Hadde eg fått høve til å fordjupe meg i ein annan litterær periode enn antikken, ville eg ha valt renessansen. Her står vi midt oppe i store endringar – ei gammal og ei ny tid står overfor kvarandre på alle område: Europearane kjem til nye land, antikkens ideal blir levande att, føydalismen lyt begynne å sleppe taket og ei ny sosioøkonomisk ordning er i ferd med å ta over. Mannen frå La Mancha blir galen og prøver å halde fast i den gamle ordenen. Og kong Lear blir menneske. Moralske normer blir kasta om – sjå berre, kjære Shakespeare-lesarar, på skaldens Sonnett LXVI, som meir enn noka anna tekst, med unntak av Don Quijote gir oss bakgrunn for King Lear. Jarlen av Gloucester gir i prosaform uttrykk for det same som diktaren sjølv seier i sonetten sin:

Love cools, friendship falls off, brothers divide: in cities, mutinies; in countries, discord; in palaces, treason; and the bond crack’d ‘twixt son and father. This villain of mine comes under the prediction; there’s son against: the King falls from his bias of nature; there’s father against child. We have seen the best of our time: machinations, hollowness, treachery, and all ruionous disorders follow us disquietly to our graves. (I, ii, 102–110)

Ver så god, bli galen, Lear. Ver så god bli galen, Don Quijote. Dette samfunnet er splitta. Lear er den typiske føydale kongen som uttrykkjer verdsoppfatninga til dei herskande klassene, det som Marx og Engels kalla ideologi. Lear. Gloucester, Kent og Albany representerer det gamle systemet. Men ei ny tid er i emning: Individualistane Goneril, Regan, Edmund og Cornwall deler verdsoppfatninga til det borgarskapet som no står på spranget inn i historia.

Dei “føydale” personane held på ei gudsentrert verd med verdiar frå mellomalderen, mens representantane for den oppstigande klassa deler verdiane til det kapitalistiske systemet: konkurranse og politisk machiavellisme. Lear snakkar om “[t]he offices of nature” som “bonds of childhood, Effects of courtecy, dues of gratitude” (II, iv, 176f.). Menneskesamfunnet bør altså, meiner Lear og tilhengjarane hans, underkastast dei same lovene som Guds samfunn. Derfor seier Gloucester at Lear “falls from his bias of nature” når kongen ikkje lenger oppfører seg i samsvar med den herskande ideologien.

Edmund har derimot eit heilt anna syn på verda:

Thou, nature art my goddess; to thy law My services are bound. Wherefore should I Stand in the plague of custom, and permit The curiosity of nations to deprive me. (III, ii, 1ff.)

For Edmund er ikkje naturen tradisjon og den gamle ordenen, men det motsette av Lears verdsoppfatning. Edmund er heilt klart ein mann som representerer den kommande borgarlege revolusjonen. Samfunnet er alt i oppløysing, seier narren:

When priests are more in word, than matter; When brewers mar their their malt with water; When nobles are their tailors’ tutors, No heretics burned, but wenches’ suitors. (III, ii, 81f.)

Dette skal eg gå vidare med i eit seinare innlegg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Edgar følgjer far sin i eitt og alt. Den gamle jarlen gjennomgår ei interessant utvikling: han blir straffa for sin politiske blindskap, men får den innsikta som han mangla når han får sjå gjennom kontakten med Poor Tom:

Here,take this purse, thou whom the heavens’ plagues Have humbled to all strokes: that I am wretched Makes thee the happier: Heavens, deal so still! Let the superfluous and lust-dieted man, That slaves your ordinance, that you will not see Because he does not feel, feel your power quickly; And each man have enough.

(IV, I, 65f.)

Uttrykket “your power” er noko som Gloucester aldri har kjent og derfor aldri sett: kjærleik og brorskap – verdiar som Tom verkeleggjer.

Ein av dei mest interessante rollefigurane er likevel Cordelia. Det er ho som er den sannehelten i opningsscena. Og i måten representantane for den nye tida behandlar henne på, avslører dei seg som prinsipplause og umenneskelege.

Når ho blir spurd om kva ho føler for kongen, svarar ho:

I love your Majesty According to my bond; no more no less.

(I, i, 91f.)

