Har nettopp kontakta biblioteket, og dei meinte dei skulle greie å skaffe den om nokre dagar. Så då må eg berre vente og sjå…
Hei- til deg og alle andre som kosar seg med ei god bok!
I vår del av landet har det storma ganske godt ei stund, men no ser det heldigvis ut til å gi seg.
Så då er det lettare å nyte Tabita av Iben Mondrup! Boka er god, sjølv om det er andre gongen eg les den. Skal diskutere i lesesirkel om ikkje så lenge. Ein god del å ta tak i der…
Når den er fullført, så ligg «Koke bjørn» klar - også den skal lesast for andre gong. Gler meg til å ta fatt på den også!
Ha ei retteleg god helg der du er! :)
Hei!
Har lyst til å delta i denne felleslesinga! Har sett litt på kva de har skrive om den forrige boka, det er nesten så eg får lyst til å lese den også!….
Når det gjeld forslag til Ev, har eg fundert litt, og fleire gode bøker kunne eg tenke meg å lese saman med lesesirkelen.
No enda eg med ei bok eg har lese før, men som kan lesast igjen og igjen, nemlig Med livet foran seg av Emile Ajar.
Det er ei bok med godt, engasjerande innhald, og som har vunne prisar…Ei av dei bøkene som har selt mest i Frankrike…..
….»han gjorde som medisinane. Først kurerte han oss, så kom biverknadene, og no har vi det mykje verre enn før.»
Et par sølvfargede briller omfavner de blå øynene.
Tiden flyr og årstider, ukene og månedene,og året. Men sånn er det nå en gang.
Denne helgen har jeg har jeg planer om å lese /se i kokebøker,prøver å bli litt flinkere til å få inspirasjon til å lage variende mat. Kjøpte en av,Ida Gran Jansen,Kjempegodt og Elisabeth Le.Alt Asiatisk .
Ellers blir det å begynne en krim,Jenta ved broen av Arnaldur Indridason,spennende islansk forfattter,har lest noe av han tidligere.
Hei!
Eg sit her og er kjempeglad for at forma mi i dag har vore perfekt for ei god bok!
Sit med Dei vaksnes løgnaktige liv av Elena Ferrante. Henta den på biblioteket i dag, og har alt kome langt inn i romanen som skal diskuterast i ein lesesirkel eg deltek i. Ser fram til det…
Det er godt å sitte inne i det forferdelige uveret som herjar i vår del av landet- har det godt og varmt og fint på alle måtar!
Ynskjer deg og alle andre bokelskarar ei god helg!
Eg likte boka godt, eg! Var så glad då eg fekk låne den av ein ven, og glad for at eg fekk bruke god tid på den, slik at eg kunne legge den bort innimellom!
For meg var var romanen nesten som ein litterær konfekt - sjokolade som smakte godt, men som måtte nytast i små porsjonar!
Men - slik er det med all litteratur: Vi opplever den forskjellig - og godt er det! :)
Ungtaustene mognar når dei kjem i lag med jamnaldringar
Hei! Håper det kjem inn fleire forslag- trass i at eg held meg passiv denne gongen. Det kan tenkjast at eg greier å delta i felleslesing av den boka som blir vald, det får vise seg….
Håper å kome sterkare tilbake seinare!
Eg kom så langt at eg henta boka fram- men, dessverre fekk eg store helseproblem, dermed ligg boka uopna. No trur eg at eg berre legg den tilbake sjølv om Murakami er ein av mine favorittforfattarar…..
Håper eg kan bli med på neste felleslesing :)
Leselysta mi har vore svært amputert av div årsaker…så no tok eg fram ein krim Gjemsel av Jan-Erik Fjell.
Til no har den vore litt uryddig, men trur kanskje den kan gi meg leselysta tilbake.
Har mange gode bøker som ligg på vent.
Når mørketida kjem om hausten er det kjekt å kunne kose seg med godt lesestoff!
Synes høsten er en fin tid, håper vi enda får mange fine soldager,da blir ikke vinteren så lang.
Denne helgen har jeg kjøpt meg kokebok,så jeg skal lese og prøve ut litt forskjellig etterhvert.
Kjempesmart Helt enkelt av Ida Gran Jensen.
Luftfuktigheten fikk det til å kjennes som om selve luften svettet.
Er så enig med deg-dette er ei stor bok..på alle måtar! Det er stor litteratur, reine sjokoladen for ein bokelskar!
Flott at du tok på deg «vikariatet» - det er kjekt med denne helgetråden, kan gå litt lesetips her..
Eg har nettopp avslutta JENTE A av Abigail Dean. Eit tragisk familiedrama som gjorde stort inntrykk! Fekk låne romanen av ein ven, og er glad for at eg kan levere den tilbake!
Det er nesten ufattelig at born kan halde fram etter ein slik oppvekst!
Kva eg kjem til å lese meir denne helga er eg usikker på. Har to som ligg halvlest, og som eg faktisk likte godt medan eg las dei..Har også mykje som eg trur er bra som ligg og freistar i bokhylla! Noko blir det heilt sikkert, sjølv om sola skin på ein flott augustdag her i nordvest.
Ha ei god helg!
Murakami er ein forfattar som har skrive mykje bra, ein eg likar svært godt!
Eg har fundert på kva eg skal foreslå, og nokre av dei nye bøkene mine kunne godt ha eigna seg til ein diskusjon, ma «Årene» av Annie Ernaux og «Olive igjen» av Elizabeth Strout.
Så oppdaga eg plutselig at Purpurfargen av Alice Walker har kome i ny utgåve i år. Den boka gjorde sterkt inntrykk på meg den gongen eg las den- den er også filmatisert!
Trur den tåler å bli lest igjen!
Så- den blir mitt forslag!
Hei!
Eg greidde ikkje å stanse meg, viljestyrken er svak når det gjeld bøker.
Så eg skaffa meg Becks siste sommer av Benedict Wells.
Las at den skulle ha litt humor, og akkurat det hadde eg behov for no.
Har ikkje lest mange sidene, men trur kanskje eg kan få litt moro.
Ha ei god helg!
Ser ut som om det er ein praksis eg ikkje har vore obs på før…eg sjekka ei av mine bøker hos Norli, og der var det linka til min omtale på Bokelskere…ikkje berre min forresten, det var fleire som hadde omtalt same boka. Spørs om Norli har fått ein avtale med Bokelskere…alt er kommersielt no for tida …(red)
Red igjen: Under stjernene som er gitt på Norli står Bokelskere oppgitt som kilde: Sitat:
Kilde: bokelskere.no. Terningkast 5 og 6 er slått sammen til 5 stjerner. Se lesernes omtaler av denne boka.
Eg skaffa meg romanen fordi eg hadde fått i gåve hennar neste bok; «Elskeren» - og tenkte det kunne vere greit å lese denne først..men, det har sikkert ikkje noko å bety.
Eg likte deler av boka, Flood skildrar godt tilstanden til Sara, men den store spenninga gav den ikkje meg. Måtte lese alt, likevel.
Kanskje romanen skildrar einsemd meir enn granskinga av ei mordsak. Ikkje akkurat kjedelig, men delvis stilleståande?
Som deg vurderte eg å gi terningkast tre, men enda på 4.