Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Ingen kjem upåverka frå eit møte med Tuva. Noko ligg alltid igjen: ein smittande latter, litt større sjølvtillit, ein kraftig irritasjon, ein trong til å pakke saman for dagen og dra heim til kona - eller avgjerda om å satse på draumen sin, ein gong for alle.
Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgivaren og psykologen. Tuva vil berre bli tatt vare på, men ho er ikkje så lett å forstå seg på: Korleis har ho det eigentleg med seg sjølv, og kva skjer når ho forsvinn gjennom kontordøra, ut i samfunnet igjen?
«Team Tuva» er ein roman om korleis vi påverkar kvarandre i stort og smått. Med denne boka viser Marit Eikemo verdien av fellesskap og kva enkeltmenneske kan bety for kvarandre.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788234006500
EAN 9788234006500
Språk Nynorsk
Sider 174
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Team Tuva er en fin liten bok, delt opp i flere noveller. I hver novelle møter vi hovedpersonen, Tuva, gjennom forskjellige personers øyner. Presten som skal mekke tale til hennes mors begravelse, tannlegen, advokaten, fastlegen, en kåt snekker, personlig trener, en bankansatt og psykologen hennes.
Vi møter Tuva som et komplekst menneske - engstelig, stressa, deprimert og sliten, men like så mye spontan, begeistra, ærlig og direkte. Jeg synes Tuva er en karakter det er lett å bli litt glad i. Samtidig er det mye som forblir usagt. Her møter vi Tuva gjennom andres øyner. Vi får ikke med oss mye av den indre dialogen, følelsene hun holder skjult. Vi får riktignok små glimt av dem, men noe forblir en gåte. Det synes jeg ikke er en svakhet med boka, men det gir meg lyst til å bli kjent med Tuva!
Selv om Tuva er hovedpersonen mangler det ikke på andre karakterer å bli kjent med, både de som er våre øyner inn i boka og mennesker i deres liv. De fleste novellene starter med å gi oss et lite innblikk i livet til personene som møter Tuva. De er stort sett i roller der vi bare pleier å møte dem i en profesjonell kontekst, under tidspress og med lite rom for det menneskelige. Team Tuva minner oss litt på at også disse personene er mennesker, med et like komplekst privat-, tanke- og følelsesliv som det vi selv opplever hver dag.
Dette er definitivt ei bok jeg kan se for meg å lese igjen, eller som jeg lett kunne ønsket meg en oppfølger til!
Marit Eikemo skriver gode samtidsromaner. Jeg har lest to av romanene tidligere. Nå har jeg lest Team Tuva som ble utgitt i 2021.
Det er ikke alltid jeg synes hovedpersonen i romanene til Marit Eikemo har sympatiske trekk. Men det betyr bare at jeg lar meg engasjere. Når det gjelder hovedperson i Team Tuva er det vel mer å si at Tuva er forbindelsen mellom mange mennesker. Hvem er Tuva? Jeg tenker at hun er som de fleste av oss, et menneske med flere sider. Eller sammensatt som man liker å si. Hun viser sine ulike sider avhengig av de menneskene hun møter. Hun overrasker meg stadig. Team Tuva viser at forfatteren har god evne til å observere mennesker rundt seg.
Det første kapitlet Johannes fikk meg til å tenke på hva Vigdis Hjorth sa i et intervju i 2020:
Vigdis Hjorth mener hun fint kunne ha skrevet den nye romanen Er mor død uten selv å ha et problematisk forhold til sin egen mor og familie.
Når Tuva og broren Terje møter presten Johannes til samtale i barndomshjemmet før moren skal begraves, er de er uenige om hvordan presten skal fremstille moren i begravelsen. Terje vil ha henne fremstilt som et godt menneske. Det vil ikke Tuva og viser til at moren ikke var god mot faren. Da nærmest spytter Terje ut ordet far. Det er ikke lett å bli enig om noe positivt om moren. De er uenige om det meste. Når det kommer til musikken vil Terje at Jan Teigens Adjieu skal synges. Da roper Tuva ut: «Nei nå må du faen gi deg!» Hun vil at folketonen Eg er framand skal fremføres:
«Mens Terje les teksten, har Tuva reist seg frå stolen og stilt seg ved vindauget. Terje ser opp frå mobilen til Johannes, og med eit nakent blikk stirer han ut i rommet.
Er det ikkje litt . . . ekstremt, seier han.
Det er ikkje noko meir ekstremt enn Jahn Teigen, seier Tuva.
Men mor elska Jahn Teigen, ho elska ikkje Gud! No offence, presten, seier Terje, men det var ikkje sånn at ho «lengta til Guds stad», som det står i denne teksten.
Johannes held hendene avvæpnande framføre seg, for å seie alt i orden, eg blir ikkje fornærma.
