Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine. Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.’
[Luk 15,4-7]
Salt er ein god ting. Men mistar saltet òg si kraft, korleis kan ein då, korleis kan ein då gjera det salt att? Det duger verken i jord eller gjødsel, dei kastar det ut.
[Luk 14,34-35]
VI.12.IV Lykken smiler til Mitja
Ei rettssak er i grunnen ein fin måte å stille ting i relieff på. Neste vitne er Aljosja. Særleg spennande er ikkje denne delen av rettssaka; kapittelet ville neppe ha vorte direkte overført i fjernssynet. Ennå står «pengebeviset» sentralt, også i avhøyret av Katerina Ivanovna og Grusjenka. I ei rettssak lyt alle gjere greie for seg og lyt rekne me då bli stilt til veggs. «Din gjerning skal vitne for deg» står det hos Øverland.
«Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. Då sa han til gartnaren: ‘No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?’ ‘Herre, lat det få stå dette året òg’, svara gartnaren, ‘så skal eg grava kring det og gjødsla det; kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»
[Luk 13,6-9]
Fort lest og fort glemt er jeg redd
Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og dn som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.
[Luk 12,48]
For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.
[Luk 12,34]
Kven av dykk kan med all si uro leggja ein alen til si livslengd?
[Luk 12,25]