Må nesten fortelle ei lita solskinshistorie om boka......
For nokre månader sidan kjøpte eg del 2 av denne romanen i eit bruktbokutsal. Var ikkje klar over at romanen var delt. Eg har vore tilbake eit par gonger og sjekka om del 1 tilfeldigvis skulle vere der, men trøysta meg med at biblioteket sikkert kunne hjelpe meg...
Men, i dag ringde ei svært blid dame og kunne fortelle at ho sat med boka i hendene, og ei svært fin utgåve var det også! Så for den nette sum av 10kr kunne eg hente boka heim. Gler meg til å lese :-)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kor flott, Lillevi! Eit utradisjonelt tema som det kan vere spennande for mange av oss å lese om. Gratulerer!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er enig med deg...det gikk "over alle støvleskaft" etter mi meining. Om dei andre Ahnhembøkene er på same nivå skal dei få vere i fred for meg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ufattelig kjedelig. Ikke det grann spennende. Antakelig min siste Fossumbok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mitt forslag denne gongen blir Kilden av Gabriel Scott. Eg har lese boka før, men har svært lyst til å lese denne vakre romanen saman med fleire. Trur ikkje den skal vere vanskeleg å få fatt i.
Elles er her no eit par forslag som verkeleg freistar...

"Kilden eller Brevet om fiskeren Markus" regnes som Gabriel Scotts mesterverk. Romanen utkom i 1918. Fordypelsen i selve naturen er Markus' vei til det guddommelige. Sammenhengen i landskap, planteliv og dyreliv fyller ham med den største undring. Enten noe er smått eller stort, tjener det et slags mål og peker ut over sitt eget. Lykken er noe dypt i ens indre, en sinnets evne. Nøysomhet, ydmykhet, enkelhet er egenskaper som lærer Markus å se uendelige perspektiver der hvor andre, som kan være mer opptatt av makt og ære, gjerne går forbi."

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Då har også eg fullført "Sekstitallet". Eg er imponert over detaljrikdommen Bjørnstad har fått med i memoarane sine, til tider vart det nesten FOR detaljert. Eg er også imponert over hans sjølvinnsikt, humor og det gode språket.

Eg storkoste meg med dei første 5-600 sidene, men må innrømme at slutten ikkje gav meg like mykje. Det vart nesten litt slik at eg skumlas nokre sekvensar for å bli ferdig. Men- ei god bok er det! Mi utgåve er full av minnelappar, og terningen landa på 5

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er jammen glad eg har meir enn 300 sider igjen i denne forundringsboksa av tekstar.
Sjølv om ikkje alle eg har lese til no har engasjert like mykje, så har eg verkeleg kosa meg. På baksida står det at det er ei samling tekstar om laust og fast....om dyr, religion, filmar, ....og "bløtkokte egg" mm.
Teksten om kattar ligg i toppsjiktet til no, ein tekst som fortel og underheld med eventyr, historier og anekdoter. (Teksten er eit kåseri som forfattaren heldt på Litteraturhuset i Oslo i 2016.)
Sitat:

Hvis mennesker kunne krysses med katter, sa Mark Twain, så ville det uten tvil forbedre mennesket, men det ville forringe katten.

Denne skal eg kose meg med lenge, lenge....

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Apropos Lilith: Eg les no ei triveleg historie om kattar i Venetiansk spaserstokk:

Spanske jøder hadde en forestilling om en vampyrjakt som de kalte "La Broosha". Ifølge legenden jaktet den på spedbarn om natten og suget blod fra dem. El Broosha var ingen hvem som helst, hun var ingen ringere en Lilith, den første kvinnen som ble skapt, Adams første hustru, hun som nektet å underkaste seg mannen og derfor ble bortvist fra Edens hage. (Deretter, langt om lenge, kom altså den langt mer føyelige Eva til verden).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jeg vil foreslå: Wilbur Smith og Jussi Adler-Olsen. Du får hvertfall nattesøvnen ødelagt av bøkene til disse, Det har jeg smertelig fått erfare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vår vesle ferietur til nabolandet ligg alt i minneboka no. Men i går hadde vi ein kjekk tur til ein triveleg vestlandsby der cruisebåtane låg ruvande i hamna, turistane "babla" på ulike språk i gatene, og sola skein godt. Triveleg!

