Litt spennande å sjå kor ulikt inntrykk me har av boka. For meg blei dette ei fin og var forteljing om to einsame sjeler som finn kvarandre, på tross av stor alderforskjell.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som skeptikar var eg og skeptisk til denne boka før eg starta å lese. Men eg er einig med deg: ei lun forteljing om den "kloke" kona Anna som strevar med å finne seg sjølv og sin plass i samfunnet. Boka er ingen biografi, men skriven i romanform, og som roman er ho god, men eg saknar litt meir fakta om Anna sin kvardag og livet hennar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Boker som er gitt til enkelt personer som gave, til bruktbutikk, loppemarked eller lignende og derfor ikke lenger finnes selv om den er registrert over bøker oppført her på "Bokelskere".


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har nett starta på boka, men allereie lagt ho vekk fleire gonger. Ho fenger meg ikkje rett og slett. Merkjer at tankane mine hamnar over på kva eg burde gjera av husarbeid og andre trivielle ting... Det har skjedd før, at "gode" bøker må leggast vekk for så å takast fram igjen seinare. Kanskje er dette ei av dei. Og nei, storleiken på boka har det ikkje noko med, eg har før søren meg lest alle "Min Kamp"-bøkene...

Godt sagt! (3) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

I helga las eg ferdig "Bienes historie" av Maja Lunde. Ei flott bok frå tre ulike tidsepokar. Av ein eller annan grunn måtte eg sjekke om forfattaren verkeleg var norsk, og då meiner eg det positivt. Det er eit internasjonalt "svung" over både språk og innhald synest eg. Ei nydeleg bok om relasjonar mellom foreldre og barn, men og om bier og korleis det kan gå om me ikkje tar vare på naturen...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tusen takk for flott anmeldelse. Haugesund er fin på høsten også. God tur :D

Godt sagt! (0) Varsle Svar

historisk romanserie fra Haugesund i 1919


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litt gøy det da, Broadchurch har eg sett, likte den veldig godt :-). True Detective prøvde eg meg på, men fekk ikkje med meg starten og datt av. Nå har eg begynt å følgje med på Gåsemamman (svensk). Eg er ikkje noko spesielt tilhengjar av seriar som går i det "uendelege", 8-10 episodar held lenge.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg likar godt å sjå skandinaviske krimseriar, men og krim frå England låner eg augo til. Akkurat nå er det Hinterland (Wales) eg brukar fredagskveldane på. Prøvde meg på Johan Falk (Sverige), men det blei vel amerikansk, og amerikanske krimseriar blir for mykje "glamour" og vel, rett og slett for "amerikansk". Der sit sminka like godt gjennom både nattestid og kjeltringjakt, om det skjer i by eller ørken. Høghela sko passar visstnok og uansett kva desse unge FBI-agentane (kvinnelege) utset seg for... Homeland er eit unnatak, her blei eg litt hekta.

Såg nettopp krimserie frå Island som eg "storkoste" meg med (ja, det går an å kose seg med mord, blod og gørr..). Under heile serien var eg nok like opptatt at språket som av plottet, og det var rett før eg melde meg opp til studie om det islandske språket :-)

Elles ser eg ulike faktaprogram, mest på Nrk. Nå har det vore Jeg mot meg og Guds lærllnger eg har kikka på. Skavland og Lindmo får eg og med meg om eg er heime.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Som norsklærar for denne aldersgruppa skulle eg ønske du hadde rett.... Eg er heller ikkje einig i skildringane dine om boka, men konklusjonen kan me einast om: me likte ho ikkje!

Vaskeseddelen seier blant anna "....Det er rett og slett umulig å legge fra seg boken". Vel, eg har lagt boka frå meg "ørten" gonger og nå gir eg opp. Dette klarar eg ikkje.

Ein annan stad kan me lese: "En fulladet krysning av Homeland, The Wire og The Bourne Ultimatum".

NÅ er eg med, så viss nokon der ute kan tenke seg å overføre "Jeg er Pilegrim" til film, så skal eg ta med meg chips og cola og slenge meg ned i godstolen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

En utrolig sterk øyenvitneskildring fra krigen i Syria. Men det blir i meste laget, så faren er at man blir immunisert mot lidelsene i stedet for å ta dem inn over seg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jon Fosses bok “POESIAR etter Henrik Wergeland” er blitt en skatt av ei diktsamling. Under lesningen trenger et dikt av Tor Jonsson seg fram:

Fattig ynskje

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.

Jon Fosse tar oss med inn i Wergelands univers av stjerner, tårer, engler og svarte bølgjer og lar oss dvele der i “ei sky av noko som vart til fred.”

HO MÅ BERA HAN HEIM

og derifrå til himmelen
lik ein engel

å det er som om eit stilt
lummert regn
fall i hjarta mitt

og som om steinen
i smerta mi
sorga mi
løyste seg opp
i velsigning
og tekte berga
med ei sky av noko
som vart til fred.

IKRING OSS, ELSKTE, ER DEI

glade skuggane
så hald meg fast
i dine armar

for engelen har spreidd ut
sitt kjælne nærvær

og snart klagar det så ømt
så ømt
at det kan få gleda
til å gråta

å, du milde søte regn
hald fram

hald fram

DEI GAMLE STJERNER

såg kloten vår
verta til

Og evig klår er himmelen

Og landet søkk medan havet lyfter seg opp
friare enn fuglen

og med storm flyg eg bort
over bølgjers brytande skavlar
og høyrer ved havsens botn
jordklotens hjarta slå

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Formuleringskunst på høyt nivå, men det tar liksom ikke ordentlig fatt i meg. Et godt førsteinntrykk erstattes etter hvert av at jeg sitter og føler: var det ikke noe mer?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kva type bøker tenker du på? Informative/nøytrale bøker eller bøker frå personar som er gått ut av Jehovas vitner?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Døden er enstemmig.
Livet er et blandet kor.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det at jeg får lyst til å svare meg selv en dag etter å ha avsluttet lesningen forteller meg at denne boka har spesielle kvaliteter. Avslutningen av boka er sterk og lever i meg.Jeg tror jeg må oppgradere mitt terningkast fra 4 til 5.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er en helt spesiell leseropplevelse. Mange små språklige perler og forunderlige sprang og innfall i fortellingen. Men den griper meg ikke egentlig, livsopplevelsen blir for fremmedartet for meg tror jeg. Så skal jeg være tro mot mitt prinsipp om å gi terningkast helt subjektivt, blir det bare 4. Men en sekser for originalitet kunne den fått.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Håpar du får utbytte av lesinga :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg kan kontaktes direkte på admin@bokelskere.no.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilKaramasov11Astrid Terese Bjorland SkjeggerudJulie StensethKirsten LundChristoffer SmedaasKaren PatriciaBertyFlettiettesiljehusmorSigrid Blytt TøsdalLailaHarald KDemeterIngvild SBeathe SolbergRisRosOgKlagingLars Johann MiljeTrude JensenAnneWangTine SundalIngunnEileen BørresenVigdis VoldBerit B LieAnn ChristinStine SevilhaugErlend Rødal VikhagenIngunn STralteTheaTerje MathisenRune U. FurbergEgil StangelandCarine OlsrødDressmyshelfLisbeth Marie UvaagIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaTove Obrestad Wøien