Dette er ei fin bok om familie og relasjonar - og ikkje minst om sjukdommen Alzheimers; spesifikt "early onset alzheimers" som har ramma den så vidt førti år gamle tobarnsmora, Claire, i denne familien.
Vi følgjer handlinga her og no - Claire si siste dag på jobb før ho må trekke seg ut av arbeidslivet fordi ho ikkje er frisk nok lenger, eldste-dottera som kjem heim frå universitetet på ferie og som har sitt å stri med, Claires ektemann som er den hukommelsen og kjenslene kjappast gløymer, yngstedottera på tre som ikkje skjønner kva som skjer, og sist men ikkje minst - Claire si eiga mor som alt har pleid sin ektemann for same sjukdom heilt til han dauda; no må ho pleie si eiga dotter for samme sjukdom.
Vi følger mest av alt Claire, inn og ut av klarheit og får sjå korleis sjukdommen påverker ho og dei rundt henne. Vi får også innblikk i fortidas minner via ei notatbok - "The Memory Book" - som alle i familien bidrar med å fylle opp av minner.
Författarinna klarar effektivt å veksle mellom dei ulike karakterane, og mellom fortid og notid utan at det blir tilgjort eller kunstig. Likar godt språket også - det er ganske rett fram og heldigvis utan ein unødig mengde adjektiv og langdryge skildringar. Truverdige plott, ekte karakterar med dybde, humor blant alvoret, gode dialogar.
Må også nevne at skuld-kjensla kjem godt fram i denne boka. Utan at ho noko sinne blir direkte nemnt, kan ein likevel sjå korleis absolutt alle (kanskje utanom den uvitne og lykkelege minstemann på berre tre år...) i boka kjenner ein slags skuldkjensle over ikkje å strekke til, ha manglande tålmod, over å være sjuk ...
Har med tida lese ein god del bøker kor Alzheimers og/eller demens er eit tema, og då eg etter ei lita stund oppdaga at det var tema også her blei eg faktisk litt skuffa og tenkte med eit sukk at; årgh... endå ei alzheimers-bok. MEN MEN MEN - eg er verkeleg glad for at eg las boka ferdig, for det handla om så utruleg mykje meir enn det. Altså blant dei bedre "alzheimersbøkene" er har lese, sannsynlegvis fordi vi i boka får følgje fleire karakterar, og fordi det fins ein fin balanse her mellom tårevåte episodar og humor. Denne boka her gjorde større inntrykk på meg enn kva er forventa - for no, ei veke etter å ha lese boka, hugsar eg alt eg las og kan lett leve meg inn i handlinga igjen. ´
Dette er den sjette boka i serien "om" Joeseph O´loughlin. Sjette, i hermeteikn, fordi Joe kun har ei lita birolle i denne boka, litt som i bok nr to i same serie: her er det politimannen Ruiz som står for det meste av "spot-light"-et. Viktig å påpeike at denne boka fint kan lesast utan å ha lese dei andre bøkene i serien. Handling og karakterane krever ikkje noko meir tidligare kunnskap.
Denne boka tar føre seg økonomisk svindel og kvitvasking av pengar, og handlinga utspeler seg internasjonalt - vi følgjer karakterar i Washington, USA: London, UK: Afghanistan, og Irak. Konflikten med Saddam står sentralt her, og det heile er både lærerikt og realistisk.
At forfattaren har bakgrunn som etterforskende journalist, kjem klart fram i denne boka, og han har gjort ein fantastisk jobb med å komponere denne thrilleren som er vanvittig spennande reint litterært, men samstundes høgst aktuell og realistisk. (Han skriver eit lite notat sist i boka om at stoffet er basert på research). Forfattaren har også erfaring innen fagfeltet psykologi - noko som kan sjåast i alle bøkene hans på måten har klarar å formidle karaktertrekk og menneskeleg natur på
I London er ein bankarbeidar forsvunnen, og kona og kollegene leiter. Holly og kjærasten får hjula til å gå rundt ved å stele og bedra seg til det dei treng av pengar. I Afghaninstan bedriver jurnalisten Luca etterforskningarbeid etter at endå eit bankran oppstår og fleire av dei involverte er drepne. I Washington sit det ein bekymra mann som vil utslette alle spor ...
