Ser ut som om det er ein praksis eg ikkje har vore obs på før…eg sjekka ei av mine bøker hos Norli, og der var det linka til min omtale på Bokelskere…ikkje berre min forresten, det var fleire som hadde omtalt same boka. Spørs om Norli har fått ein avtale med Bokelskere…alt er kommersielt no for tida …(red)

Red igjen: Under stjernene som er gitt på Norli står Bokelskere oppgitt som kilde: Sitat:
Kilde: bokelskere.no. Terningkast 5 og 6 er slått sammen til 5 stjerner. Se lesernes omtaler av denne boka.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg skaffa meg romanen fordi eg hadde fått i gåve hennar neste bok; «Elskeren» - og tenkte det kunne vere greit å lese denne først..men, det har sikkert ikkje noko å bety.
Eg likte deler av boka, Flood skildrar godt tilstanden til Sara, men den store spenninga gav den ikkje meg. Måtte lese alt, likevel.
Kanskje romanen skildrar einsemd meir enn granskinga av ei mordsak. Ikkje akkurat kjedelig, men delvis stilleståande?

Som deg vurderte eg å gi terningkast tre, men enda på 4.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er sikkert greit for dei fleste, og kan kanskje også vere aktuelt ei veke før?
Eg innrettar meg etter det som blir bestemt. Du er flink å legge til rette!
…og forresten, er det nyare verdslitteratur som er neste bokgruppe?

Ha ein god sommar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg reagerte også på innlegga- og kom på at for nokre veker sidan var det noko liknande som vart gjort om ein roman som heiter Dr. Stravinsky. Alle gav terningkast seks!

Opplever desse omtalane svært negativt, og veit med meg sjølv at desse bøkene skal eg iallfall ikkje kjøpe/lese!

Godt sagt! (2) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hei! Her er det lite tid til lesing no om dagen- mykje familie på besøk, og då vert dei i fokus! Kjekt å få sjå folk igjen som har vore unna lenge pga Corona….
Men - har fått i gåve ma eit par bøker om Olive Kitterdge - og ser no at bøkene har vore filmatiserte. Skal prøve å skaffe meg filmen om det er råd…Det vesle eg har lese til no likar eg godt.

Eg har fleire bøker av Jonas Lie i bokhylla, men det er lenge sidan eg har lese noko av han.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Her; jeg tilbyr deg
mine hender

slik at de gangene
hvor du føler
at dagene blir for tunge

trenger du ikke lenger
bære av vekten av de
alene

Stein-Roger Olsen

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har nettopp fullført del 2 - der Helmi er i fokus!
Ho verka først lei av både arbeid og heimetilhøve- alt er rutiner, ho et- kler på seg det ho finn- går på arbeid- går heim til si vesle, gode Saara. Nesten litt apatisk, synest eg- sorga over han ho har mist er tung å bere.
Eg kvapp nesten fysisk då Helmi kom heim og fann kransen som Jussi hadde bunde- det vart sterkt, symbolsk- peika på at noko vondt kom til å hende….

Trur eg må fullføre resten av romanen i dag…..må sjå om eg finn nokre fleire svar.

Ps- då har eg fullført romanen! Nokre svar fekk eg- men ein del av det som eg oppfattar som symbolikk? det fattar eg ikkje. Er det kanskje eit råd å lese siste sidene opptatt?
Den sakna faren kom litt meir fram i lyset, men eg ser ikkje heilt klart kva lagnad han fekk- heilt fortent….
Skal vente eit par dagar med å levere boka tilbake til biblioteket.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Har nettopp lest ferdig delen med Jussi!
Må sei at eg kjenner meg nesten litt sorgfull. Jussi er for meg ein gut/ kar som er heilt ute i margen av det sosiale selskapet rundt seg. Han har naturkjensler og observerer luktar og lydar i alt rundt seg, nesten på eit nivå med dyr?
Eg får lyst til å hente han og gi han ein klem…

Kinnunen set ord på stemningar og kjensler på ein svært god måte, nesten til den minste detalj! Det vert både godt og vondt å lese.
Håper resten er like bra!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Denne gjorde nesten vondt å lese- kjende meg nesten utsliten etter å ha fullført! Men- som spenningslektyre gir den maksimalt…etter mi meining.
Likevel- ei bok som viser at det gode i mennesket gir reslultat!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har Jordmora i bokhylla- ei bok eg likte godt. Har også fått Skår i hus- bibliotekutgåve! Skal bli spennande å lese!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alle har vi steder
i oss
hvor vi er alene
på måter ingen andre
vet om

Stein-Roger Olsen

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Hei!
Leseåret har vore nesten som vanleg…det har vore ein god del leseaktivitet med alle restriksjonane som har vore i landet vårt. No ser det heldigvis ut til å gå rette vegen!
Eg skal halde fram med Det åttende livet (til Brilka) som eg framleis likar svært godt. Men den er så tjukk at eg tek pauser for å lese andre ting.
No har eg leita fram Lord Jim av Joseph Conrad som har stått i bokhylla i årevis. Om eg no tek meg på tak og får lest den er eg litt usikker på….men, kanskje…

God helg!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Kjekt at du vil få i gang helgetråden- hyggelig å sjå kva andre kosar seg med i fritida!
Eg les ein murstein: Det åttende livet av Haratischwili- ei bok som er god på mange måtar- både innholdsmessig og språklig! Det er bra at innhaldet er oppdelt i bøker som har fått namn etter den personen som spelar hovudrolla.
Det er mange personar å halde styr på, så for meg er det nyttig å ta pauser mellom kvart «liv».

Er også i gang med Ekko av en venn av Ambjørnsen. Hyggelig å møte Elling igjen. Han er fornøyelig som alltid med sine gleder og sorger

God helg- det vesle som er att!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Du?
Ikke gi deg selv opp,
okay

Du er så mye mer
enn valgene du har tatt.
For du har lært og
du har vokst.

Vær stolt av det

Stein-Roger Olsen

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Å miste
er å lære seg å elske
på en annen
måte

Stein-Roger Olsen

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Denne hadde stått og støva ned i fleire år- hadde ingen forventningar - skulle berre fungere som «tidtrøyte» som me seier i vår del av landet. Men- den engasjerte- fekk meir og meir sympati for den dømte Agnes.
Og det at den er basert på verkelege hendingar gjer den endå meir engasjerande.
Interessant, ja..

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bøker som er ekstra tjukke- over 650 sider…med mykje godt lesestoff!


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Spennande...og så håper eg at det kjem inn fleire gode forslag. Det er utrulig mykje godt å velje mellom.:)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KBerit B LieBerit RKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundNorahTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakkaEli HagelundSigrid NygaardPiippokattaEivind  VaksvikGroHilde H HelsethRoger MartinsenDemeter