Ingen lesetilstand
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
I denne romanen møter vi ein mann som har satsa alt. Og tapt. Vi møter hovudpersonen, juniorprofessor Geir Kinsarvik, den dagen det bryt saman for han. Vi finn han ravande desperat rundt i Bremens gater på leiting etter noe som kan setta han fri frå den smerta han kjenner då sanninga går opp for han. Romanen gir oss innblikk i den vegen som har ført Geir bort frå slekt og venner, fram til den dagen han står åleine att. Tidlegare hendingar ligg som dirrande undertonar i ein roman som skildrar ei nær fortid med realisme og overdrivingar. Dette er forfatterens første roman.
Omtale fra forlaget
Forlag Cappelen
Utgivelsesår 2005
Format Innbundet
ISBN13 9788202243142
EAN 9788202243142
Omtalt sted Tyskland Vestlandet
Språk Nynorsk
Sider 242
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Det kongelige norske arbeiderparti har promotert skulen som ein veg til sjanselikheit og det klasselause samfunnet. Det er deira utdanningsutopi. Eg skal fortelle deg kva som er det verkelege innhaldet i denne utopien. Det verkelege innhaldet i denne utopien er at talentfulle og intelligente arbeiderungar som du sjøl kjem til å svikta arbeiderklassen og det arbeidande folket til fordel for individuelle karrierar og individuell vinning. Skulen kjem til å kolonialisera og omsosialisera arbeidertalenta til impotente og mislykka etterplaprarar av middelklasseideologi. Det er skolens viktigaste bidrag.
I dag blir fleire og fleire av ungane haldne i avhengigheit og maktesløse til dei er nærmare tredve år gamle. Mange bur hjemme hos foreldra sine. Dei tærer på mor og fars tolmodigheit som gjøkungar som er blitt flygedyktige for lenge sidan, men som nektar å flyga og klara seg på eigne venger. Dei har det for bekvemt heime. Det blir ikkje stilt verkelege krav til dei. Verken heime eller på universiteta og høgskulane der dei tilbringar tida si. Dei trur dei lærer noe viktig. Men det dei lærer er ideologi som ikkje har noe å tilføre det verkelege livet som er arbeidslivet.
Alt var utan fargar, og han kraup fram frå det grå bordet, langs den grå sofaen, og over det grå golvteppet mot den grå gangdøra. I gangen fant han dei grå skorne sine, den grå dongerijakka, den gråstripete hua og dei grå polvottane med den grå refleksstripa skrått over. Og til sist det gråspragla lange skjerfet som han surra to gonger om halsen, og som likevel stakk ut under den korte grå dongerijakka og dekka det grå skrittet hans. Han kava mot den grå utgangsdøra, pressa den grå dørtrykkerten, og kom seg ut blant dei grå husa på Egne Hjem. Mens han sjangla innover i den grå snøen, blei han forbikjørt av ei rekke grå bilar. Framfor seg skimta han dei grå lysa frå smelteverket. Han visste at han var fortapt. Han ville aldri meir koma til å kunne reisa seg. Han var Lost in Legoland. Og det var berre ein ting han ville. Han ville døy.
Jeg har vært på en fin fin ferie og det ble noen ( les: flere) bokinnkjøp. Jeg har handlet mye på salg, bruktbokhandel og lignende. Jeg bare MÅ fortelle at jeg har vært på en bruktbutikk som selgte tidens billigste bøker til den latterlige prisen 1 kr!!!:O. Ja du hørte riktig!!!. Eg synest nesten at det var nesten som å si indirekte at bøker er egentlig ingenting. Jeg kjøpte der Sjelens Herre og Arsenikktårnet til 2 kr:D. Jeg angrer,angrer, angrer på at jeg ikke kjøpte novellesamlingen La stå! av Ingvild Rishøi for bare 1 kr.