På bokfronten fullførte eg i går Emma og Uno av Tikkanen. Likte boka stort sett, med unntak av nokre deler som eg opplevde som vel repeterande. Visste ikkje at bestefar Uno Stadius hadde så stor innflytelse på folkehøgskulane i Norden. Så lærte litt også, i tillegg til å verte provosert på Emma sine vegner. Ho fekk verkeleg prøvd seg!

Så...eg fekk nyleg ei gåve eg hadde ynskt meg, nemlig Veneziansk spaserstokk med elefanthode av Bringsværd. Har spart på boka, og forventningane var høge! "Et overflødighetshorn" står det mellom anna på baksida. No har eg ikkje lese så mykje, så det kan bli betre....Får gi den ein positiv sjanse til.
Om den skulle skuffe totalt, så har eg mykje å ta av :-)

Ha ein god dag vidare, både du og alle andre som skal kose seg med god lesnad!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, vingeskyting (godt ord), heldigvis så var jeg en av dem som både gikk på biblioteket Går enda der faktisk, Kjøper aldri selvbiografier, låner dem heller og blir like skuffa hver gang...også hadde jeg 2 eldre brødre .....ble lest mye western og krim da jeg var jentunge. Heldigvis må jeg si....for jeg har flykta inn i en annen verden, både titt og ofte. :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg hadde en mor som ble skikkelig sinna da det var plikt å lese Hamsun på Videregående. Hun skjønte ikke at en gammel nazist skulle få så mye oppmerksomhet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Endelig nok et menneske som ikke orker Hamsun :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Morosam tankevekkjar

Kain var son av Adam og Eva. Han og broren vart fødde etter at foreldra vart jaga ut frå Eden etter syndefallet...ein eplebit som Adam nesten sette i halsen!
Herren var også sjokkert over at dei to ikkje hadde noko som dekte dei nakne kroppane. Utanfor Eden måtte dei greie seg som best dei kunne, noko dei også gjorde. Og dei vart ma foreldre til både Kain og Abel.

Vi som har lese Bibelsoga vår, veit at Kain vart brodermordar. Og som straff måtte han vandre kvilelaus rundt.
Kain fekk verkeleg oppleve mykje på si vandring, både Noas ark, Sodoma og Gomorra mm.
Og han undra seg meir enn ein gong over kvifor herren gjorde det han gjorde...

Romanen er både underhaldande og gir rom for undring og ettertanke. Eg måtte le høgt meir enn ein gong. Ein roman som for meg var ein morosam tankevekkjar!
Det var også ein fordel at vi las Bibelsoga fleire gonger i barndommen.

Takk til Lillevi og dei andre som var med på denne felleslesinga i juli 2017.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

..., men egoismen er sterkere enn forstanden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den gamle mannen med sauene var ikke der, herren, hvis det nå var han det var, hadde gitt ham carte blanche, men ikke så mye som et veikart, ikke et pass, ikke en eneste anbefaling av hoteller og restauranter, en reise av det slaget man la ut på i gamle dager, .....

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, Eva og Adam må jo forlate Edens hage med all den gode maten og det gode livet. Synest nesten dei relativt raskt greier å tilpasse seg livet utanfor, og at dei greier både å finne seg ny bustad og dyrke jorda og stifte familie. Og engelen som skulle passe Edens port var no ein fornøyelig kar han.
Har lese dei fire første kapitla, med menneskelege kjensler, svik og begjær....og endåtil med brodermordet.
Språket og forteljarstemma til Saramago er original, underfundig og god. Denne vesle boka skal eg ta godt vare på!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Har berre lese tåpelighetenes bok, og må sei at dette lovar godt! Det vart for meg så komisk at eg måtte le høgt fleire gonger. Skaparen ser ut til å måtte innsjå at dei to i hagen slett ikkje vart så feilfri og perfekte som han hadde tenkt seg det.
På meg verkar Saramago både ironisk og sarkastisk, men med eit varmt glimt i auget. Ser fram til resten :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg var så heldig å få denne i gåve, og gler meg veldig til å begynne på den. ...Gler meg også til "Kain"... skal ta fatt på den så snart gjestane våre reiser vidare! :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka står klar i bokhylla, så eg blir med, Lillevi! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundGunillaSissel ElisabethFrisk NordvestMarianne MRogerGHeidiRuneAnniken RøilYvonne JohannesenPia Lise SelnesPer LundMorten JensenAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiTove Obrestad WøienAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  Jensen