Eg trur eg er i ferd med å bli fan av Edvard Hoem. Dette er berre den tredje boka eg les av han, men det skal bli mange fleire, for du verden så godt og levande han skriv.

Denne boka er ei slags sjølvbiografisk oppvektskildring. Det at den vaksne Hoem greier å leve seg inn i sin eigen barndom er ein ting, men at han greier å la lesaren til dei grader gjere det same er meisterleg. Til liks med mange andre i bygde-norge i etterkrigstida så var barndomen til Hoem prega av begrensa materiell velstand og ein del arbeid. To ting som fall litt utanom normalen var nok å ha ein far som var på reise som lekpredikant i månadar av gangen, samt å som barnsunge vere så bokflink og full av ambisjonar. Prest, meinte han det måtte høve å bli. Foreldra meinte at han skulle take over garden, han var trass alt odelsgut. Ingen av dei fekk rett, til glede for mange bokelskarar.

Boka er ikkje berre ei forteljing om forfattaren og familien hans, men også ei forteljing om eit bygde-Norge i utvikling. Folk får elektrisitet i huset, traktoren tek over for hesten, vegar og samferdsel blir betre, etc. Ein annan ting som gjorde inntrykk var den langvarige innsatsen frå forfattaren sin bestefar for å få reist eit bedehus i bygda.

Etter kvart blir guten ein ungdom, og han ser at vegen hans vidare i livet ikkje berre gjeng ut av barndomen, men også bort frå heimgarden. Snipp snapp snute, men det er fleire Hoem-bøker der ute!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Forfattaren og filosofen Henry David Thoreau fann ut at han skulle stryke til skogs og leve eit enkelt liv i pakt med naturen. Han strauk ikkje så veldig langt til skogs, så vidt eg kan sjå frå kartet er det ca 2 mil vest-nordvest for Boston sentrum, og rundt ein kilometer frå tettstaden Concord. Men langt nok ut til at han fekk ro og fred til å filosofere over livet, naturen, og menneska. Plassen Thoreau valde å slå seg til på ligg ved eit tjern som heiter Walden Pond, og derav namnet på boka. Han bygde seg ei lita og enkel hytte, der han budde i drygt 2 år, frå juli 1845 til september 1847. Boka kom ut i 1854.

Jaudå, her er mange tankevekkande og gode betraktningar i denne boka, som er lagt opp som ei samling med essay med utgangspunkt i livet i skogen. Kanskje spesielt det første, og lengste, essayet som ber tittelen Economy. Der er også mange flotte naturskildringar frå dei ulike årstidene. Likevel var det ikkje alltid at utlegningane til forfattaren fann gjenklang hjå denne lesaren. Og eg vil ikkje gå så langt som å antyde at det ligg ein dobbeltmoral i å til slutt forlate det enkle og gode livet som ein forfektar, men eg vil likevel hevde at det er meir romantisk å leve «det enkle liv» når ein har høve til å vende attende til eit meir materialistisk eit så snart ein vil det.

Boka høyrde eg som gratis lydbok frå Loyalbooks, opplesaren var flink. Undervegs i lesinga så havna eg også i ein triveleg diskusjon om m.a. vedhogst, og om korvidt Lars Mytting har latt seg inspirere av Walden.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

When I came to build my chimney I studied masonry. My bricks, being second-hand ones, required to be cleaned with a trowel, so that I learned more than usual of the qualities of bricks and trowels. The mortar on them was fifty years old, and was said to be still growing harder; but this is one of those sayings which men love to repeat whether they are true or not. Such sayings themselves grow harder and adhere more firmly with age, and it would take many blows with a trowel to clean an old wiseacre of them.

(House-Warming)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

In the savage state every family owns a shelter as good as the best, and sufficient for its coarser and simpler wants; but I think that I speak within bounds when I say that, though the birds of the air have their nests, and the foxes their holes, and the savages their wigwams, in modern civilized society not more than one half the families own a shelter. In the large towns and cities, where civilization especially prevails, the number of those who own a shelter is a very small fraction of the whole.

