2023
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Theis bur åleine og har ikkje mykje omgang med andre enn hunden Snuppa. Men Snuppa er gammal og må avlivast, og Theis tek kontakt med dottera Ruby etter fleire års stille. Ruby kvir seg for å ha noko å gjere med den tidvis alkoholiserte faren. Ho og sambuaren har dessutan lenge freista å få barn saman, utan hell, og nye møte med faren minner henne om alt det dei ikkje får til, nokon av dei. Pappa var nesten på Woodstock er ein roman om korleis oppveksten formar oss, om skam og tilgjeving. Det ei forteljing omdei forventningane ein har til seg sjølv og til kvarandre, og om korleis det ein ønskjer seg aller mest, ofte er nærare enn ein skulle tru. «Vil ha mer!» Trine Saugestad Hatlen, VG «Ane Barmen skriv med snert og humor om vanskelege familierelasjonar.» Oddmund Hagen, Dag & Tid «… en vakker og sår, til tider morsom og ja, rørende fortelling om barnet vi alle bærer inni oss.» Karoline Henanger, Klassekampen «Humor om alkoholisme, brotne familieband og ufrivillig barnløyse? Det går an, viser Ane Barmen, i si første, særs sjarmerande, bok for vaksne.» Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen «Ane Barmens voksenroman er en fin skildring av fortvilelse og håp, rusten tillit og sterke bånd.» Astrid Fosvold, Vårt Land
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788205550919
EAN 9788205550919
Språk Nynorsk
Sider 280
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
En vakker bok om et vanskelig forhold mellom datter og far. Fantastisk skrevet med godt innblikk i en ujålete virkelighet og med humor i form av det tragikomiske. Denne ble slukt!
Ruby og Bjørnar har prøvd å få barn i 1 1/2 år uten å lykkes. Rundt dem popper gravidmager opp som troll av eske.
Theis, Rubys far, har blitt aleine etter at han måtte avlive hunden sin. Ut av det blå ringer han datteren etter flere års stillhet. Ruby blir ikke begeistret for middagsinvitasjonen. Faren er alkoholiker, og hun har ikke fortalt Bjørnar om hvordan ståa er. Bjørnars familie er så normal. Han kommer antagelig til å revurdere å få barn med henne etter møtet med Theis. De er like mislykkede begge to.
Både Theis og Ruby er fortellere i denne såre romanen. Skam, oppvekst, og tilgivelse er sentrale punkter. Godt skrevet, og veldig leseverdig.
Ruby er musikklærer, men mest av alt er hun ufrivillig barnløs. Hele livet hennes dreier seg om barnet hun ikke får.
Den alkoholiserte faren, Theis, har hun ikke hatt kontakt med på flere år.
Boka handler om ufrivillig barnløshet, kompliserte familieforhold, skam og sosial klasse.
Her møter vi folk som ikke får til det de vil.
Boka er knakende god, synes jeg. Den er sår og sterk. Særlig beskrivelsene av Theis liker jeg godt, jeg heier på ham mange ganger underveis i boka, og håper at han vil få det til denne gangen. Og jeg heier på Ruby, og hennes drøm om å bli mor.
Som pårørende på rusfeltet vil jeg også si at mye av problematikken vi står i, blir beskrevet på en gjenkjennelig måte. Anbefales!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg trur at når det gjeld desse foreldra våre, må vi kanskje berre la dei vere, ikkje prøve å få dei til å passe inn i vår mal for kva perfekte foreldre er. Dei kjem ikkje til å bli akkurat det vi treng, liksom. Kanskje dei berre må gjere si greie og vi må gjere vår, men så kan vi liksom ha det OK saman likevel. Skjønar du?
Han forstår det ikkje, han som ikkje har vakse opp med det. Dei som ikkje har lært seg å synge høgt frå dei kom inn døra heime så foreldra skulle slutte å krangle før ein kom, dei som ikkje reagerer på lydar og luktar heilt ut av det blå, som gjer ting dei ikkje forstår fordi kroppen reag rer lenge før hovudet, dei ser ikkje problemet med å berre be far sin på fest
Og brystet mitt vil eksplodere, akkurat sånn det gjorde den dagen han spurde om eg ville være kjærasten hans og eh sa ja og alt låg framfor oss ned doggperler på. Det er ikkje doggperler på ting lenger. Men dei er ikkje vekke. Dei finst en plass i lufte, dogg fordampar når sola stig
Livmora mi er Sylvi Listhaug. Livmora mi har ålesundsdialekt og seier «Steng grensene, her får ingen kome og slå seg ned. Vi har den strengaste livmora i Europa. Livmora vår skal vere så lite attraktiv som mogleg å slå seg ned i. Vi må hjelpe sæden i nærområda i staden.»
Ein stad las eg at mange arbeidsgjevarar testar arbeidssøkarane sine no, store personlegdomstestar om alt mogleg, for å finne ut om dei er bra folk, om dei passar i jobben. Noko så vekkasta. Det einaste dei treng å gjere, er å sleppe ein hund inn i rommet og sjå korleis søkaren reagerer. Om dei gjev seg til å klappe hunden og snakke skikkelig til han, er det bankers, tenker no eg.
Håpet har ein tendens til å snike seg inn likevel, som den irriterande venninna som aldri skjønar at livet har gått vidare og venskapet døydd, ho er den siste att når festen er over og alle har gått heim, og ho vil på død og liv hjelpe til med oppvasken, sjølv om du seier at du klarar det sjølv, og så ender det med at siste bussen har gått og ho må overnatte på sofaen, og så er du stuck med henne.