Idelfonso Falcones kan skape spenning og gripande historier, men verdifull litteratur blir ikkje dette. Ganske bleik mot Sigrid Undsets bøker frå den same epoken.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Forfattaren seier sjølv at den andre delen av boka er "personlige refleksjoner i essayform over tekster fra Bibelen selv", og det er på dette planet ein lyt vurdere verket: Boka er nemleg så godt som utan kjeldetilvisingar, og ein kunne ha venta at ei sterkt religionskritisk bok hadde gått inn i religionsvitskapleg forsking. Men Lindviksmoen skriv personleg forma essay, til dels velskrivne (bortsett frå feil bruk av semikolon), og skarpe i nettopp tankegangen. Særleg refleksjonane "Det gode og det onde" og "Tro og overtro" er klare og logiske og fortener å bli lesne og diskuterte. Derimot kan eg styre meg litt for framstillinga av korleis mytane oppstod - ikkje det at eg ikkje er einig i mykje av det han skriv, men den litterære verdien av desse tekstene, med allusjonar til vår eiga tid, kunne ha vore høgare.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så vakker, så mystsik, så varm.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, ein imponerande roman. Rommar alle ingrediensane frå epoken han vart skriven i.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

To artiklar som byggjer på eit seminar om Vergil - Peter Zeeberg: "Virgilian Imitation in Johannes Pratensis' Latin Pastoral 'Daphnis' (Copenhagen 1563)" og Mathilde Skoie: "Didactic translation: The first Scandinavian translation of the 'Eclogues': Peder Jensen Roskilde, 'Bucolica' (1639)" - er dei mest interessante i nr. 83 av "Symbolae Osloenses", sjølvsagt ved sida av Pär Sandins bidrag, "Herodotus, Dionysos, and the Grek death taboo.'The Homeric Hymn to Demeter' and the construction of the 'chtonic' in Greek literary tradition". Ikkje akkurat blåbær, altså. Eg liker å følgje med i dette tidsskriftet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, eg har berre lese OM ho. Slektningane mine klarte seg visst betre enn desse her. Eg kjenner David Mauk, som har forska ein del på miljøet i Brooklyn. Mykje ein skulle ha teke fatt i.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du skal lese ditt liv. Denne boka har eg hatt i bilen for lesing når eg ventar på noko eller nokon (så har eg lydbok når eg køyrer aleine og mp3-bøker til eg skal gå i butikkar og trene). Interessa mi for historia åt dei mange nordmennene som drog til USA og Canada er stor; her blir fakta kring utvandringane presenterte. Ei av tantene mine på farssida og mannen hennes var blant dei som gjekk gjennom portane på Ellis Island tidleg i 1920-åra for å bu og arbeide i Brooklyn. At hjartet stansa den dagen dei skulle dra heim att for godt, førti år etterpå, seier sitt. Ein slektning på morssida er kanskje blant dei mørke tala med utvandrarar, dei som ikkje kom med i offisielle statistikkar. Og Mørkhagen legg fram alt frå starten av vii Cleng Peerson, toppane i slutten av 1800-talet, nedgangen i mellomkrigsåra og sørlendingar i 1950-åra. Også utvandringa i skjønnlitteraturen er med - bra! Forfattaren har fått kritikk for ikkje å forske sjølvstendig, men leggje fram det andre har funne før, men riktig så gale synest eg ikkje at det er. Derfor ventar eg på framhaldet, om innvandringa.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ikkje heilt så ein blir riven med alltid, og skriven ut frå eit anna grunnsyn enn mitt, men full av relevant informasjon og tolkingar som vel kan diskuterast, men som er til hjelp i det store orienteringsløpet i verdslitteraturen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mellomalderen er fascinerande - frå Bysants til tidlege japanske romanar! Og innimellom der arabisk, iransk (med Hafiz), indisk, slavisk og kinesisk. Slaviks blir ikkje her rekna som del av det europeiske faktisk. Litt lite om Bysants, synest no eg, men greitt om alle variantar av europeisk litteratur (Dante, ættesoger, trubadurar, heltedikting ...).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det var merkeleg korleis denne boka greip meg - stemninga, språket, miljøet, personane (og forholdet mellom dei!) - og framfor alt: komposisjonen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Elena Poiatowska har forfatta brev som målaren Angelina Beloff skreiv til den meir kjende Diego Rivera - som aldri svara. Inderleg og varmt om ho som stadig elskar. Brevromanen lever! Her er poenget at svarbreva manglar ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg las boka for over førti år sidan, men stemninga sit der framleis. Gleder meg til å ta fram romanen på ny.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Relativt grundig innføring i antikkens litteratur, med Mesopotamia, Egypt, Iran, India, Kina og Japan før 500 e.Kr. på kjøpet - og "Kristus", ja: Dei bibelske tekstene er behandla som litteratur, den vestsemittiske.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, neppe. No vil vel dei fleste som har lese "Ut og stjæle hester" over neste bok, for det går vel knapt an i Noreg i dag å skrive ein betre roman enn denne hesteboka. Eg har ikkje lese noko om denne Arvid før, og burde kanskje ha gjort det før eg uttalte meg, og eg skal gi Petterson ein sjanse, men akkurat no har eg ei kjensle av å vere skuffa over elveboka, ja.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, men det får halde med den eine gongen for nokr eår sidan - har ikkje fått lagt inn alle bøkene enno, ser du.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For en underlig Sky. Den ligner en Hest. / Der er Mand paa med, - og Sadel - og Grime. - / Bagefter rider en Kjærring paa en Lime. / Det er Moer. Hun skjælder og skriger: dit Bæst; [...]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Peer, du lyver! / Nej, jeg gjør ej! / Naa, saa band paa, det er sandt! / Hvorfor bande? / Tvi; du tør ej! Alt ihob er Tøv og Tant!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Faer hans var fordrukken, og Moer hans er laak. / Ja, saa faar en ikke undres paa at Gutten blir et Drog.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Også retorikken må brukes slik at den alltid tjener rettferdigheten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg tror faktisk at både jeg og du og alle andre anser det å gjøre urett for å være verre enn det å lide urett og det ikke å få sin straff for verre enn å bli straffet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tore HalsaKirsten LundPiippokattaRisRosOgKlagingKjersti SLilleviDemeterTanteMamieAlice NordliritaolineAnneWangnefertitiKathrineStine AskeStein KippersundIngunn ØvrebøGroKaramasov11GladleserBjørg L.Beathe SolbergbrekToveHallgrim BarlaupChristofferHanneAstrid SæverhagenStig THeidiBerit RHarald KPernille GrimelandEmil ChristiansenMorten MüllerVannflaskeKaren RamsvikTine SundalEster SLisbeth Marie UvaagEivind  Vaksvik