(Economy)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg køyrer på etter same mal som tidlegare år, med små justeringar:

  • lese minst ei bok frå kvar verdsdel
  • lese minst 2 bøker som er utgitt før 1800
  • lese minst 2 bøker som er nye av året
  • lese minst 6 bøker på engelsk
  • lese minst 3 bøker på portugisisk
  • lese bøker frå minst 2 nobelprisvinnarar som eg ikkje har lest noko av frå før
  • ha færre enn 100 uleste bøker i bokhylla ved slutten av året (113 pr 1. januar 2018)

Det er vel kanskje det å lese bøker raskare enn eg skaffar meg nye som blir største utfordringa.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dette er kanskje den mest vidløftige av Brekke sine bøker med Odd Singsaker i hovudrolla. Det startar med eit funn av eit avkappa hovud på Olav Trygvasson-statuen på torget i Trondheim. Så koblast det inn lause trådar frå førre Singsaker-bok, Menneskets natur, spesielt ei sjelden bok som har kome i Singsaker sin varetekt. Drapet i Trondheim koblast til ei liknande sak i England, og før historia er over så har ein også vært i villmarka i det nordlege Canada. Og som i fleire av Singsaker-bøkene så er der også ei parallell handling som ligg nokre hundre år attende i tid.

Brekke er flink til å sy i saman gode krim-historier, eg kan ikkje seie anna. Og sidan eg har budd i Trondheim i fleire år så er det spesielt kjekt og levande å lese den delen handlinga som er lagt til denne byen. Det er ikkje alt som skjer som er like realistisk, men realistisk nok til å halde spenningsnivået oppe hjå denne lesaren. Forfattaren er også snill nok til å la ein person som i utgangspunktet er ein skurk bli til ein slags helt i denne forteljinga. Er det ein trend i tida? Jo Nesbø gjorde noko liknande i Tørst.

Jaudå, Singsaker er famleis på «må ha»-lista, i den grad det måtte kome fleire bøker om denne politietterforskaren. Og det vonar eg at det gjer (jaudå, eg veit om og har lest Avgrunnsblikk, men eg tenker på bøker etter den). Og for ordens skuld, i tilfelle nokon lurer: Nei, eg trur ikkje det er naudsynt å ha lest Menneskets natur for å få fullt utbytte av Paradisplaneten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Første bind av ein breidt anlagd trilogi om ei familie i Kairo frå om lag 1917 til 1944. Trilogien er også langt på veg ein leksjon i Egyptisk historie frå denne tida.

Mellom to slott startar imidlertid nesten som eit kammerspel, halvparten av boka gjeng med til å presentere patriarken Ahmed Abd el-Gawwad, dei ulike medlemmene i kjernefamilien, og dei daglege gjeremåla deira. Ahmed er ein god kandidat til verdsmeisterkapen i dobbeltmoral, han og tre kompisar brukar å halde livlege festar om nettene, med sprit, dop og horer, medan han på dagtid er ein streng og gudfryktig famliefar som krev prikkfri oppførsel av familien sine øvrige medlemmer. Og for damene i huset så betyr prikkfri oppførsel mellom anna å halde seg innandørs og ikkje vise seg i vindauget.

Etter kvart trer også den politiske situasjonen i landet tydelegare fram. Landet er under engelsk okkupasjon, men det har vokse fram ei sterk nasjonalist-rørsle. Fridomstrangen leier til demonstrasjonar og streikar, og det kjem til krigsliknande handingar, omtala som Den egyptiske revolusjonen i 1919. Dette får dramatiske konsekvensar for el-Gawwad-familien.

Grei bok, litt langdryg til tider, men med knakande gode personkarakteristikkar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forfattaren Jeremy Garnet let seg overtale av venen sin, Stanley Ukridge, til å bli med på å starte opp ein hønsefarm i Dorset. Ingen av dei har peiling på hønsehald, men Ukridge er overtydd om at dette må vere ein kjapp og enkel måte å tene seg styrtrik på. For høner legg egg kvar dag, av egg kjem det kjuklingar, og innan kort tid vil ein ha ein stor hønseflokk som kan produsere fantastiske mengder egg til daglegvarehandelen, heilt av seg sjølv. Det er berre å lene seg bakover i stolen og kike på at pengane strøymer inn.

