ho seg; og fyrst når dei andre snorkar alt dei orkar i djupaste svevn, bed ho kveldsbøna si ved sengkanten. Og endå er det ikkje slutt på arbeidet og strevet hennar. Utan å misse tolmodet står ho opp om natta, rett som det er, nesten kvar time, og roar det vesle barnet som småsutrar i vogga. - Dette, gode brør, er den gode matmor.
( Beklager at dett ble et litt langt sitat, men jeg klarte ikke å korte det mere ned uten at innholdet ble meningsløst. Videre må jeg føye til at det ikke helt er mitt syn på ei god matmor. Ø.)
Best det var, kom det opp ein krangel mellom Timo og Juhani, og til sist vart eldstebroren mektig vreid. For Timo ville slett ikkje bøye av, men bjeffa imot med ordtak og bibelord og ille haltende likningar. Gallet tok til å koke i Juhani, augo hans gneistra, han tverrtagna, og brått rusa han opp som ein tirra bjørn mot den stae bror sin. Timo til å fly: ut på svea i berre skjorta, og Juhani etter han i same bunaden. Berre nokre steg utanfor dørstokken stogga han, men Timo trudde enno han hadde den rasande bror sin i hælene på seg, og sprang i kross og krok over den stubbute moen.
Det har slått meg at det er veldig synd at finsk litteratur er så ukjent i Norge, derfor har jeg laget denne listen, hvor jeg har tatt med finske klassikere og bestselgere som enten er oversatt til norsk, svensk eller engelsk. Mange av bøkene har jeg dessverre bare fått lest deler av, eller jeg har såvidt begynt på dem. Skal komme med mer utfyllende kommentarer så snart jeg har lest ferdig de bøkene jeg har begynt på:) Og kom gjerne med forslag hvis det er bøker dere mener burde være på denne listen^^
Dei altfor få finske bøkene i samlinga.