Har den siste tida slappa av med Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant. Det var festleg å lese om hundreåringen, Allan Karlson, si månadlange reise rundt i Sverige, og i tillegg hans livshistorie. Begge deler like morosame. Karlsson blei kjend med dei store statsleiarane på 1900-talet og var med på å påverka verdsutviklinga på utrulege og fantastiske vis. Eg lika aller best kapitla som skildra flukta til hundreåringen og venene hans frå politi og den kriminelle gjengen Never Again. Anbefalar denne boka til dei som ikkje har altfor sart form for humor. Hugs lommetørkle til lattertårene!

Forfattaren Jonas Jonasson vart intervjua i Bokprogrammet nyleg. Dette er visst debutboka hans. Ein utruleg fantasifull forfattar! Minner litt om Arto Paasilinna, berre endå meir morosam. Er spent på kva nye bøker av han har å by på.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Som vanleg fin bokomtale, Rose-Marie! Eg er nettopp ferdig med å lytte til lydboka, godt lesen av Hedda Munthe. Har blanda kjensler for denne boka. Lillian er sterk og verkar noko kald og kjenslelauslaus, men mareritta hennar om fortida og hennar sterke ønske om å finne dottera for ein kvar pris kan tyde på noko anna. Personane i boka blir stort sett skildra etter handlingane sine, kva dei gjer. Tankar og refleksjonar får vi ikkje så mykje av.Ein kjem ikkje heilt under huda på dei. Reisa ho gjer tvers over Nord Amerika og vandringa gjennom øydemarka i Alaska verkar ikkje heilt realistisk. Aleine, utanlandsk kvinne med ytterst lite utstyr og pengar, ein tur som ville vere svært krevjande for menn. Men det er ei spennande historie. Elles tykkjer eg boka er godt skriven. Ein får vite korleis det går seinare med personar ho møter på vegen. Slutten å hennar eiga historie er uventa.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

It is our choices, Harry, that show what we truly are, far more than our abilities.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Interessant å lese anmeldelse av Solar frå ein som har greie på fysikk. Eg har lurt på om det tekniske i boka held mål, sjølv om eg rekna med at McEwan set seg grundig inn i sakene han skriv om. Eg er einig i din karakteristikk av hovudpersonen som er usympatisk, amoralsk og ytterst egoistisk, med apetitt på kvinner, vin og mat. Like håplaus karakter i heile boka, sjølv om han får noko meir sjølvinnsikt på slutten. (Utan han forbetrar seg for det). - Men eg er ikkje einig i terningkastet ditt. Eg tykkjer boka har godt språk, hovudpersonen er godt skildra som den ufordragelege fyren han er. Ein del humor er finst der og. Eigentleg ein bra satire.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Anmelderne har sammelignet henne med Marquez og også sagt at dette er den nye Isabel Allende.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bokens folk er ein god og interessant roman. Handlinga følgjer ei eksisterande jødisk bønebok frå mellomalderen fram til nåtida. Vi får spennande, dramatiske glimt frå ulike historiske epoker. Elles fins det ein tråd om denne boka her inne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For nokre år sidan var eg i bokbyen Fjærland. Fantastisk plass! Då fråtsa eg i bøker. Kjøpte og kjøpte - utan hemningar. Framleis står nokre av dei uleste i hyllene. - For det kjem jo stadig nye bøker i hus.....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg ville tatt med Ibsen sine samla i to bind, Kilden av Gabriel Scott, Bibelen og ein diktantologi (ikkje bestemt ennå).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den dårlige nyheten, sa Julius og senket stemmen litt. -Den dårlige nyheten er at vi nok var såpass fulle i går at vi glemte å slå av viften i fryserommet. -Og så? sa Allan. -Og så ... er han der inne temmelig død av seg nå. Allan klødde seg bekymret i nakken før han bestemte seg ikke å la den slags slendrian formørke dagen. -Det var ille, sa han. - Men jeg må si du har lyktes perfekt med eggene, ikke for harde og ikke for bløte.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

"Liker du Paasilinna, så liker du denne" sa damen i bokhandelen i Aksdal til meg i går, så eg kjøpte boka. Tror jammen meg at damen har rett. Historia om Allan Karlsson blir å finna på biblioteket om ikkje altfor lenge.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Helt enig med deg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hvis du en dag

er trist i sind,

så krus blotmed et smil

dit kind.

På to minutter

slår det ind.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjøpte to bøker for nokre dagar sidan. Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant av Jonas Jonasson og Beretninger om beskyttelse av Erik Fosnes Hansen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg vil anbefale Sigrid-trilogien. Første bok Sølvhammeren, så Jærtegn og sist Helgenkongen. Handlinga startar like før kristninga av Norge. Gode bøker!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Maj Samzelius har skrive ein bokserie som heiter Helter og monstre på himmelhvelvingen. Fire bøker. Her fortel ho om kiorleis stjernebileta fekk namn i følge gresk mytologi. Spennande, godt skrivne historier.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg lytta til boka medan eg heldt på med eit strikkeprosjekt. Grei nok å lytte til då, etter ein periode med "tyngre" lesestoff. Kosa meg med deler av boka. Hovedpersonane er ganske bra beskrivne, medan dei andre personane er meir stereotype, dei utviklar seg ikkje. Skildringa av forholdet mellom aleinemora Georgia og dottera er god. Det var ein uventa slutt på boka. Tragisk, men her tykkjer eg skildringa var noko overfladisk. Ei "midt på treet"-bok.

Det er komne to bøker til i serien. Eg veit ikkje dei er omsette til norsk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fleire romanar om same tema blir beteikna som romansyklus. Vi har romansyklusar av Vera Henriksen, Amalie Skram, Sigrid Undset, Knausgård osv...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det ville jeg absolutt gjort. Det er en bok for dem som ønsker seg gode historier man bare kan synke ned i. Det er sikkert enda bedre å lese den på originalspråket :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne har eg lese for andre gong.Eg las den for nokre år sidan. Så kom eg på at jula hadde vore så strevsom at eg ville lese om familien Krank si alternative jul.

Ei flott book om å prøve å gå mot straumen :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sissel Lange Nilsen har skrive fleire bøker frå middelalderen. Trilogien Under fiskenes tegn handlar om dei sydfranske katarane på 11-hundretalet. Ho har og skrive fire bøker om Medici-slekta i Italia frå omlag same tidsrom. Elles har Umberto Eco skrive nokre bøker frå middelalderen. - Eg reknar med du har lese Arn-trilogien av Jan Guillou...?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

RisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11PiippokattaBente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaBOddvarGGro-Anita RoenAgnete M. HafskjoldKirsten LundTanteMamieLars MæhlumCecilie MEileen BørresenBård Støremay britt FagertveitAndré NesseKristin_PirelliMorten JensenAvaÅsmund ÅdnøyMarenLene AndresenKaren PatriciaSynnøve H HoelNabodamaMaikenHeidiBjørg L.EvaJulie StensethMarianne M