Det er sjølvsagt ikkje slett så enkelt, noko karane finn ut ved dyrkjøpte erfaringar. Plottet nærmast skrik etter morosame og katastrofale situasjonar, og der er ein del av det. Wodehouse kunne kanskje ha tøyd denne strikken enno lenger, men komikken ligg vel så mykje i den tørrvittige dialogen som i sjølve situasjonane. Som tittelen antyder så er der også ei lita kjærleikshistorie med i forteljinga, det er Garnet som blir forelska i ei ung dame, og framgangsmåten hans for å imponere den komande svigerfaren er slett ikkje å anbefale.

Eg høyrde denne som gratis lydbok på Loyalbooks, opplesaren var framifrå. Eg liker godt dei humoristiske bøkene til Wodehouse, og kjem nok til å prøve å få med meg ei for året eller der omkring.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ukridge knows nothing about fowls. I know less. He considers it an advantage. He says our minds ought to be unbiassed.

(Chapter VII)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"I was reading your last book the other day."

"Yes?" I said, gratified. "How did you like it?"

"Well, as a matter of fact, laddie, I didn't get beyond the third page, because the scurvy knave at the bookstall said he wasn't running a free library, and in one way and another there was a certain amount of unpleasantness. Still, it seemed bright and interesting up to page three. …”

(Chapter II)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Her i garden blei det 74 bøker i 2017, det er i øvre del av det som har vært normalomfanget dei siste åra. 57 av bøkene var på papir, 17 var lydbøker. Meiner sjølv at eg har lest brukbart variert, sjølv om ei stor overvekt av forfattarane er norske menn. Berre 13 av bøkene eg las hadde kvinneleg forfattar. 35 av forfattarane var heilt nye bekjentskap for min del.

Eg fekk også lest bøker frå alle kontinent, men berre fordelt på 19 land. Fordelinga blei slik:
Norge (27), USA (11), Storbritannia (8), Danmark (4), Frankrike (4), Italia (4), Egypt (3), Finland (2), Austeriike (1), Australia (1), Brasil (1), Færøyane (1), India (1), Island (1), Japan (1), Portugal (1), Russland (1), Sverige (1), Tsjekkia (1).

Fordelinga i kor gamle bøkene er er kanskje det eg er mest nøgd med. 28 frå 2000-talet (derav 2 frå 2017), 20 frå tidsromet 1945-1999, 16 frå tidsromet 1900-1944, 8 frå 1800-talet og 2 frå før 1800.

Eg har også lest klart flest romanar, 46. Krim/spenning 7, Annan sakprosa 7, Novellesamlingar 4, Biografiar 3, Humor 3, Reiseskildringar 3, og ei lita diktsamling.

Forfattarar eg las meir enn ei bok av: Kåre Holt (3), Naguib Mahfouz (3), Jørgen Brekke (2), Frances Hodgson Burnett (2), Edvard Hoem (2), Jack London (2), Jo Nesbø (2), Martin Andersen Nexø (2), Mark Twain (2), Kjartan Fløgstad (1 ½ )

Eg satte også opp ei liste over nyttårsforsett for 2017 i fjor på desse tider. Det aller meste gjekk i boks.

Alt i alt er eg, som deg, nøgd med leseåret som gjekk.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

På tide å krysse av for korleis dette gjekk:

  • lese minst ei bok frå kvar verdsdel OK
  • lese minst 2 bøker som er utgitt før 1800 Det blei 2. OK
  • lese minst 2 bøker som er nye av året Også 2. OK
  • lese minst 6 bøker på engelsk 16. OK med god margin
  • lese minst 6 bøker på portugisisk 1. Alt for lite.
  • lese bøker frå minst 2 nobelprisvinnarar som eg ikkje har lest noko av frå før 3. OK.
  • ha færre enn 120 uleste bøker i bokhylla ved slutten av året (121 pr dato) Status er 113. OK.

