Litt spennande å sjå kor ulik oppleving ein har av bøker, denne fall ikkje i smak hos meg. Undervegs tenkte eg at boka sikkert kunne gjort seg som tv-film. Ho har "alt": kvinneleg "profiler", mannleg og alkoholisert politimann, sjølvsagt ligg det litt romanse i lufta. Menneskehandel og unge vakre jenter som lever farleg då ein seriemordar går laus. Og som om ikkje det var nok så har hovudpersonen si syster vore offer for gruppevaldtekt, kanskje frå same gjeng som hovudpersonen Clare Hart er på jakt etter.

Så ja, plottet er heilt greitt, handlinga er lagt til Sør-Afrika, og forfattaren Margie Orford er i dag busett i same land. Vaskesetelen fortel at forfattaren er journalist og opptatt av levevilkåra til kvinner og barn, noko som og kjem fram i boka (tema: menneskehandel/prostitusjon).

Boka har fleire spenningstoppar, og ja, dei er spennande. Det meste er eigentleg "etter boka", så kvifor fengde ho meg ikkje? Mi oppleving trur eg heng saman med den norske omsetjinga. Eg stussar over litt tunge setningar og fleire stader undrar eg meg og over setningsoppbygging og val av ord. I teksten får me meir enn ein gong ei oppramsing av hendingar (refererande), og det er dette som gjer sitt til at eg trur mi oppleving har noko med omsetjinga å gjere.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg set Elena Ferrante og hennar Napoli-kvartett øvst på lista i år. Bøkene har eit så fint språk, og oversetjar Kristin Sørsdal har gjort ein framifrå jobb. I motsetnad til Knausgårds mursteinar av nokre bøker, der eg til slutt berre venta på at han skulle leggje inn årene, - gjekk eg med Napoli-bøkene berre å venta på neste bok. Kjenslevare skildringar av både kjærleik og krig, glede og sorg. Den siste boka Historia om det tapte barnet er kanskje og kvartettens beste.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det er så mange gode tips her, så 10 på topp får du ikkje av meg, men Napoli-kvartetten til Elena Ferrante må du absolutt få med deg. Start med bok 1: Mi briljante venninne og ta dei føre deg etter tur, eller les fleire av boktipsa du har fått innimellom. Bøkene er nydelege i både språk og handling (nynorsk).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka står på ønskelista og eg er veldig spent på korleis Renberg meistrar det å skrive på nynorsk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Der avslutta eg kvartetten om Elena og Lila, dei to venninnene frå Napoli og deira spesielle vennskap. Eg veit nesten ikkje kor eg skal begynne, men at dette er romankunst er det ingen tvil om. Her er det og på sin plass å gi honnør til oversetjaren Kristin Sørsdal som har gitt boka ei nydeleg nynorsk språkdrakt.Berre språket i bøkene er grunn god nok til å lese dei.

Dette er ein oppvekstroman som skildrar korleis det var å vekse opp og bu i Napoli, på godt og vondt. Mest det siste kanskje, i alle fall frå vår synsvinkel som innbyggjarar i eit samfunn som for dei fleste er både trygt og forutsigbart. Me følgjer jentene frå dei var små og inn i alderdommen, forelsking, giftarmål, skilsmisse og død. Vennskap og fiendskap, politiske hendingar og kvardagsliv. Og kanskje er det dette som er romanen si styrke, skildringane som gir lesaren så klare bilder frå heimane, gata, byen og landet, og ikkje minst skildringane av menneska gjennom hovudpersonen Elena sine auge.

Dei fleste som er interessert i litteratur har nok høyrd om både forfattar og romanane hennar. Er du i tvil om desse bøkene er noko for deg vil eg seie: lån den første uansett og sjå kva du synest. Sjølv meiner eg bok nummer tre er den svakaste, og nummer fire er kanskje seriens beste. Dette er ikkje "damebøker" og eg håpar inderleg at også menn vil lese desse bøkene. Det er dessverre slik at nokre menn berre les bøker av andre menn, det er det her ein god grunn til å endre på.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Og denne har eg heller ikkje sett etter å ikkje ha vore så aktiv for tida. Nå har du kanskje lese Bienes historie og ser at ja, det er ein type dystopi:-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ups, eg har ikkje vore aktiv her på lenge og heilt gløymt å sjekke svar til meg i "boksen". Eg tok eksamen i lese- og skriveopplæring: vidareutdanning som norsklærar. Kjempeflott studiet.

