Kva heite forfattaren?

Han omtalte seg sjølv som Buddhist Den han delte nobelsprisen med var den første til å få Nordisk råds litteraturpris. Påverka av Tolstoj, Kipling og Conrad Hans mest kjende diktsamling heiter Aniara og kom ut i 1956

Muligens vanskeleg - eller nei, har trua på dykk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Intressant, dette er eit tema eg har tenkt på lenge, men då litt meir knytt opp til kvinnlege og mannlege forfattarar. Det kan forstås at menn leser bøker skrevne av menn for å identifisere seg med den mannlege hovudpersonen (trad. sett) og på den same måten hjå kvinner. Det eg vil stille spørsmål til her er i kva grad ein skal identifisere seg med hovudpersonen i boka, er ikkje det eit poeng innanfor litteraturen at ein skal sjå ting frå ein annan vinkel? Er ikkje det med på å skape ein breiare forståelse for littteratur. Ville det ikkje nettopp vore meir intressant for ein mann og lese ein roman skreve av ein kvinne? Kanskje han ville forstå meir av ei bok han ikkje klarte å identifisere seg heilt med? Enkelte gongar har eg hatt eit bevisst val om å lese meir bøker skrevne av kvinner, for så å kunne forstå litt meir "den andre vegen". Eg trur at forståelsen er sentral i litteraturen og at det kan vere ein fordel å sette seg inn i ein annan tenkande persons bidrag, om personen er av det motsatte kjønn eller av ein annan oppfatning eller av ein annan ideolgisk bakgrunn. Det kan sikkert høyrast ut som at eg driv med kjønnskvotering innanfor litteraturen, men for min eigen del er det meir kjønnet på boka som betyr noko og ikkje forfattarens kjønn.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Oi det må eg sei, rekord! Trur ikkje eg slår den men vart freista til å prøve.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Min favoritt innanfor biografi-sjangeren er Øistein Parmann si bok om Marcello Haugen. Boka handlar om den klarsynte nordmannen Marcello som budde på Lillehammer, boka gjengir vitneforklaringar frå dei mest utrulige spådommar. Sjølv forutsåg han sin eigen dødsdag, han tjente seg rik på Casino,osv. Eg er heilt sikker på at den mest kristiske person vil bli lamslått etter dei forteljingane som kjem fram her..

Ellers Anders Heger sin biografi om Agnar Mykle. Lahlum sin Amerikanske Presidenter og Tore Rem om Bjørneboe.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mange gode titlar frå John leCarre, min favoritt er

Thinker,Tailor,Soldier,spy = Muldvarpen

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg må no seie at ein signatur i frå Gerhardsen står meget høgt, av rimleg nok grunn kan eg aldri oppnå den. Men takk takk, eg var meget nær å få Andre Brink sin signatur men hadde ikkje ei bok av han tilgjengeleg.. Helsing; "prøver igjen"..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Liste over fleire bøker der titlane er like, spennande å sjå kor mange ein kan kome med. Bidra for all del!


Godt sagt! (10) Varsle Svar

Kom foresten på ei bok som på engelsk heiter Golfing for Cats skreve av Alan Coren, illustrasjonen viser ein katt som spelar golf på ei bane med Naziflagg. Boka er basert på ein undersøkelse om kva folk likar å lese om; svaret vart "utrulig" nok Nazisme, golf og kattar. Men for dei lesarane som hadde forventningar om å lese om desse temaer skuffa han nok, boka handlar riktignok ikkje om noko av dette, kunn eit salstriks.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Liste over gode bøker under 100 sider. For deg som gremmest over å lese mykje men som så verkeleg vil.

Kommenter og legg gjerne ut dine bøker med like snevert sidetal..


Godt sagt! (20) Varsle Svar

Mange av dykk har lest Dag Solstad. Han er for meg ein av dei verkleg store innanfor litteraturen. Mange av dykk har nok også lest boka Gymnaslærer Pedersen... om ikkje har dykk sikkert sett filmen. Eg hadde ein oppleving her for ikkje mange dagar sidan, eg satt å las Solstad sin "Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige" eg har lest den før men fekk lyst å lese han endå ein gong. I denne boka som ikkje er så kjent som mange av dei andre bøkene hans tek han opp sin eigen bibliografi. Han tek blant anna opp ei scene i GP som ikkje er å finne på filmen der Pedersen syklar på vatnet. I første omgong har eg nok tatt dette som ein kuriositet, men no slo det meg at dette "er" ein allegori som satirisk understreka den kommunistiske revolusjonsutopi på 70-talet. Her handlar det om ein røysle som er så radikalt organisert både politisk og ideologisk at den dukkar under. På same måte som når Jesus "gjekk på vatnet" så er dette refererande på same måte, men med Solstad så går det litt fortare i og med at han syklar. Slik forsterkar han ironien i heile organisjonen som kan tilnermast den metafysikk vi finn i Bibelen. Genialt Solstad!