Seks av sju er ikkje så verst. Seier meg nøgd med dette.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei sjarmerande foteljing om ein stor søskenflokk i Australia på 1880-talet. Eldstejenta er 16, mora døde medan Baby, no 4, var liten, og faren gifta seg oppatt med ei ungjente og der er no eit nytt spebarn i huset. Sistemann blir berre kalla Generalen. Far er kaptein i hæren og er stort sett opptatt med det, stemor er 20 og har forholdsvis lite autoritet over ungeflokken. Dermed ligg alt til rette for sprell og fanteri.

Jaudå, der var ein del skøyarstrekar. Men ikkje heilt på nivå med Emil i Lønneberget, for å ta eit eksempel. Boka skildra samhaldet i søskenflokken ganske fint, og når ei av jentene må reise bort så fører dette til dramatiske hendingar, der søskenflokken i fellesskap prøver å berge situasjonen. Forfattaren har også lagt inn ei tragisk hending på slutten, denne blei i overkant melodramatisk etter min smak.

Eg høyrde denne som gratis lydbok frå Loyalbooks. Opplesaren gjorde ein flott jobb. Boka har for øvrig også blitt omsatt til norsk, og gjeng for å vere ein klassikar innan australsk barnelitteratur.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"WASN'T I hungry!" Bunty said. His mouth was full of toast, and he was slicing the top off his fourth egg and keeping an eye on a dish that held honey in one compartment and clotted cream in another.

(Chapter XV)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

" ... Children, I have bad news for you."

There was a breathless silence. Everyone crowded round her knees.

"Sentence has been proclaimed," said Judy dramatically: "let us shave our heads and don sackcloth."

"Your father says he cannot allow such conduct to go unpunished, especially as you have all been unusually tiresome lately; therefore: you are all--"

"To be taken away and hanged by the neck until we are dead!"

"Be quiet, Judy. I have tried my best to beg you off, but it only makes him more vexed. He says you are the untidiest, most unruly lot of children in Sydney, and he will punish you each time you do anything, and--"

"There shall be weeping and gnashing of teeth."

(Chapter III)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Historia eg tenker på var opphaveleg skrive som skodespel, som roman kom den ut i 2008. I tillegg har den vært sendt som radioteater, satt opp som opera, og filmatisert. Forfattaren har fått ei mengde utmerkingar for boka, mellom anna Nordisk råds litteraturpris.

No er ingenting av dette nokon garanti for at det er ei bok som vil slå an i lesesirkelen, men det kunne vere moro å finne ut av det. Derfor foreslår eg Utrensking av Sofi Oksanen som neste lesesirkelbok.

Boka handlar om kvinneskjebner i Estland under og etter den andre verdskrigen, og etter jernteppefallet rundt 1990. Stort meir veit eg ikkje om den, men av 308 bokelskar-terningkast (oops, har «alle» lest den frå før?) så har 101 (33%) landa på 6, og 148 (48%) landa på 5.

I tilfelle ein treng fleire påskot for å velge denne boka; her er to til:

Finland feira nyleg 100-årsdag som sjølvstendig nasjon. Vi kunne velge denne boka som ein gratulasjons-gest

Sofi Oksanen fyller 41 år same dag som fristen for å legge inn forslag. Nok ein gratulasjons-gest.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Har lest Hunden av Ekman. Absolutt ein forfattar eg fekk lyst til å lese meir av.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vi er destillatet av det som er gått galt i samfunnet. Hvordan skulle vi kunne skape noe nytt og annerledes?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Når dei må rime på rim, så gjeng dei i stim
Skal dei rime på trestokk så gjeng dei i flokk

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Kattepotenes gjerniger", kanskje?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Hilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiTove Obrestad WøienAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikKirsten LundAnniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv Rønstad