Godt sagt! (8) Varsle Svar

Så langt den beste i Joseph O'Loughlin - serien! Velskriven, truverdig, originalt trass i at sjølve idéen (forsvinningssak /kidnapping) er velbrukt og utslitt innenfor krimsjangeren. Stort pluss for språk og skrivestil, Robotham skriver som ei tenåring i eit augenblink og som ein vaksen mann det neste - og dette gjer at karakterane blir veldig ekte. Også stort pluss for perfekt lengde - handlinga rullar ut i bolker, i små doser, utan at boka blir treig og langdryg. Spenning, drama, kjensler. Herleg gjensyn med fleire av karakterane frå dei andre bøkene i serien. Vil til slutt nemne at boka fint kn lesast utan å ha lese dei andre bøkene i serien. Ekstra gøy å ha kjennskap til karakterar frå før av, men absolutt ikkje nødvendig for å lese denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er straks ferdig med Say You’re Sorry av Michael Robotham, sjette boka i ein serie, og dessverre den siste boka eg har ...så då må eg nok rett og slett berre skaffe meg dei neste to for denne forfattaren kan skrive! Etter å ha fått litt nok av krim og thrillere er det kun hos denne karen eg igjen har funnet leseglede innenfor denne sjangaren.

Etter at denne er lesen ut, sannsynlegvis i løpet av laurdagen, skal eg i gang med Dickens si Vår felles venn. Elska David Copperfiel og Store forventninger, så håper å oppleve same glede no. Leser vanlegvis engelske bøker på originalspråket, men gjer unntak med desse rett og slett fordi eg trenger god flyt og enkelt språk når boka er så tjukk. Moderne engelske bøker fungerer fint, men merke at klassikarne ofte kan bli litt tunge.

Og i lydbokverda er eg fullstendig forelska i ei feel-god serie av Robyn Cass - Sullivans Crossing. Er i gang med den tredje boka i serien: The Family Gathering. Småstadsdrama, psykisk helse, relasjonar, kjærleik osv. Ikkje noko litterært meisterverk, men veldig koselig, enkelt å henge med i, og ikkje minst gjer opplesaren, Therese Plummer, ein såpass god jobb at det er ein fryd å lytte. Blir imidlertid neppe noko lydbok i helga ettersom det ikkje er så sosialt akseptert å sitte med lydbok på når det er andre til stades ... :-p

Godt sagt! (5) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne blir samenlikna med The Handmaid´s Tale - ei bok eg elska! Fallhøgda var dermed ganske stor, og eg må dessverre seie at boka ikkje berre fell; ho stupte. Starta bra, spennande utgangspunkt, interessant tema. Vi befinner oss omlag tusen år fram i tida. Forfattarinna av boka, Naomi, mottar eit manus, ein historisk roman, frå ein forfattarkollega - og det er dette manuset vi leser. Han tek føre seg fortida - då dette fenomenet "kraften" oppsto. Kraften som dukka opp i alle ho-kjønna i verda og endra verdsbilete. Så det vi leser er ein slags analyse og filosofering av korleis krafta oppsto, korleis ting moglengens var før krafta oppsto og korleis heila verda blei enda då krafta kom

men så ... interessen dabba av. Eg trur det skuldast at eg ikkje kjente noko for karakterene. Dei var liksom berre der som nokre pappfigurar som sa ditten og gjorde datten. Eg kom meg ikkje inn under huden på dei, dei blei ikkje "tredimensjonale" nok. Syntes og handlinga tidvis blei litt for overfladisk. Sakna meir kjensle, mer menneskeligheit. Tenkte fleire gonger undervegs at denne boka ville gjort seg betre som film eller TV-serier enn som roman (og - det viser seg jo gså at boka skal bli til TV-serie...)

Absolutt underhaldande og tankevekkande. Men ingen høydare. Boka hadde stort potensiale, som eg føler at blei ødsla bort, dessverre. Kunne blitt så bra dette, men nei, noko eg ikkje klarar å sette fingeren på gjorde at boka ikkje blei det meisterverket ho kunne blitt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dette er ei fin bok om familie og relasjonar - og ikkje minst om sjukdommen Alzheimers; spesifikt "early onset alzheimers" som har ramma den så vidt førti år gamle tobarnsmora, Claire, i denne familien.

Vi følgjer handlinga her og no - Claire si siste dag på jobb før ho må trekke seg ut av arbeidslivet fordi ho ikkje er frisk nok lenger, eldste-dottera som kjem heim frå universitetet på ferie og som har sitt å stri med, Claires ektemann som er den hukommelsen og kjenslene kjappast gløymer, yngstedottera på tre som ikkje skjønner kva som skjer, og sist men ikkje minst - Claire si eiga mor som alt har pleid sin ektemann for same sjukdom heilt til han dauda; no må ho pleie si eiga dotter for samme sjukdom.

Vi følger mest av alt Claire, inn og ut av klarheit og får sjå korleis sjukdommen påverker ho og dei rundt henne. Vi får også innblikk i fortidas minner via ei notatbok - "The Memory Book" - som alle i familien bidrar med å fylle opp av minner.

Författarinna klarar effektivt å veksle mellom dei ulike karakterane, og mellom fortid og notid utan at det blir tilgjort eller kunstig. Likar godt språket også - det er ganske rett fram og heldigvis utan ein unødig mengde adjektiv og langdryge skildringar. Truverdige plott, ekte karakterar med dybde, humor blant alvoret, gode dialogar.

Må også nevne at skuld-kjensla kjem godt fram i denne boka. Utan at ho noko sinne blir direkte nemnt, kan ein likevel sjå korleis absolutt alle (kanskje utanom den uvitne og lykkelege minstemann på berre tre år...) i boka kjenner ein slags skuldkjensle over ikkje å strekke til, ha manglande tålmod, over å være sjuk ...