Ho forklarer forholdet mellom to menneske heilt realistisk, for her er den eine personen bade konge og far I eit føydalt samfunn. Då blir “according to my bond” det einaste som dekkjer forholdet. Før vi går nærmare inn på dette, og før vi no bør gå inn på hovudpersonen, nemner vi berre kort at Kent er den modigaste og den minst korrupte av dei “føydale” personane, men er den som gjennom handlingane sine på slutten viser at utviklinga ikkje kan gå tilbake til føydale forhold og verdiar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så var det kongen. I den fyrste scena er han så absolutt ingen helt; her ser han kongeverdet og det sosiale hierarkiet som verdas grunnvoll og røyndom. Men dette synet varer ikkje gjennom heile stykket – i akt V ser han seg sjølv med nye auge, og han ordlegg seg like realistisk som Cordelia då ho i I, i. 91f. slo fast forholdet sitt til faren – ja, han bruker nesten det same uttrykket som Cordelias “no more nor less”:

I am a foolish fond old man, Fourscore and upward, not an hour more or less; And, to deal plainly, I fear I am not in my perfect mind.

IV, vii, 60ff.)

Dette er ei “humanistisk” – menneskesentrert – verdsoppfatning, på linje med det som Cordelia tydelegare har gitt uttrykk for. Kongen er her i ferd med å bli menneske, fyrst og fremst. I stykket blir han øydelagd av dei miskunnslause rollefigurane som høyrer den nye tida til. Vennene Gloucester og Kent er ikkje i stand til å hjelpe han.

Stormscenane er klare parallellar til den utviklinga som Lear gjennomgår. Elementane er i storm, samfunnet er heimsøkt av sosiale, stormfulle endringar, og det stormar i Lears sinn. I desse scenane finn vi òg byrjinga på ei løsysing, eit vendepunkt I utviklinga fram mot Lears humanistiske instilling. “My wits begin to turn,” (III, ii, 57) seier kongen. Dette er ikkje berrebyjinga på eit samanbrot, men like mykje ei oppvaking, eit nødvendig steg i den vidare utviklinga hans. Så vender Lear seg til narren:

Come on, my boy. How dost, my boy? Art cold? I am cold myself. Where is this straw, my fellow? The art of our necessities is strange, That can make vile things precious. Come, your hovel. Poor Fool and knave, I have one part in my heart That’s sorry yet for thee.

III, ii, 68ff.)

Dette er uttrykk for endring – ei utvikling bort frå sjølvsentrering, stoltheit og kongeverdigheit, i retning av vennskap og vilje til å samarbeide, m.a.o. brorskap. I dette avgjerande stadiet av stykket, der Lear for fyrste gong innser at han er på veg til ein ny type fridom, bruker Shakespeare ordet necessities. Det gjer Friedrich Engels òg, når han i Anti-Dühring snakkar om ein annan type overgang: den sosialistiske revolusjonen. Her taler Engels om at mennesket stig opp frå naudsynsriket til fridomsriket …

Shakespeare marxist? Nei, det kunne han jo ikkje vere. Sosialist? Ahistorisk spørsmål! Det han gjer, er å beskrive samtida si slik ho var, “no more, nor less”, ein nødvendig etappe i den historiske utviklinga. Men King Lear peikar ut over dette, kanskje som ein kommentar til Thomas Mores Utopia? I alle fall viser han oss ein ny måte å leve på, bygd på brorskap og fellesskap, ikkje på makt og nedervde oppfatningar.

Meir om kongen følgjer!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er gjennom galskapen sin at Lear kjem fram til ei ny meining med livet. Stoltheita hans forsvinn, og kongen kjem med ei vedkjenning for alle som lir:

Poor naked wretches, whereso’er you are,

That bide the pelting of this pitiless storm,

How shall your houseless heads and unfed sides,

Your loop’d and window’d raggedness, defend you

From seasons such as these? O! I have ta’en

Too little care of this. Take physic, Pomp;

Expose thyself to feel what wretches feel,

That thou mayst shake the superflux to them,

And show the Heavens more just.

(III, iv; 28ff.)

Den manglande evna som Lear har til å tilpasse seg og hamle opp med dei umenneskelege sidene ved den nye tida, får han til å utrykkje samkjensle med og seinare identifisere seg med dei fattige. Han blir tvinga til å ta inn over seg den veldige hjelpeløysa åt dei fattige som er underkasta makta åt dei rike, dvs. dei som eig. Når Lear innser korleis dei med eigedom behandlar dei som ikkje eig noko, byrjar han å setje spørsmålsteikn ved den private eigedomsretten – ikkje så verst av ein føydal konge!