Vi følgjer i denne boka ein rekke karakterar, mellom anna: ein journalist i Irak, eks-politimannen Ruiz i London, den nittenårige ungjenta Holly, bankarbeidarens gravide kone, terroristar, bankeigarar, innvestorar m.f
Trass i det store persongalleriet følte eg at eg blei godt kjend med personligheitene, at dei fekk nok "plass" til å utvikle karaktertrekk som gjorde at eg blei kjend med dei. Robotham vekslar elegant mellom dei ulike landa og karakterane og klarar å formidle eit ganske komplisert og samansatt plott på ein ryddig måte.
Denne boka anbefalest sterk til alle som vil lese ein høgst realstisk, aktuell og lærerik kriminalroman. Ikkje minst byr boka på spenning til siste side. Dette er ei bok som fortener eit større publikum.
Den trettende fortellingen av Diane Setterfield
Det går ett år eller to mellom hver gang, men den boka elsker jeg! Stemningen, mystikken, plottet, de to parallelle historiene. At jeg liker denne så godt henger nok også sammen med at det var den boka som gjorde meg glad i lesing da jeg i utgangspunktet ikke vsr noe lesehest før jeg runder tjue år. Denne har jeg lest på norsk, engelsk og lyttet til som lydbok.
En annen bok jeg leser flere ganger er Kvinnen som kledde seg naken for sin elskede av Jan Weise. Oppdager alltid noe nytt. Og hver gang blir jeg like imponert over hvor stor fortelling s.om blir formidlet på de få sidene.
Hver sommer leser jeg forresten Sommerboka av Tove Jansson
Anbefaler den sterkt!! Virkelig en nydelig liten perle.
Ellers blar jeg ofte i Den store Mummiboka, leser aldri fra A til Å, men liker godt å bla og lese litt her og der. Samme gjelder Ole Brum - boka, den gode gamle jeg har hatt siden barndommen. Også Dustefjerten og den store sommarferieturen leser jeg årlig
For en fin anmeldelse, takk! Har denne i hylla nemlig, ulest... Har lest to av hans store, tykke romaner og likte dem godt, og nå etter dine lovord her skal jeg jaggu børste støvet av Ambulanse og lese den også =)
Om du er i det humoristiske hjørnet en dag, kan jeg anbefale A Hitchhikers Guide To The Galaxy til punktet for romferd :-)
Herlig anmeldelse. Jeg opplevde boka mye på samme måte som deg. Spennende nok til å fullføre, men ble aldri fengslet og tror det er fordi jeg ikke følte noe for karakterene, de var for upersonlige. Skuffende mtp lovordene den er pryda med på omslaget.
Her passer kanskje også den japanske bestselgjaren "The Travelling Cat Chronicle" inn =) stilig liste, kreativt!
"Vi dør alle sammen," sa jeg. "Spørsmålet er bare når."
Jenta spaserte forbi, likegyldig, forførende, med øyne gjemt bak billige solbriller. Den gamle mannen rettet seg opp da jenta passerte. "Er ikke buksene dine litt for trange?" Spurte han. "Kyss meg i ræva, onkel," svarte hun.
1Q84 er en fantastisk trilogi! En av mine desiderte favoritter gjennom tidene. Har så lyst til å se denne filmatisert eller som tv-serie. Tror det kunne blitt en stor suksess! =) kos deg med siste resten
Denne helga satser jeg på å lese ferdig Kraften av Namoi Alderman. . Og i lydbokverdene er jeg straks ferdig med The Outsider av Stephen King. Likte boka i starten men halvvegs inn når diverse overnaturlige element kommer inn i handlinga kjenner jeg at jeg mista litt av interessen. Men oppleseren, Will Patton, redder denne boka, han er en fryd å høre på!
Neste bok ut tror jeg blir en mer lettlest feel-good bok for nå har jeg lest mye litt tungt.og tregt
Handler serien om det samme som boka?
Fire glitrande stjerner!
Denne boka blei berre betre og betre. Det er ingen sterk spenningsbok dette. Det er ei roleg bok fullstappa av kjensler. Handlinga foregår relativt sakte, men eg blei likevel oppslukt av boka og las ho fort ut.
Ei gatekatt blir tatt inn i hus av ein katteelskande ungkar. Nokre år seinare må katta få ny bustad då ting endrar seg i livssituasjonen til denne mannen. Mens han leiter etter ein ny og eigna plass for katta reiser dei to i lag til desse aktuelle stadene - som sjølvsagt ikkje er gode nok for den fantastiske katta hans. Undervegs i reisa, via menneskene han oppsøker, får vi innblikk i fortida og oppveksten. Samstundes fortsetter handlinga her og no fram til den endelege staden der katta skal fortsette å bu
Ei bok for alle!
