Eg lika denne boka veldig godt. Tykkjer boka er godt skriven, og ho gir innsyn i iransk kultur og historie frå shaens styre, gjennom revolusjonen og til Kohmeini tok over. Eg likar bøker frå andre kulturar, skrivne av forfattarar frå gjeldande kultur. Dette er ei bok som eg har tenkt å lese omatt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har lese denne boka for andre gong, - første gong var for mange år sidan. Hadde i grunnen gløymt kor utruleg god boka er! Ein klassikar som har relevans for ein moderne lesar òg. Person- og miljøskildringane er ypparlege, og historia er gripande. Mot slutten så spennande at eg mest ikkje kunne legge boka frå meg. Boka er tidlaus, omhandlar allmennmenneskelege problem - om enn i ein annan "kulturdrakt". Ein finn håp, håpløyse, lengt, vennskap, stolthet, tap, vinning, lojalitet, svik, kjærleik.... Dette er litteratur av høgaste klasse.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg gleda meg verkeleg til denne boka sidan eg er Austen-fan og har lese bøkene hennar, - nokre av dei fleire gonger. Oplegget for boka var interessant, fem kvinner og ein mann dannar ein bokklubb for å diskutere Jane Austin sine bøker. Forfattaren seier i byrjinga av boka: "Each of the members has a private Austen". Kvar av personane i klubben har si meining om Austen. Kvart kapittel omhandlar diskusjonen om ei av bøkene hennar, og beskriv også livet til den personen som er vert for møtet den månaden.
Men eg blei skuffa over boka. Fowler greier, etter mi meining, ikkje å gjere stoffet interessant. Her var lite om Austen sine bøker, og personane var overfladisk skildra. I grunnen keisam lesing.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

SEPTEMBER

September -
dager klare som fugleøyne, myrer
hvor tranebæra dugger matt om kvelden
når stjernene slår sine sølvspik i stillheten.
Alt er fred og fredløshet;
det ligger en marsjordre forseglet
under treets krøklete røtter
djupt i bergrevner og raumold.
Og løfter du blikket
fra stien gjennom blåbærlyng over høgda,
da renner øyenhulene dine fulle
av blå-blått ved himmelrendene: En vill lengsel
stryker stille gjennom din indre ødemark
lik skyggen av langsomme vingeslag.

Hans Børli

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg trudde eg hadde lese alle bøkene til Jane Austen, men oppdaga denne vesle romanen som var ei av dei første bøkene ho skreiv, og som blei utgitt etter hennar død.
Romanen er skriven i same stil som dei andre bøkene, men hovudpersonen i denne er usympatisk i motsetning til dei andre hovudpersonane til Austen. Boka handlar om den vakre, men egoistiske og manipulerande enka, Susan Vernon. Ho på jakt etter ein mann med pengar og posisjon. Den unge dottera si vil ho tvinge til å gifte seg med ein rik, men toskete mann. Dottera er ulykkeleg over dette, for ho kan ikkje fordra mannen. Susan klarer å sjarmere mange, men blir etter kvart gjennomskua av nokre. Boka er fortald i brevs form. Brev frå Susan til ei venninne og til slektningar, og brev frå Susan si svigerinne til denne si mor.
Denne romanen er ikkje rekna med blant dei "seks romanane" til Austen. Boka er ikkje så heilstøypt som desse. Slutten kunne absolutt vore betre. Men eg lika boka, - skulle berre ønske at ho hadde vore lengre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi har også ein slik bokhandel som den de har mista, og eg håpar vi får behalde vår lenge. Tre entusiastiske, kunnskapsrike damer jobbar der. Eg kan ikkje gå ut av den butikken utan å ha med meg to - tre bøker, sjølv om eg kanskje berre skulle kjøpe eit kort e.l. Damene tek seg alltid tid til ein liten samtale om bøker, om det ikkje er for travelt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

God og fyldig anmeldelse! Sommer uten menn er den første boka eg har lese av Siri Hustvedt, og det blir garantert ikkje den siste. Fin bok med godt språk som flyt lett! Personane er godt skildra. Men sidan det dreier seg om fire generasjonar, og ganske mange personar, blir ikkje kjennskapet til dei så utfyllande. Hustvedt er ein kunnskapsrik og reflekterande forfattar. Dette viser ho i skildringane av dei indre tankane til hovudpersonen Mia. Vi får psykologiske, filosofiske, litterære og naturvitenskapelege utlegningar. Desse er interessante, men det kan kanskje bli litt mykje nokre gonger. I boka fins mange gullkorn, - ein del av desse kjem fram i sitata i denne tråden. Artig vri at forfattaren henvender seg direkte til lesaren fleire gonger.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så er Pickwick-klubben ferdiglesen. Litt vemodig, for eg lika meg i Pickwick si verd.
Eg siterer frå forordet i boka, skrive av Bjørn Tysdahl:
"Pickwick-klubben sikter aldri mot de leserne som måtte ønske seg en streng konsentrasjon i handling og persongalleri. Den appellerer til noe annet i oss, til lysten til å leve med i en dikterverden hvor vi har tid til å stoppe opp - for å le, for å bli rørt, for å se griskhet, medlidenhet, smarthet og lojalitet i aksjon på flere felter, for å få et uhøytideleg og allsidig tidsbilde."

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Den viktige litteraturen er den som snakker til oss nå, akkurat der hvor vi befinner oss, den som skaper en forbindelse mellom sitt sted og vårt sted."
Stig Sæterbakken.