Det er ein sterk tekst, medgir han.
«Jordi eig ei den ro eg søkjer», seier Tuva: Det finst vel knapt ei strofe som seier meir om vår familie. Det har ikkje vore ein roleg augneblink for nokon av oss.
Kva seier du? Terje ser sjokkert på henne.
Det var ingen som ville ha kvarandre i denne familien! Mor ville ha far, men far ville ikkje ha mor. Du ville ha mor, men mor var berre sint på far. Eg ville til far, men far ville heller døy. Og mens eg prøvde å riste liv i far så lenge han levde, og du prøvde å dempe raseriet til mor, har eg og du skrive kvar vår historie om denne familien. Vi har ikkje lenger den same barndommen, vi har ikkje den same mora eller den same faren, og no forstår vi ikkje kvarandre lenger. Det er ein lengsel i denne songen som iallfall eg finn trøyst i, seier Tuva og gjentar «eg lengtar til Guds stad, der slutter sorgi, der turkast tåra, der ingen meir vert lagt død på båra».
Terje drar fra huset og Tuva foreslår å kjøre presten hjem. Når broren er dratt viser hun en annen side. Tuva gir Figgjo-serviset som Terje vil kaste til presten:
«*Nei, men det kan eg ikkje, seier han forfjamsa. Eg er presten, eg kan ikkje ta imot gåver frå pårørande.
For noko tull! Du høyrde sjølv kva Terje sa, han kjem til å kaste alt.
Men du må jo ha det sjølv!
Eg har eit heilt likt heime, eg kjøpte det for mange år sidan. Det er eit av dei fine minna eg har av mamma, når eg og ho sat på kjøkkenet og åt frukost eller kvelds frå dette serviset.
Hugsar du kva de snakka om?
Vi snakka nesten alltid om Disney-filmar. Det var den store lidenskapen hennar. Å?
Ja, ho kunne gått opp i kvitt eller dobbelt i Disney.
Johannes må le, folk sluttar aldri å overraske. Tuva sluttar seg til latteren hans, og han kjenner korleis floken frå tidlegare løyser seg opp.
Kva var favorittfilmen hennar?
Utan tvil Lady og landstrykaren, seier Tuva og tørkar nokre lattertårer.
Men du vil ikkje ha det autentiske serviset sjølv, det som du og mor di faktisk åt og drakk av?
Nei, det betyr ingenting, seier Tuva.
På ein augneblink har ho funne ein pose og pakka alt saman ned, rutinert og effektivt.
Åtte koppar, åtte tefat og åtte frukosttallerkar og åtte eggeglas. Figgjo-design av ypparste merke: Daisy. Ver så god! seier ho og rekker posen fram mot han på strake armer. «*
Lettlest og gjenkjennelig om mennesketyper og hverdagsproblematikk. Ingen dårlig bok dette, men den vekket ikke noe spesielt hos meg.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketViss ho ikkje kan ha slakk på noko, til dømes ha det rotete heime eller komme litt for seint til avtalar, så kjennest det som å miste seg sjølv, at det liksom er i skavankane ho kjenner seg sjølv.
Så koselig, seier Tuva, og han høyrer at ho snufsar.
Er du lei deg, Tuva?
Eg er nesten alltid lei meg, seier ho, men dette synest eg er fint å tenke på, det gir liksom litt trøyst.
At eg dekkjer på, et og drikk av serviset eg fekk av deg?
Ja, fordi ..., setningane stoppar opp for henne.
... Fordi eg tenker på deg når eg dekkjer med serviset, spør han.
Ja, er det ikkje ... litt som å sitte til bords saman?
Eg trudde vi var saman i eit langt over gjennomsnittet festleg lag, eg kjente glede og snakka fritt, men så - klart som lynet - forstod eg at eg var aleine blant dei. Og det gjekk opp for meg at det er den kjensla eg alltid har, det er sjølve livskjensla, men som eg klarer å gløyme i fellesskap med andre, eller i rus.
Kamilla må alltid bruke lang tid på realitetane når ho snakkar med Tuva, som Tuva stort sett forheld seg til som irriterande hinder i livet sitt.
Du trur eg er redd for å bli sjuk, men det er tvert imot, det er ingenting eg heller vil! Eg har vore frisk heile livet - og no orkar eg ikkje meir! Eg er utsliten av å vere frisk. Eg vil berre legge meg ned i kvite laken, i eit luftig rom, og sove. Eg vil sove så lenge det er nødvendig å sove. Andre kan ta over oppgåvene mine, det er ikkje noko heksekunst, alle kan klare det: Passe ungane mine, gå på arbeid, lage mat. Eg er ikkje det minste bekymra. Eg vil enten sove eller døy, sa ho.