Kva er det som skil trua på at Brann kan vinne Tippeligaen, frå for eksempel trua på at Jesus skal komme tilbake? Ikkje gløden og engasjementet. Ikkje alvoret og intensiteten. Ikkje begeistringa og tydinga for folks liv. Ikkje behovet for ritual. Ikkje fellesskapet. Ikkje aggresjonen når nokon krenker trua di. Det som først og fremst skil dei frå kvarandre, er at det første faktisk kan skje. Fotballsupporterar er berre religiøse folk som har sett seg litt meir realistiske mål.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er rart med det, er det ikkje? Har ikkje plass igjen, korkje på hybelen min eller mitt gamle rom heime hos foreldra mine. Likevel dukkar det opp eit par nye kvar månad. Ekstra motiverande er det jo når eit krigsbokinnkjøp får to tomlar opp frå far min!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og vi er i gang igjen!


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er heilt einig! Så enkelt og rett-på-sak, og samtidig så komplekst og gjennomført.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Innsirkling av Carl Frode Tiller - som eg ser mange før meg har nemnd - tok pusten frå meg. Eg vart heilt fengsla. Det er noko av det mest fantastiske eg nokon gong har lese. Språket, flyten og personane - eg kunne kjenne meg igjen i absolutt alle. Det var heilt villt.

Kompani Orheim gjekk ned på berre litt over eit døgn - eg ofra søvnen på nattbussen til Oslo for å lese den, deretter delar av søvnen på Kiel-ferga. Eg kan ikkje setje fingeren på kva det var som fenga meg eingong, og eg veit det framleis ikkje. Men åh, for ei oppleving den boka var.

Andre bøker som gjorde inntrykk var Vikna-saken og Hvem var Henry Rinnan?, begge gamle bøker om Rinnan og hans puslerier i Trøndelag under andre verdskrig. Dei fekk ekstra effekt i og med at eg budde i Grong på det tidspunktet, og slukte absolutt alt som hadde med krigen å gjere (noko eg forsåvidt gjer framleis). Song for Eirabu var òg eit stort høgdepunkt, og eg gler meg til å ta fatt på bok to ein gong til neste år.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Herregud, ja! Ååh! Det kom sånn fortryllande lyd, som om ein tryllestav vart svinga. Det var tider! Hugsar godt at eg hadde Tornerose, for den boka og kasetten var det skumlaste eg visste om. Heksa såg heilt forferdeleg ondskapsfull ut, og stemma passa utruleg godt til det biletet. Eg har heilt gløymt kva for andre kasettar eg hadde, fordi Tornerose sette så djupe inntrykk....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har ikkje lest den sjølv, men har fått høyre at "Drømmeløs" av Jørgen Brekke skal vere bra. Han har òg skrive "Nådens omkrets".

"Svermen" av Frank Schätzing finn delvis stad på NTNU/Trondheim, i tillegg til andre stader rundt om i verda.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

(...) Det var på langt nær den hardeste stridskontakten vi opplevde sammenlignet med de som kom senere, men det var den første. Nå satt jeg to år senere på en høyde ikke langt unna, sammen med mange av dem som var med den gang, og jeg hadde nettopp mistet en bror.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nok eit år der pengane har gått til bøker eg eigentleg ikkje har plass til.


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hadde nett same kjensla då eg leste boka i jula. Nydeleg bok på alle moglege måtar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sidan august i fjor har eg fokusert i hovudsak på historie, men berre den vesle, snevre delen som omhandlar verdskrigane. Utanom om det er ikkje interessa for historie så stor (enno).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

..... ja. Måtte gudane vite kvar pengane kom frå.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nokre hugsar framleis HBO-serien 'Band of Brothers', som tok for seg amerikanske Easy Company frå D-Dagen til Ørnereiret. Serien er basert på boka med same namn av Stephen Ambrose, men seinare har andre forfattarar og veteranane sjølve kome med bøker om opplevingane. Bøkene er nok for spesielt interesserte, men om andre verdskrig allereie er ei interesse, er det ikkje utenkjeleg at lista kan ha ein viss underhaldningsverdi.

Berre Ambrose si bok er omsett til norsk.


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Har høyrt utruleg mykje bra om Tiller frå fleire hold, så dette gler eg meg til! Takk for det :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ååh, for ei artig liste! Har hatt eit forhold til Namsos og Namdalen generelt sidan eg var lita, og sidan eg bur i Grong i år, passar denne lista ekstra godt. Tiller ligg allereie på "skal lesast", men dei andre skal eg òg ta å sjekke ut.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har den siste månaden unna meg fleire bøker enn det som burde vere mogleg når ein er fattig student.

Plague (Michael Grant), Kampen om Jerntronen (George R. R. Martin), Meditations on Middle-Earth (Karen Haber) og Krigens brorskap (Stephen E. Ambrose).

I tillegg kjem ni andre Band of Brothers-relaterte bøker, men titlane er så lange at det er berre stress å liste dei opp. Gler meg til å kome heim på haustferie og finne alle bøkene uopna på senga!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg såg TV-serien først og har nettopp lest A Game of Thrones, og er halvvegs gjennom bok to. Sjølv om det sikkert kjennest litt annleis for dei som leste bøkene før TV-serien, så må eg seie at eg er overraska over kor tru til bøkene dei faktisk har vore.

Det er for det meste detaljar du går glipp av om du ikkje les første boka, og så har dei gjort ein del endringar med storyen til Jon Snow (små endringar, som ikkje er sentrale og som var naturlege å gjere).

Og så er det sjølvsagt meir direwolfaction i boka.

Men alt i alt, så går det heilt fint å starte rett på A Clash of Kings.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg les aller helst på norsk, og engelsk klarar eg utan store problem. Likevel likar eg betre å lese på tysk enn på engelsk, for engelsk har aldri interessert meg noko særleg. Må innrømme at eg har lest svært få av dei tyske bøkene mine, men dei er gode å ha, og eg tek dei ofte fram for å passe på at eg ikkje gløymer tysken i denne perioden mellom vidaregåande og studia.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har kjøpt noko som 10 bøker dette året allereie, men dei siste var "The Inklings" av Humphrey Carpenter (biografi om Tolkien og Lewis med vener) og "The Letters of J. R. R. Tolkien", edited og utgitt av Carpenter og Christopher Tolkien. Begge er på engelsk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Postcard Killers var vanvittig spanande heile vegen, og så gjekk det berre rett ned på slutten. Altfor brå og "enkel" måte å avslutte ei komplisert sak på. Skuffande, spesielt etter den gode kritikken av boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminJohn LarsenTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaHarald KAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne Dahl