Birgitte Solheim, hovudpersonen i Kjersti Anfinnsens roman "De siste kjærtegn", er den kvinnelege utgåva av Kjell Askildsens Thomas F. I alle fall minner ho meg om han, både i alder og i det noko bitre og ironiske synet sitt på livet og menneska rundt henne.

Romanen er bygd opp av ei rekkje små kapittel, mange av dei på under ei side. Her fortel Birgitte Solheim om livet sitt, om kva ho gjer og ikkje gjer, kva ho tenkjer på, og korleis ho forheld seg til folk rundt seg. Sjølv om dei passar som kapittel i romanen, kan fleire av dei også lesast for seg, som små betraktningar over livet og samfunnet.

I motsetnad til Thomas F., som held distansen til andre menneske, og tilsynelatande ikkje ønsker å endre seg (om eg hugsar "Thomas Fs nedtegnelser til allmennheten" rett - det er over 20 år sidan eg las den), ønsker Birgitte Solheim ei endring i livet sitt, innrømmer ho etterkvart.

Anbefaler denne romanen, som gjev både innsikt og håp, og som er kort og lettlesen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

BYREGLER

Du skal elske din by som deg selv
noe som betyr at du ikke kan fordra den
på dårlige dager

Du skal likevel ikke ha andre byer enn denne

Du skal heller ikke lyve
Dette gjelder også i andre byer
Lyver du i din egen by
ligger du imidlertid tynnere an

Du skal hedre din by

Du skal bo på hotell minst to netter i året
for å vite hvordan fremmede drømmer
Bor du på pensjonat, for eksempel
Cochs i Bogstadveien
holder det med én natt

Du skal aldri baktale revede hus
Du skal holde åpningstiden hellig
Ikke si fra hvor du går

Men spør gjerne om veien

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det finnes få tegn til at noe fint skal kunne komme til å hende meg i løpet av dette livet, eller i verden, for den saks skyld. Men jeg slutter merkelig nok ikke å håpe på et under. At man aldri lærer.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Når det gjelder lyst er enhver valuta gangbar, og indirekte nytelse har en unotert kurs som anses pålitelig nok til å passere som ekte.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hver og en av oss er som en måne som viser jorden enkelte aspekter, men aldri hele kulen. De fleste av oss møter aldri noen som kan forstå alle sider ved oss. Jeg viser andre bare den lille delen av meg som jeg tror de er i stadnd til å begripe. Til andre viser jeg andre deler. Men det er alltid et mørkt aspekt som jeg holder for meg selv.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jeg husker hvor stressa vi var midt i flyttekaoset, og en morgen ble jeg ganske irritert. Jeg sa til Olve at når jeg spør om hvilke klær vi skal pakke i esker og hvilke vi skal pakke i kofferter, så må du hjelpe meg, det er som å rope i skogen å snakke med deg, sa jeg. Så gikk jeg ut på balkongen, for jeg orket ikke å være sånn som jeg var, jeg var helt urimelig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hva romanen handler om, hva romanen er, hva romanen betyr, forstår jeg ikke mens jeg skriver, da ville jeg jo ikke behøvd å skrive den. Om jeg hadde visst det, ville det vært som om jeg var en sekretær og bare skrev ned noe som jeg ble diktert.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg sit med tårer i augene etter å ha lese denne. I går las eg ferdig den nyaste boka til Bjørn Hatterud, Mjøsa rundt med mor. Då eg starta på denne tynne, vesle flisa av ei bok, fann eg mykje av det same som i den tjukkare nyeboka. Men her finst meir. Som i Mjøsa rundt med mor handlar det om om klassereise, funksjonshemming, homofili og utanforskap. Det som likevel slår meg som det viktigaste ingrediensen, er kjærleik. Kjærleik til mor som har kjempa så mange kampar, kjærleik til far som har måtta arbeide og dermed vore mindre til stades enn han kunne ønske, kjærleik til bror som er ein flink bilmekanikar, kjærleik til morfar som utan spørsmål godtok at han var homofil, trass i at han vaks opp i ei heilt anna tid. Og kjærleiken den andre vegen òg, som eg eg også fanga opp i den første eg las, kjærleiken frå mor, frå far, frå bror og frå morfar. Til sist dukkar også kjærleiken, eller i alle fall aksepten, til seg sjølv og eigen kropp og begrensingar forsiktig opp.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette må vere fjorårets vakraste diktsamlingsframside! Også inni er dette ei fin bok, med dikt av kjærleik til og i sorg over hunden Nana, som diktsamlingas eg kjøper, men som seinare vert overkøyrd av ein bil.