Særleg er dette ein "must read" for alle dyreelskarar. Men ein treng ikkje vere katteeigar for å like denne boka (eg har ikkje katt!).
Fordattarinna vekslar elegant mellom å fortelle i tredjeperson og å la katta fortelle mykje av historia frå si stemme i førsteperson.
Boka er kjenslerik utan å bli sentimental, situasjonar og kjensler er gjenkjenbare, karakterane er truverdige, språket er godt - mykje blir fortalt på desse 250-isj sidene, det er ikkje noko overflatisk og unødig, ingen overdrevene lange skildringar og dialogane fluter også godt.
Les les les!!!!
Feel good (og litt feel sad) på sitt beste
When it came to the dark fuckery of the human heart, there seemed to be no limit.
Eg starta på dei fem bøkene om Patrick Melrose føre helg og no er eg halvvegs i bok nr fire. Rekner med å lese ut den fjerde boka ila helga, kanskje også starte på den femte. Må seie eg ikkje heilt syntes bøkene lever opp til all "hypen" - særleg bok to og tre var treige og i grunn ganske ordrike ifht kor lite handling som utspeler seg. Men når eg no har lese nesten fire aav fem bøker vil eg ikkje berre gje meg. Er dessutan nyfiken på serien på HBO så eg skal gjere. Meg ferdig.
Dette er den første svenske klassikaren eg les, og også den første av denne forfattarinna. Eg blei i utgangspunktet nyfiken pga tittelen, deretter fordi eg leste at Selma Lagerlof var den første kvinna som vann Nobelsprisen i litteratur.
SUPERKORT SKILDRING AV BOKA:
Ei relativt spinkel og mager bok, med ein relativt stor fortelling inni.
HANDLING:
Hovudpersonen i boka er Jan og vi får i denne boka sjå korleis han opplever å for første gong kjenne og erfare kjensla av kjærleik. Denne kjærleiken vaknar i han då dottera (som han i utgangspunktet ikkje er særleg begeistra for å skulle få...) blir født. Og så - då ho omsider forlét heimen som syttenåring går denne kjærleiken over i noko anna, til noko vondt og altoppsluknade som driv han frå vettet.
I boka følger vi Jan, Kattrina, dottera, og tidvis ein del andre mindre karakterar. På sine knappe to hundre (+) sider får forattaren formidla ein stor fortelling og nokre "små", fattige menneske i Sverige.
EI LITT MEIR UTDYPA SKILDRING AV MITT MØTE MED BOKA:
Eg frykta at boka skulle vere "seig" og treig, at hennar alder skulle gjere språket framande og komplisert. Heldigvis var ikkje dette tilfelle. Dette er ei lettlesen lita bok som gjer ein mogleheiten til enten å "berre lese" og følge plottet, eller ein kan velgje å dvele litt ved enkelte parti - for det står mykje mellom linjane her. Mykje kan tolkast, mykje kan ansjåast som frampeik og hint. Og det finsst og ein god del symbolikk her. Men dette kan ein også velgje å "ignorere" og likevel få ein fullgod lese-oppleving.
Eg hsr omlag femti sider igjen i Keiseren av Portugalia, rekner med å bli ferdig i kveld. Resten av denne helga skal tilbringast på hytta med foreldre, sysken, tantebarn og sambuar. Rekner ikkje med det blir særleg med tid (eller stille) til å lese. Men om rg får tid vil eg enten starte på Patrick Melrose, eller Chasing Windmills av Cathrine Ryan Hyde. Begge frister! Tida får vise kva det blir! Eit tredje alternativ er Fuglane av Vesaas for den boka gløymte eg forrige gong vi var på hytta og eg har enno til gode å lese ho
Las den trilogien i fjor, elska han! Dei to første er dei beste, den siste syntes eg blei litt treig. Nummer to er den beste, så gled deg!
Eg leser Apehuset av Sara Gruen, har hundre sidar igjen så regner med å bli ferdig i løpet av laurdagen. Etterpå veit eg ikkje heilt kva eg vil lese. Vurderer enten ein ny krim av Michael Robotham, då eg er midtvegs i serien om Joe O' Loughlin. Eller så blir det Vi mot dere, nummer to i Fredrik Backmans Bjørnstad-serie. Valgets kvaler, altså! Var eigentleg desse same to bøkene valet sto mellom sist gong og, og då fann eg plutseleg berre på at eg skulle lese Apehuset...eit innfall eg er svært glad for å ha fulgt opp for denne boka er midt i blinken for meg! Handling som utspeler seg kjapt, fenagde, originalt, sjarmerande apar...! Likar i grunn denne betre enn eg likte den føre boka hennar, Vann til Elefantene. Og ...syntes det er merkeleg at denne boka er så lite populær på Goodreads.