Håpar du har funne tilbake til leselysta :-) Det er lov å sutre litt innimellom ;-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

En venn av meg stakk til meg denne boka og sa jeg måtte lese den. Han antydet at det var en bok som ville få ungdom til å forstå hva som er viktig og være med å føre dem til Gud.For meg var det vanskelig ikke å legge boka fra meg. Formen var så absolutt ikke min, kjekkaseri og klisjeer, forblommede bilder og new age-preget selvutviklingsfilosofi. Men heldigvis kan jeg si til min venn at det er mye godt med boka. Mange vil ha godt av å ta til seg grunntankene og rådene som gis. Og når jeg greide å legge godviljen til, greide jeg å kjenne litt av feel-good-sjarmen også

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einig i det valet. Eg las boka i samband med nordisk grunnfag og avslutta oppgåva mi med hovudpersonen Elias Rukla eigne ord: Han oppdager at han er overflødig. Det er helt opplagt at han er en lærer som mener at det som gjør ham til lærer - at han er i stand til å formidle noe fra vår kulturarv videre til kommende generasjoner - det er det ikke lenger behov for. Ibsen-scenen viser hans angst over dette, og hans innestengte raseri. http://www.dagbladet.no/kultur/2006/08/04/472970.html

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Pattedyr har en altruistisk impuls , skriver Frans de Waal,og det er mulig å observere empati hos fugler. Godhet finnews, medfølelse og solidaritet er lett å observere f.eksw hos elefanter, aper, fugler. Noen ganger også hos mennesker.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

det eneste diktet ville befatte seg med den sommeren
var trær, løv, greiner
og skyggene av alt som kan oppsummeres
i ord som trær, løv og greiner
skyggene av greiner som vrir seg vekk fra greinene
skyggene av alt som finnes og som ikke får plass
i ord som oppriktig, uferdig, forventning og sorg

Godt sagt! (3) Varsle Svar

....
Hun fant problemer i ansiktet på kjæresten sin
Med en liten pinsett plukket hun problemer
fra pannen og neseryggen hans
Han likte det, han likte å bli kjent og plukket på
og hun likte også å finne problemer overalt hvor de vokste frem
....
Levende uløselige problemer
som ingen kan klare seg uten

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Å glede seg.Å være et barn som gleder seg hele uka til at det skal bli lørdag, hele vinteren til at det skal bli sommer.Noe som blir borte for deg. Hva var det du gledet deg til?Hva var det å glede seg til? Å være en voksen kvinne som tar på seg kjolen om morgenen, den kjolen som alltid var så fin før. Å være den mannen som ikke klarer å svare.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg måtte endre litt då det flaut over her... Nå er alle norske bøker på eige tv- og bibliotekrom. I stua står alle dei utanlandske bøkene: romanar i ulike sjangrar, men alfabetisk. Har alltid undra meg korleis folk kan finne bøker igjen når dei sorterer etter fargar, høgd osv. Eg likar å raskt finne bøkene mine, kanskje er det nokon som vil låne, kanskje les eg om bøker eg veit eg har, eller kanskje eg vil sjekke om eg har den og den boka. Då er det å ha dei alfabetisk det lettaste. Og eg er nok litt slik sjølv og: likar orden :-)

Dei norske bøkene er og sortert alfabetisk, men fagbøkene har eige hyller, det same har diktsamlinga mi og biografiar. Romanar er samla. Hagebøker har eg plassert i ei brei hylle ved trappeoppgangen og kokebøker har eigne hyller på kjøkkenet.

Eg er så heldig og har fått meg "hobbyrom" (kombinert med gjesterom) og her står strikkebøker, heklebøker og liknande Dei er sortert etter kva type handarbeid det er. Dei står der saman med permar som inneheld alt eg ein gong skal lage...

Må inn å redigere litt... Gløymde jo alle barnebøkene, dei står i ei stor hylle i gangen i kjellaren, så her har me bokhyller i tre etasjar... Jo, eg treng ei opprydding.

Nå må eg innrømme at det her i stua treng ei opprydding igjen, men ser ikkje noko god løysing på det utan å kvitte meg med nokre av dei... Ga meg sjølv kjøpeforbud tidlegare i år, men akkurat det klarte eg ikkje. Og når mannen og er glad i å lese (og kjøpe) så blir det fort fullt... Nips finst knapt her i huset, det er det ikkje plass til;-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vyrde forleggjar
Underteikna SIgurdsteinn Benònysson,. ordførar i Hneitisstad herad, sender Dykk med dette eit manuskript som omhandlar folkelivet her nord i Geirmundarfjord
Soga om Veret av Bergsveinn Birgisson

Eg har nettopp starta på boka og veit lite om kva som ventar meg, men ho verkar interessant. Boka opnar som eit brev til eit forlag frå ordføraren i Hneitisstad. Ordføraren legg ved eit manuskript som tar utgangspunkt i dagboka til Halldor, ein mann som har levd eit hardt liv som fiskar. Boka blei i 2003 nominert til Den islandske litteraturprisen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fant denne på et antikvariat for en tid siden. Har tidligere lest endel dikt av ham, men det var en flott opplevelse å lese mye i sammenheng. Vakkert, suggererende og poetisk:

Sakte ant
i rom av nytent stillhet
er synet som vider seg ut og ser
tidens urolige løp mot lysbitre avstander

