Som nynorskbrukar må eg jo berre påpeike at nynorsk ikkje er ein dialekt... Forøvrig einig med deg i at dialektar tek seg best ut i munnleg form.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg pleier alltid å anbefale bøkene om Adam Dalgliesh, av P.D. James. God, britisk krim!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Satsar på å bli ferdig med Vinter over verden av Ken Follett. Og kanskje eg får begynt på Dickens si Store forventninger og?

Godt nytt år til alle bokelskarar!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg fekk Vinter over verden av Ken Follett. Har såvidt begynt på den, men reknar med det blir ei god leseøkt etter at dei søte små er komne i seng!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

God jul til alle bokelskarar! Her vart det til og med kvit jul i siste augneblink, men fryktar det snart går over til våt jul... Ei bokgåve fann vegen til meg, så no gler eg meg til å ta fatt på Vinter over verden av Ken Follett! I tillegg har eg gavekort frå bokkilden liggjande i hylla, så det blir nok ei romjulsgåve til meg sjølv og.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg gler meg til å lese Vinter over verden av Ken Follett. Satsar på at eg får den til jul, viss ikkje blir den romjulsgåve til meg sjølv!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

P.D. James skriv god krim syns eg. Her er det lite fokus på blodige og brutale drap, men likefullt spennande!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Et julekvad blei fullført fredag kveld, men vidare planar om lesing vart diverre sabotert av barn med omgangssjuka. Oh joy! Ei av dei mindre sjarmerande sidene ved småbarnstida...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Planen er å få lest ferdig 'Et julekvad' av Dickens. Dette burde vere oppnåeleg med tanke på boka sitt omfang. Kanskje det til og med blir tid og lyst til å starte på endå ei bok?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Verken historia eller persongalleriet klarte å fenge meg. I tillegg var språket til tider dårleg og prega av mykje gjentaking.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det varierer veldig. I fjor las eg 53 bøker, så langt i år er eg komen til 65. Reknar med det blir nokre til før året er omme. Eg les berre for fornøyelse, ikkje av plikt, så talet på bøker er veldig avhengig av leselyst. No held eg på med ei bok som kjeder meg, men av mangel på anna lesestoff les eg trassig vidare. Og det går seint! Så det blir nok ein tur på biblioteket snart for å finne meir engasjerande lesestoff, då reknar eg med lesetempoet går kraftig opp!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Godt mogeleg eg blir nødt å kjøpe 'Vinter over verden' av Ken Follett i julegåve til meg sjølv. Så er eg iallefall heilt sikker på at eg kan kose meg med den i ferien. Eg var på nippet til å kjøpe den forrige laurdag, men klarte å stå i mot. Tenkte kanskje eg skulle spare den til eg har god tid til å lese. Ellers tek eg alt som det kjem på lesefronten. Leseplanar er ikkje noko for meg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg las nettopp siste side i Kjempenes fall av Ken Follett. No vurderer eg å starte på Netter av jasmin av Julia Gregson. Eg har lese to bøker av ho tidlegare, og likte den eine godt. Den andre boka hennar, 'de hvite englene', var godt under middels, så eg er spent på kva eg syns om denne tredje boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, eg veit det har gått som serie, men eg har aldri sett den, dessverre. Det er først dei siste åra eg har lese bøkene, så denne krimhelten er faktisk relativt ny for meg. Og med tanke på P. D. James sin forholdsvis høge alder er det vel kanskje ikkje truleg at det blir mange nye bøker frå ho.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg reknar med at Ken Follett si "Vinter over verden' havner under treet til min far iallefall. Om han ikkje går hen og kjøper den sjølv då...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er veldig glad i P. D. James sine bøker om Adam Dalgliesh. God britisk krim, med gode skildringar. Lite blod og gørr, men likevel spennande. Dei fleste av desse bøkene er begynt å bli nokre år gamle, så det er vel kanskje truleg at ein krimelskar alt har lese dei?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for det :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk, Gretemor!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilFriskusenAliceInsaneMetteellinoronillePernille GrimelandGro Anita MyrvangEster STonjePirellisveinKikkan HaugenIngeborgMarit MogstadHanne Kvernmo RyeKaramasov11HeidiMarenConnieFarfalleHilde H HelsethCarine OlsrødRufsetufsaJohn LarsenGrete AastorpHelena ELinnKirsten LundNorahMarieVegardsomniferumMarit HåverstadAnne Berit GrønbechAnn ChristinAlice NordliToveTorKjell PEli Hagelund