Frå sitatboka Bokelskere går aldri til sengs alene.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ferdig med Pickwick-klubben 1, og skal til på nummer 2. (Den norske bokklubben). Utruleg morosam lesing! Pickwickianarane er ein artig flokk som kjem opp i mange uheldige og til dels dramatiske situasjonar. Dickens skildrar desse episodane på ein fargerik og humoristisk måte. Boka gir også eit interessant tidsbilete frå 1800-talet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg lytta til denne romanen på engelsk (Rush Home Road), nydeleg lesen av Ruby Dee. Er heilt einig i din anmeldelse av boka! Ei interessant, varm og medrivande forteljing om fem år gamle Sharla som var utsett for omsorgsvikt, og 70 årige Addy som trass i mange tragediar i livet, er ei varm, sjenerøs og klok kvinne. Forholdet mellom desse to personane er nydeleg og rørande beskrive.
Skal noko trekkje litt ned, måtte det vere at slutten verkar litt tilfeldig, og at Addy har vore utsett for vèl mange tragediar til at det er heilt truverdig...
Handlinga foregår på eit bakteppe av dei farga si historie i Canada. Her er ein del historiske element.
Lori Lansens er ein god forteljar. Eg har tidlegare lese Aldri alene, som eg også lika godt. Har oppdaga at ho har skrive ei tredje bok, The Wife`s Tale. Denne står nå på "skal lese-lista" mi.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

"En ufeilbarlig kur mot gikt?" sa Pickwick og skyndte seg fram med notisboken, "hva består den i?"
"Jo, ser De," svarte Weller, "gikt er en plage som kommer av for mye ro og vellevnet. Dersom De skulle få gikt, så skulle De bare ta og gifte Dere med en enke som har kjeftamentet i orden og kan bruken det, så får De aldri gikt mere. Det er en fremragende resept, sir. Jeg bruker`n jevnligen, og jeg innestår for at den driver bort all sykdom som kommer av for mye moro."

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det har du heilt rett i.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det med kryssord går vel i periodar. Sjølv er eg mest hekta på kryssorda i Dagbladet. Dei er ikkje heilt som andre, er ganske underfundige. Eg får abstinens om eg ikkje får laurdagskryssordet til Rolf Hansen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har lese boka på engelsk (The Breakers). Er einig i at boka absolutt kan anbefalast. Ho er kritikerrost og har fått utmerkelsar. Handlinga går i roleg tempo, men blir ikkje kjedeleg. I grunnen ganske fengslande lesing. Eg-personen har opplevd ei stor, gjennomgripande sorg. Ho kjem til denne vesle franske kystlandsbyen der ho har som jobb å observere og telje fuglar. Ho klarer å avsløre kva som hende i landsbyen for mange år sidan, og som sidan har prega fleire av personane. Sjøen og veret spelar ei stor rolle i romanen. Her finst både fine og dramatiske skildringar. Også gode karakterskildringar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har lytta til denne boka på engelsk på i-pod. (Lasta ned frå I-tunes). Det var eit maratonløp å komme gjennom. Boka er ganske godt skriven, og ho er nydeleg lesen, men ho kunne med fordel vore kutta kraftig ned utan at historia hadde lide noko serleg. Det var i den siste tredjeparten at innhaldet blei meir interessant, - bortsett frå slutten. Den blei for utruleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Kjære medmenneske, jeg holder av deg!"
Si det ut med eller uten ord.
Si det med et smil, med en forsonende bevegelse,
med et håndtrykk,
med et anerkjennende ord,
med et klapp på skulderen,
med en spontan omfavnelse,
med et kyss,
med en stjerne i øynene dine!
Si det ut med dusinvis av små oppmerksomheter
hver dag på nytt!
"KJÆRE MEDMENNESKE,
JEG HOLDER AV DEG!"

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Som matematiker hadde han alltid visst at det fantes problemer hinsides menneskelige løsninger, men ingen hinsides menneskelig vennlighet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg las denne boka (The Mill on the Floss) for mange år sidan. Blei fengsla av skildringa av søskenparet Maggie og broren Tom som vaks opp i ein middelklassefamilie i viktoriatida. Boka har mange sjølvbiografiske trekk. Maggie, som George Elliot, er intelligent, idealistisk, ukonvensjonell og glad i litteratur. Ho kom ofte i konflikt med omgivelsane. Ein gripande roman, ein klassikar, som står på "skal lese igjen-lista" mi.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har alle Vera Henriksen sine historiske bøker, trur eg. Ho gir ei realistisk, interessant og truverdig skildring av historiske personar og hendingar. Særleg omhandlar bøkene hennar brytningstida då norrøn gudetru måtte vike for kristendommen. Eg lika godt skildringane av kvinneskikkelsane, historiske og fiktive. Det er flott at det blir ei fornya interesse for bøkene hennar!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

ChristofferHeidiBjørg Marit TinholtsomniferumStig TKirsten LundBeathe SolbergKarin BergHeidi BBLeseberta_23Jan-Olav SelforsLinda RastenNorahLeseaaseBjørg L.Tine SundalAgnesVannflaskeHarald KHildeHeidi HoltanEster SAnne-Stine Ruud HusevågToveNicolai Alexander StyveTone Maria JonassenSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt TøsdalEirin EftevandHilde Merete GjessingHilde H HelsethIngunn SsiljehusmorTove Obrestad WøienJoakimVibekeLene Andresen