Kommenter gjerne, dette var mi tolking, treng fleire..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har abselutt eit problem når det kjem til lesing, eg må lese noko kvar einaste dag, det er ikkje uvanleg at eg lese opp til fleire bøker om dagen. Kanskje er det tvangstankar, uansett så slutta eg på skulen for å lese bøker, (2009) eg leste då på eit år 2000 bøker, dei talte eg opp medan eg las og vart meir og meir gira på å lese meir. Til vanleg bruka eg ikkje bokmerke, eg blir berre sittande til boka er ferdig, er boka kjedeleg må eg likevel lese den, av og til kan eg våkne opp sittande i godstolen i stova med ei bok i fanget og ein bunke med bøker ved siden av meg. Eg er på biblioteket tilnerma kvar dag og har per dags dato ca: 80 bøker på lån. Eg får nesten ikkje sove lenger, eg må ha lest nokon bøker. I tillegg har eg nettopp fått vite at eg har ein uoffisiell noregsrekord i antall bøker på eit år, noko som berre triggar meg til å fortsette, å lese bøker er vel noko positivt men det og har vel sine grenser. Er det noko eg kan gjere? kan eg fordjupe meg meir innanfor eit tema av litteraturen eller skal eg berre fortsette ein gal manns ferd mot nye bunker med bøker. Eit anna spørsmål er kva ein eigentleg skal med det, ikkje meininga å fornerma nokon, eg tek det hardt sjølv. Er det eit utviklingspotensiale utanfor bokpermane? Kan eg lindre abstinensane med ein annan form for litterær fordjuping? Håpar nokon vil svare, sluttar her. Må lese.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dystert og genialt som Tor Ulven..

Vi nedstammer fra steinene

og vender tilbake til dem.

En åpen runding, som bekkenets. Et skrik slår buen mellom morgen og kveld.

I noen steiner kan du, når solen står lavt, se rester av de dødes smil.

Eller kraftfult og radikalt som Arnulf Øverland

Stryk kristenkorset av ditt flagg og heis det rent og rødt og ikke ty deg det bedrag at frelseren er født og vil du ikke dø som trell så for du sagtens fri deg selv

eller autentisk og trivielt som Jacob Sande

Han Simo i støa og katten var mette av alder og år og båe var redde for vatten og båe var mest utan hår og ettersom åra tok ende så tenkte vel kallen med seg at her er det tryggast kan hende og fyrst sende katten i veg han prøvde med mange slags greier fra olja i pipa til kniv men etter som røynde folk seier har katten fleirfoldige liv han gjorde sitt ytterste kallen på det å bli katten sin kvitt, til dess han fekk satt seg i skallen å prøve med blank dynamitt. Han kjøpte patrona på bua med lunte ta likast sort og rusla så heim i den tru at no var det endeleg gjort....etc.

Jan Erik Vold er selvfølgeleg ein av favorittane. Om det skal nemnast fleire vil eg ta med Paal Helge Haugen, Helge Rykkja, Ivar Orgland, Bukowski, Derek Walcott, Allen Ginsberg, Helge Torvund m.fl.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Må berre kome med Dag Solstad-titlar..

Forsøk på å beskrive det ugjenomtrengelige roman 1987 ellevte roman, bok atten 25. septemberplassen 17. roman 16.07.41 Arild Asnes 1970

også Arild Nyquist

Løp Johan, vent (Brannen) Frakken tegner og forteller På Geilo, sa Tom ? Romanen Novellen

Kanskje ein av dei mest geniale og paradoksale tittel, er frå ei historiebok skreve av Olav Riste, den handlar om Norges "nøytralitet" under krigen; The neutral alley.

Fortsettelse Tilværelsens uutholdelige letthet av Milan Kundera Uranophilia og Grøftetildragelsesmysteriet av Thure Erik Lund Trur du på Lyng? av Helge Rykkja Jeg forbanner tidens elv av Per Petterson (Mao sitat) Bløtkakemannen og Apachepikene av T.Å.Bringsværd Roger, Gult av Espen Haavardsholm Musikk gjennom gleng tusen fjordar, tusen fjell av Edvard Hoem Jobben min er å tette hullene i tilværelsen av Jon Ewo Så kom den snikende katten av Gunnar Lunde Gjensyn fra ein fortid av Finn Carling Mor godhjertas glade versjon, Ja!, og Elg av Jan Erik Vold Sauermugg av Stig Sæterbakken Sa ka la og Blod, steinen er av Jon Fosse

Etc...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Samla på Terje Stigen, Arild Nyquist, Ivar lo Johansson, Odd Eidem og Dag Solstad... Samla vel eigentleg på det meste av bøker eigentleg men her er det nokon som skil seg ut.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja her er mine signerte bøker, berre norske forfatterar, men det er ikkje forseint!

Jon Fosse - Stengd Gitar, Melancholia I og II, Prosa frå ein oppvekst, Det er Ales, Gnostiske essays Ragnar Hovland - 1964 Rolf Sagen - Samuel Eydes siste tid Einar Økland - Skrivefrukter, I staden for roman eller humor, I tilfelle nokon spør Øystein Hauge - Grønt!, Fotografi av to som dansar

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Andvake er ei utrulig historie med ein gjennomtenkt takt nærast eit musikkstykke med pauser og gjentakingar, der dei grammatiske reglane må vike for kunsten. Her har Fosse med sin enkle form tatt oss med inn i ein allegori utan jåleri og pynt. Men likevel eit flott bidrag til kresne lesarar. Personleg synest eg at s.27-28 er geniale, og at Fosse generelt er autentisk og ikkje kjedeleg...

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Kunne eg tilføye: Mønsteret rakner av Chinua Achebe?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

LailaAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolsiljehusmorBeathe SolbergGro-Anita RoenKirsten LundAnne-Stine Ruud HusevågBenedikteAstrid Terese Bjorland SkjeggerudIngunnBerit RIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenThomas KihlmanTor-Arne JensenAnniken LOle Jacob OddenesHarald KAnette SRavnEster SStig TMalinn HjortlandAud- HelenHeidi BTheaTuridmajaBente L.RufsetufsamgeTor Arne MyklebustSilje-Vera Wiik ValeRolf IngemundsenTherese Holm