Elles skal eg ut å springe ei lita tur i dag. Gubben er på tur og eg aleine heime, huset er nyvaska frå i går. Og eg skal berre vere lat, nyte åleinetid, lese, springe, lese, ete ...! Og i morgon, sundag, blir det vel,å vere litt meir sosial. Sjår føre meg ein runde med klatring saman med kjærasten og bekjente, nokre runder Scrabble og filmkveld. Helga si det! :-)
Omslaget gjer at ein forventer å flire seg gjennom boka, og omslaget bidrar derfor, dessverre, til å auke lesarens forventingar alt før boka blir opna - og dette gjer at dei fleste nok blir litt skuffa. For jo da, boka ER morosam, det finst ein del komiske scenar, ein del tankar man kjenner seg att i osv, men hysterisk er ho ikkje.
Boka tek føre seg Ingrid Winters liv i ei relativt kort periode kor ein del ting skjer - huskjøp, hussalg, små-konfliktar i foreldre-rådet på skulen, nokre episodar i barnehagen, utfordringar på jobben. Det heile toppar seg då ho blir sendt til Russland for å lage ein samarbeidsavtale med universitetet der, noko som viser seg å bli ein hendelesrik og utfordrande affære.
Eg likte boka ganske godt, heilt til denne Russlands-reisa kom inn i bilete omtrent halvvegs i boka: då syntes eg det blei litt for mykje, litt for morosamt, litt for dramatisk ... det blei ikkje truverdig, eg klarte ikkje tru på Ingrid Winter som karakter.
Eg likar små-vittige, sarkastiske bøker. Men denne traff meg ikkje. Eg føretrekk då heller bøkene til Marit Eikemo - som skriv litt i same stil, men med betre utvikla karakterar, meir realtistiske situasjonar og med ein humor som verker meir naturleg/mindre tvungen.
Alt i alt er dette ei heilt ok bok - lettlesen, småvittig, koseleg - men den er ikkje noko meir enn det. Dessverre er det ei slik bok eg "gløymer" så snart siste sida er lesen ut, ei bok eg neppe kjem til å tenke på eller ønskje å lese igjen. Men - ho fekk då laurdagen til å gå, om ikkje anna.
Les om du er i humør for noko veldig lettlesen som ikkje krever særleg konsentrasjon, les når du vil lese ei bok på ein dag eller ila ei helg, les når du berre vil slappe av og ikkje tenke. Ikkje les om du ser føre deg at eit lattarbrøl skal frakte deg gjennom sidene - det skjer ikkje. Og; ikkje tru på alt du høyrer (=bok-omslagets lovord)
Nei - kva skal ein seie?
Dette var ... stusseleg, det var overdrevent-overdramatisk, lite truverdig, hysterisk: såpass "over the top" at det tidvis blei komisk. Likevel fullførte eg - noko som nok skuldest at eg lytta til lydboka og at ho som las gjorde ein god jobb slik at dei blei solid underhaldning av det. Hadde eg derimot lese boka sjølv, trur eg neppe eg ville komt halvvegs utan å bryte av. Grunne karakterar utan særleg personligheit, tidvis veldig forutseigbart... nei... dette er det siste eg les av denne forfattarinna
Vi følger eit ektepar her, kor han er ein psykopat som har gifta seg utelukkande for penganes og livsstilens skuld. Konfliktene startar alt før boka er i gong, vil eg tru, men spissat seg til då ho oppsøker fertilitetsklinikk for å få hjelp til å bli gravid. Ho veit ikkje at han har sterilisert seg. Ho veit heller ikkje at han sjekker damer på si, og lever eit parallelt liv kor han utgjer seg for å vere ein annan mann. Då ho oppsøker klinikken, vil dei også undersøke mannens sperma -Korleis skal han hindre henne i å finne ut at han er steril? Korleis skal han leve vidare på løgnen? Han legger ein plan for å kome seg ut av knipa, ein plan som må vere slik at han ikkje mister tilgongen/rettigheiten til formuen hennar. Og ho? let ho seg lure? Kven fortel den siste løgnen?
Om du trenger eit krimplott å le av - og ikkje fordi det med vilje er morosamt ... - ja då er dette er kjempetips!