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg var fascinert av Bolaños Roman 2666. Men fant den alrfor lang og utflytende. Når noen omtalte denne lille romanen som Bolaños beste, hadde jeg derfor store forventninger. De ble dessverre ikke innfridd. Forfatterens spesielle talent er så absolutt tilstede, boka er original og forbløffende, fortellermåten sier mye om romanens temaer. Men jeg sitter likevel igjen med en nokså sterk følelse av "Keiserens nye klær". Det var faktisk enda mer fristende å skumme passasjer i denne boka enn i 2666. Opphopningen av detaljer blir trøttende, selv om de altså absolutt forteller sin triste historie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er ganske imponert over NrK som brukar ein heil kveld på dikt, gamle som nye. At det måtte ein konkurranse til kan det vere ulike meiningar om, men kveldens program var flott.
Nokon set spørsmålsteikn med at det berre var "gamle" dikt som var i finalen. Tusenvis av forslag blei til 100, som så blei til seks utvalde dikt. Sjølv hadde eg tre av mine favorittdikt i finalen. Olav H. Hauge gjekk seirande ut med "Det er den draumen".

Hadde vore kjekt om dokker andre som har sett programmet kunne seie litt om kva dikt dokker eventuelt stemde på. Eg må innrømme eg stemde på Arnulf Øverland sitt "Du må ikke sove", sjølv om Hauge nok er den personlege favoritten. Øverland sitt dikt er jo så veldig aktuelt i dag, som under 2. verdskrig.

Eit annan ting å diskutere kan vere tankar rundt det at få nyare dikt var med i konkurransen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flott omtale på bloggen! Eg les boka nå, men slit med å komme i gong. Kanskje er det det at hovudet mitt er fullt opp av andre ting, som er årsaka til at eg mister konsentrasjonen. Eg skal gje boka ei ny sjanse, nettopp av den grunn. Det einaste eg har å seie nå er at eg synest forfattaren med fordel kunne skrive litt kortare setningar. Ei setning på 6-7 linjer kan bli litt mykje... Men det kan og skuldast fokuset mitt, - så nå startar eg på'an igjen :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Drømmer du om å bli forfatter – eller vil du utvikle skrivestilen din?
Eller er du nysgjerrig på hvordan en serieforfatter skriver en serie?
Kurset krever ikke annet av deg enn entusiasme, skriveglede og leselyst.

Forfatter Natalie Normann fra Haugesund har utgitt over 30 bøker og minst 200 noveller/føljetonger – hun gir deg sine beste skrivetips på dette eksklusive kurset. Hun er aktuell med sin nye romanserie Clara Wahl på Bladkompaniet, som eies av Vigmostad & Bjørke.

*Skrivekurs: Romanserie – slik lykkes du
Dato: Onsdag 5.oktober kl 16-19 på Haugesund
Folkebibliotek.
Påmelding: Innen 26.sepember, klikk her: Påmelding til kurset

Epost: Send påmelding på epost: mon-ko-l@online.no

Pris: Kr 750,- (inkludert baguett & drikke. Kaffe og kake).
Alle deltagere får 2 gratis bøker.

Om kurset:
Slik skriver du bok – uten å gi opp
Drømmer du om å skrive en serieroman, men vet ikke helt hvor du skal begynne? Har du en idé, men er ikke helt sikker på hvordan du skal lage en historie av den? Det er lett å bli overveldet og føle seg alene når man står ved begynnelsen av en serieroman. Trenger du råd om hvordan du skal utvikle ideen din, eller hvordan du skal skape spenning som holder i bok etter bok, eller hvordan du skal utvikle karakterene din sånn at de blir levende og troverdige, er dette kurset for deg.

En spennende sjanger – serieromaner er ikke som andre romaner!
En romanserie skal fortelle en historie over mange bøker, holde interessen ved like, få leseren til å glede seg til hva som skjer videre – noe som krever en helt egen innstilling til det å skrive bøker.
Kurset vil se på hva som skiller serieromanen fra andre romaner, hvorfor inspirasjon ikke er noe du kan vente på, og hvilke særpreg serieromanen har. Hva er det egentlig som må til for å skrive en fengslende serieroman og hvordan vet du om du kan klare det?

Egen hilsen fra kursholder og forfatter Natalie:
Mitt fokus er på underholdningslitteratur. De siste 26 årene har jeg skrevet utallige noveller og føljetonger for ukebladene. Jeg har utgitt syv krim- og spenningsromaner, jeg har skrevet tre skrekkbøker for barn, og jeg skrevet en bok for barn om å skrive egne historier.
I tillegg har jeg siden 2007 skrevet to romanserier og holder nå på med min tredje. Jeg har vært gjennom alle begynnerfeilene og utfordringene, og alle gledene ved å skrive en serieroman. Det er en utfordring ikke helt som andre, nettopp fordi serieromanen er et eget fenomen.

Jeg gleder meg til å treffe alle skriveglade på kurset.
Meld deg på og vi sees i Haugesund!
Beste hilsen Natalie Normann

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete Amundsen