"Jeg skriver om et vesen på fire bein // fordi det la seg mellom føtene mine / og slikket dem reine, lik - jeg kan ikke dy meg /
- en disippel, på tross av, /
eller på grunn av, mitt skitne hjerte" skriv han i eitt av dikta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For ei fin framside! For meg har det litt å seie, sjølv om det eg finn på innsida sjølvsagt er viktigast. I Mjøsa rundt med mor får eg i pose og sekk: Denne er fin både utanpå og inni.

Bjørn Hatterud, kulturskribent, kunstkritikar, kurator og musikar opprinneleg frå Veldre i Ringsaker, tek med mor si biltur, ein dagstur rundt Noregs største innsjø Mjøsa. Boka er meir enn ei reiseskildring. Ho har ein undertittel: Ei livsreise. Lesaren får gjennom boka reise i historia om Bjørn Hatterud sjølv, om klassereise, funksjonshemming, homofili og utanforskap. Reisa rundt Mjøsa vert også ei historisk reise, i kulturhistorie, i familiehistorie, i historia til husmenn og hierarki, i bygdehistorie. Alt er fortalt på ein enkel måte, innimellom sårt, innimellom humoristisk, ofte ingen av delene, bare nøytralt forteljande. Gjennom heile boka får du godt språk, og interessant, sterk og viktig lesnad, og alt etter kven du er, kor du har vakse opp, kva du gjer i livet og kor du har valt å busetje deg, er noko til gjenkjenning og noko til ny lærdom.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Korleis ville du ha levd livet ditt om du (trudde at du) visste sikkert når du skulle dø? Ville du gjort andre val enn du ville gjort om du ikkje visste? Desse er spørsmåla De udødelige av Chloe Benjamin tek for seg.

Fire unge søsken, den yngste sju og den eldste tretten, finn i 1969 ut at ei kvinne som har ry på seg for å kunne spå dødsdatoen til folk har flytta inn i nabolaget. Daniel på elleve tykkjer det høyrest så spennande ut at han vil oppsøke kvinna. Han får søskena sine med seg, og i motsetnad til det Varya på tretten år trur, sidan ho får beskjed om at ho vil leve til ho vert 88, vert alle fire førespegla heilt ulike dødsdatoar, og heilt ulike lengder på livet.

I romanen har kvar av søskena fått ein lang bolk kvar, og kvar bolk er delt inn i ikkje altfor lange kapittel. Dette, saman med eit godt språk og ei spennande historie, dreg lesinga framover. Dette er ikkje ein roman du bruker lang tid på å lese, trass dei 379 sidene og litt (for?) lita skrift.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne er ein skikkeleg fin roman!

Som kjent tykkjer eg det er forfriskande å lese ei ungdomsbok i ny og ne, sjølv om eg ikkje kan seiast å vere i målgruppa. Denne gongen vart det Hjertet er en knyttneve av Ingrid Ovedie Volden. Foreldre som gjer ukloke val som går ut over ungane, einsemd, utanforskap, gryande forelsking og kjærleik er nokre av ingrediensane. Hovudpersonane er Oliver og Aline, to usikre, men modige ungdommar. Perspektivet vekslar mellom dei gjennom heile romanen.