I neste akt, den fjerde, blir dette utvikla til hard samfunnskritikk:

A man may see how this world goes with no eyes. Look with thine ears: see how ypnd justice rails upon yond simple thief. Hark, in thine ear: change places, and, handy-dandy, which is the justice, which is the thief? Thou hast seen a farmer’s dog bark at a beggar?

“Ay, Sir,” svarar Gloucester, og Lear held fram:

And the creature run from the cur?

There thou might’st behold the great image of Authority:

A dog’s obey’d in office. Thou rascal beadle, hold thy bloody hand!

Why dost thou lash that whore? Stripe thine own back;

Thou hotly lusts to use to use her in that kind

For which thou whip’st her. The usurer hangs the cozener.

Thorough tatter’d clothes small vices do appear;

Robes and furr’d gowns hide all. Plate sin with gold,

And the strong lance of justice hurtles breaks;

Arm it in rags, a pigmy’s straw does pierce it.

None does offend, none, I say, none; I’ll able ‘em:

Take that of me, my friend, who have the power

To seal th’accuser’s lips. Get thee glass eyes;

And like a scurvy politician, seem

To see the things thou dost not. Now, now, now, now;

Pull off my boots; harder, harder, so.

(IV, vi, 158ff.)

Lear har no nådd eit høgare steg I forståinga si av verd og samfunn, og han forkastar dei sosiale verdimåla som han godtok tidlegare. Når han prøver å ta av kleda, vil han identifisere seg med Poor Tom, sjølv om den nye Lear framleis er i strid med den gamle. Representantane for den borgarlege verda har audmjuka han, men ved at han fell, kan han reise seg og bli menneske, hjelpt av ein narr og ein tiggar.

Så står konklusjonen att.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når Lear vaknar opp att frå galskapen sin, er det ikkje lenger narren, men Cordelia, som er hos han. Gjennom den nye sinnstilstanden har han lært å forkaste den stoltheita han hadde tidlegare, og han har endra fullstendig syn på folk og samfunn. Han har ikkje noko ønske om å vinne trona tilbake; han talar til og med om hoffet med forakt. I akt V seier han:

Come, let’s away to prison;

We two alone will sing like birds I’ the cage:

When thou dost ask me blessing, I’ll kneel down,

And ask of thee forgiveness: so we’ll live

And pray, and sing, and tell old tales, and laugh

At gilded butterflies, and hear poor rogues

Talk of court news; and we’ll talk with them too,

Who loses and who wins; who’s in, who’s out;

And take upon’s the mystery of things,

As if we were God’s spies: and we’ll wear out,

In a wall’d prison, packs and sects of great ones

That ebb and flow by th’moon.

(V, iii, 8-19)

Ja, slik er politikken I det borgarlege samfunnet.

Til slutt i stykket blir Cordelia presentert som alternativet til både det gamle systemet og representantane for det nye – personar som både fryktar og hatar henne:

Patience and sorrow strove

Who should express her goodlist. You have seen

Sunshine and rain at once; her smiles and tears

Were like a better way.

(IV, iii, 16ff.)

Cordelia er lykelen til stykket: “Sunshine and rain at once” står for ein framtidig harmoni som skal oppstå på bakgrunn av dei to “rika” som står mot einannan. For dette er som hos Ibsen – “det tredje rike”, “no more, nor less”, uklart og “utopisk” (Thomas Moore skreiv litt tidlegare Utopia). “Mor, gi mig solen,” seier Osvald Alving i Ibsens Gengangere. Her er parallellar, her er linjer …

Cordelia (cor er “hjarte” på latin) representerer “a better way of living”, fjernt frå føydalismens rigide strukturar og det borgarlege samfunnets inhumane karakter (tese – antitese – syntese over to hundre år før Hegel!). Det er dette steget som Lear er kommen til, men dei eigenskapane og den livsforma som denne “better way” står for, er det ikkje rom for, verken i det gamle eller det nye samfunnet. Den nye tidas menneske tek livet av Cordelia. Også Lear lyt døy. Styret hans kan ikkje vende tilbake. Så har Shakespeare vist oss korleis ein konge kan bli menneske for så å døy, overvunnen av den historiske, nødvendige utviklinga.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit Rgretemor