Har med tida lese ein god del bøker kor Alzheimers og/eller demens er eit tema, og då eg etter ei lita stund oppdaga at det var tema også her blei eg faktisk litt skuffa og tenkte med eit sukk at; årgh... endå ei alzheimers-bok. MEN MEN MEN - eg er verkeleg glad for at eg las boka ferdig, for det handla om så utruleg mykje meir enn det. Altså blant dei bedre "alzheimersbøkene" er har lese, sannsynlegvis fordi vi i boka får følgje fleire karakterar, og fordi det fins ein fin balanse her mellom tårevåte episodar og humor. Denne boka her gjorde større inntrykk på meg enn kva er forventa - for no, ei veke etter å ha lese boka, hugsar eg alt eg las og kan lett leve meg inn i handlinga igjen. ´

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka svarte ikke til forventningene. Handlingen var spennende. Kapittelene ble etter min mening for oppstykket med frem og tilbake mellom tidsepokene. I perioder var jeg usikker "hvor jeg var".
For øvrig vises til forlagets omtale.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er den sjette boka i serien "om" Joeseph O´loughlin. Sjette, i hermeteikn, fordi Joe kun har ei lita birolle i denne boka, litt som i bok nr to i same serie: her er det politimannen Ruiz som står for det meste av "spot-light"-et. Viktig å påpeike at denne boka fint kan lesast utan å ha lese dei andre bøkene i serien. Handling og karakterane krever ikkje noko meir tidligare kunnskap.

Denne boka tar føre seg økonomisk svindel og kvitvasking av pengar, og handlinga utspeler seg internasjonalt - vi følgjer karakterar i Washington, USA: London, UK: Afghanistan, og Irak. Konflikten med Saddam står sentralt her, og det heile er både lærerikt og realistisk.

At forfattaren har bakgrunn som etterforskende journalist, kjem klart fram i denne boka, og han har gjort ein fantastisk jobb med å komponere denne thrilleren som er vanvittig spennande reint litterært, men samstundes høgst aktuell og realistisk. (Han skriver eit lite notat sist i boka om at stoffet er basert på research). Forfattaren har også erfaring innen fagfeltet psykologi - noko som kan sjåast i alle bøkene hans på måten har klarar å formidle karaktertrekk og menneskeleg natur på

I London er ein bankarbeidar forsvunnen, og kona og kollegene leiter. Holly og kjærasten får hjula til å gå rundt ved å stele og bedra seg til det dei treng av pengar. I Afghaninstan bedriver jurnalisten Luca etterforskningarbeid etter at endå eit bankran oppstår og fleire av dei involverte er drepne. I Washington sit det ein bekymra mann som vil utslette alle spor ...
Vi følgjer i denne boka ein rekke karakterar, mellom anna: ein journalist i Irak, eks-politimannen Ruiz i London, den nittenårige ungjenta Holly, bankarbeidarens gravide kone, terroristar, bankeigarar, innvestorar m.f

Trass i det store persongalleriet følte eg at eg blei godt kjend med personligheitene, at dei fekk nok "plass" til å utvikle karaktertrekk som gjorde at eg blei kjend med dei. Robotham vekslar elegant mellom dei ulike landa og karakterane og klarar å formidle eit ganske komplisert og samansatt plott på ein ryddig måte.

Denne boka anbefalest sterk til alle som vil lese ein høgst realstisk, aktuell og lærerik kriminalroman. Ikkje minst byr boka på spenning til siste side. Dette er ei bok som fortener eit større publikum.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den trettende fortellingen av Diane Setterfield
Det går ett år eller to mellom hver gang, men den boka elsker jeg! Stemningen, mystikken, plottet, de to parallelle historiene. At jeg liker denne så godt henger nok også sammen med at det var den boka som gjorde meg glad i lesing da jeg i utgangspunktet ikke vsr noe lesehest før jeg runder tjue år. Denne har jeg lest på norsk, engelsk og lyttet til som lydbok.

En annen bok jeg leser flere ganger er Kvinnen som kledde seg naken for sin elskede av Jan Weise. Oppdager alltid noe nytt. Og hver gang blir jeg like imponert over hvor stor fortelling s.om blir formidlet på de få sidene.

Hver sommer leser jeg forresten Sommerboka av Tove Jansson
Anbefaler den sterkt!! Virkelig en nydelig liten perle.

Ellers blar jeg ofte i Den store Mummiboka, leser aldri fra A til Å, men liker godt å bla og lese litt her og der. Samme gjelder Ole Brum - boka, den gode gamle jeg har hatt siden barndommen. Også Dustefjerten og den store sommarferieturen leser jeg årlig

Godt sagt! (6) Varsle Svar

For en fin anmeldelse, takk! Har denne i hylla nemlig, ulest... Har lest to av hans store, tykke romaner og likte dem godt, og nå etter dine lovord her skal jeg jaggu børste støvet av Ambulanse og lese den også =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om du er i det humoristiske hjørnet en dag, kan jeg anbefale A Hitchhikers Guide To The Galaxy til punktet for romferd :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Herlig anmeldelse. Jeg opplevde boka mye på samme måte som deg. Spennende nok til å fullføre, men ble aldri fengslet og tror det er fordi jeg ikke følte noe for karakterene, de var for upersonlige. Skuffende mtp lovordene den er pryda med på omslaget.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her passer kanskje også den japanske bestselgjaren "The Travelling Cat Chronicle" inn =) stilig liste, kreativt!

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

John LarsenHelena ERonnyJulie StensethAvaHeidi LPiippokattaNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTovesveinKorianderTone SundlandSigrid Nygaard