Og kven er eigentleg målgruppa? 12-13-åringar, kanskje, men eg ville likt å lese boka både då eg var 10 og då eg var 15. Og med fare for å vise for all verda at eg ikkje har sjølvinnsikt på kven eg var som 20-åring, vil eg seie at denne trur eg at eg hadde likt uansett når i livet eg hadde lese henne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Inspirerande og interessant om ein metode for å få planter og lys til å forbetre innemiljø og - klima i eigen heim og på arbeidsplassen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sterk, godt skriven og hjarteskjerande innsiderapport om korleis det kan vere å ha anoreksi, og om livet som innlagt på psykiatrisk sjukehus på godt og vondt. Ingeborg Senneset skriv godt, sterkt og viktig. Boka er ei av dei som burde vere obligatorisk lesnad for dei som jobbar i helsevesenet, men også vi andre som på ulike måtar jobbar med menneske har noko å lære her. Å ha hjartet med seg på jobb og prøve å sjå og verkeleg lytte til mennesket framfor deg kan vere stikkord. Tusen takk, Ingeborg Senneset, for at du skreiv denne!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kva kan eg skrive for å få deg til å lese denne? For å få deg til å putte i veska (eller indrelomma for den del, boka er korkje stor eller tung)? Camara Lundestad Joof skriv om rasisme, og om å oppleve det igjen og igjen. I Noreg. Ho snakkar om det heile tida, seier ho. Det er på tide at vi andre òg snakkar om det. Om ikkje heile tida, så i alle fall vesentleg oftare enn vi gjer no. Det skal ikkje mykje til. Det første vi kan gjere er å lese denne boka, og tru på det som står der. Kanskje skamme oss litt for gonger vi heller ikkje har teke ordet for å forsvare nokon når vi burde. Les! Denne er viktig!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne! Har du allergi, eksem eller tørr hud? Har du barn som har slike plager, eller er gravid og har allergi i familien? Anbefaler deg sterkt å lese Bente Krane Nvenshagen si bok Sannheten om allergi og eksem som kom ut på J. M. Stenersen forlag i år. Ei stor aha-oppleving av ei bok. Eg som så å seie ikkje kjøper bøker, sidan eg jobbar midt i snopeskåla, var på bokhandelen og kjøpte denne i dag, sjølv om eg hadde lånt henne på biblioteket og lese henne ut.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lettlesen, interessant, lærerik og til dels humoristisk. Passar for deg som har, eller bur i lag med ein som har, penis.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Anbefaler desse to: Brev til en datter. Alt du bør vite fordi du er jente frå 2018 og Brev til en sønn. 5 fortellinger for livet frå 2020. Kristin M. Hauge har intervjua fem personar, og folk rundt dei fem til kvar av bøkene. Begge bøkene er forma som brev, den første til dottera hennar, og den andre til sonen. Til sist i kvar av bøkene kjem gode råd til ei dotter og til ein son. Dette har blitt til kloke, varme og nyttige bøker, som gav både gjenkjenning og augeopnande leseopplevingar. I tillegg til å lesast som fine portrett av ti interessante menneske, kan boka brukast som grunnlag for gode samtalar med ungdommane våre, men òg til bevisstgjering av oss sjølv. Denne første tykkjer eg er den sterkaste av dei to brev-bøkene. Er det fordi eg er kvinne og dotter sjølv? Eller er utvalet av personar som skal skrive brev eit betre utval. Usikker på svaret, men begge bøkene er uansett vel verd å få med seg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Anbefaler desse to: Brev til en datter. Alt du bør vite fordi du er jente frå 2018 og Brev til en sønn. 5 fortellinger for livet frå 2020. Kristin M. Hauge har intervjua fem personar, og folk rundt dei fem til kvar av bøkene. Begge bøkene er forma som brev, den første til dottera hennar, og den andre til sonen. Til sist i kvar av bøkene kjem gode råd til ei dotter og til ein son. Dette har blitt til kloke, varme og nyttige bøker, som gav både gjenkjenning og augeopnande leseopplevingar. I tillegg til å lesast som fine portrett av ti interessante menneske, kan boka brukast som grunnlag for gode samtalar med ungdommane våre, men òg til bevisstgjering av oss sjølv. Passar også fint som julegåver, tenkjer eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"I 1945 reiste foreldrene våre bort og overlot omsorgen for oss til to menn som kan ha vært forbrytere."

Nokre gonger kan første setninga av ein roman gjere deg sikker på at du har ei god bok i handa. Slik var det då eg las denne setninga, som er starten på Michael Ondaatjes roman 'Krigslys'. Setninga lover godt språk og spennande handling. Og romanen innfrir! Dette er ikkje ein kriminalroman, men han er tidvis like spennande. Anbefaler deg å lese denne, som er ein annleis roman om, blant mykje anna, etterkrigstid, det vi seier og det vi tier om, og om historiene vi har om liva våre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kristin_PirelliMorten JensenPiippokattaAvaÅsmund ÅdnøyMarenLailaLene AndresenKaren PatriciaSynnøve H HoelNabodamaMaikenHeidiBjørg L.EvaJulie StensethMarianne MKnutMGrete AastorpLars Johann MiljeBenteAlice NordliLeseaaseLilleviKirsten LundPär J ThorssonKristinBeathe SolbergMona AarebrotmarvikkisReidun VærnesTanteMamieIngunn SLabbelineSissel Karlsen FjeldetTarjeiINA TORNESFrode Tangenbeaverkriek