Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788252196191
EAN 9788252196191
Serie Septologien (III-V)
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Som i den første boken er det den indre dialogen som driver boken fremover. Det er beroligende og vakkert.
Hypnotiserande suggererande språk som driv meg som lesar frå side til side. Det er meir handling i dette andre bandet enn i det første gjennom tilbakeblikka mot Asle si barne- og ungdomstid. Tilbakeblikka gjev òg meir meining til noko av det som hender i notid og i band 1. Så kan ein framleis lure på kvifor ulike personar skal ha same namn, likne så mykje på kvarandre av utsjånad og ha like eigenskapar og bakgrunn, slik som dei to som heiter Asle og dei to som heiter Guro. Ligg det noko i tittelen på dette bandet: Eg er ein annan?
Bind 2 i denne serien er framleis ei svært spesiell leseoppleving, men framdrifta i forteljinga har  betra seg betrakteleg i forhold til del I der gjentakingar og stillstand gjorde at eg nesten lurte på om forfattaren dreiv gjøn med meg.
Det er underleg lesnad, handlinga er yttarst enkel, men noko i måten den er skrive på drar meg likevel gjennom sidene sjølv om det er svært omstendeleg. Alt stemmer på ein måte, detaljer, rekkefølge i det omstendelege. Det er kanskje denne totalen som er det meisterlege med Fosse?
For meg, sjølv oppvaksen i ei vestlandsbygd, vekkjer forteljinga mange gråmaskerte minne til live igjen. Likar det. Om hårlengder/frisyrar, prøve tobakk og alkohol, flytte på hybel osv. Han rører ved ein del djupe og tankevekkjande tema.
I starten av å lese del I tenkte eg at det blir ikkje meir Fosse, dette gidd eg ikkje. Eg har ikkje sans for desse dobbelpersonane, det måtte da finnast ein enklare måte å beskrive ulike livsløp på? Men det endra seg gjennom boka, no skal eg også heilt klart også lese bind 3 av denne 7 delte serien, Septologien.
Ok, begynner å venne meg til skrivemåten, men synes fortsatt det går for tregt.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketOg eg tenkjer at inne i alle menneske er det ei djup lengsle, for alltid lengtar vi etter noko, og vi trur at det er det eine eller det andre, det eller det, den tingen eller den tingen, men eigentleg lengtar vi etter gud, for mennesket er heile tida ei bøn, gjennom si lengsle er mennesket ei bøn
og så ser eg mot Brage som står og ser på meg med hundeaugo sine og eg tenkjer at hundar dei skjønar så mykje, men dei kan ikkje seia noko om det, eller dei kan seia det med hundeaugo sine, og slik liknar dei på den gode kunsten, for han kan heller ikkje seia noko, ikkje i eigentleg tyding, han kan berre seia noko anna og teia om det han eigentleg vil seia, og slik er kunsten og trua og hundens tause skjønsemd som eitt og det same