Trykk her for full bokomtale på bloggen.
Medan Småen sin Atticus vart eit ufeilbart moralsk kompass, ein mann som alltid støtta seg til objektiv rettferd, er Jean Louise sin Atticus tilsynelatande ein svakare mann – fysisk og moralsk. Alt fell saman når ho finn ut at han har delteke i eit borgarrettsmøte der afroamerikanarane sine aukande rettar vert kritiserte i harde tonelag. Atticus sin demokratiske sans spelar seg ut på ein måte Jean Louise ikkje klarar å forsona seg med. Småen sin Atticus var svært progressiv, Jean Louise sin far er meir tilpassingsdyktig.
Kven kan syne henne sanninga no? Jean Louise har på mange måter overteke Atticus si rolle. Ho er romanen si moralske røyst. Medan Atticus sin sans for rettferd er festa i den kjølege og observerande trongen til å skjøna alle sider, er Jean Louise sin ein ryggmargsrefleks. Ho skjønar ikkje den verda ho er ein del av, og i alle fall ikkje den delen av verda som heiter Maycomb. Kvardagen hennar heime er prega av ei manglande navigeringsevne som det er lett å leva seg inn i. Alt dette har ikkje gjort noko tidlegare, for ho har alltid hatt Atticus, men no har han – i hennar auge – blitt ein annan. Ho kan ikkje forstå at gode menn kan meine vonde ting, og korkje vil eller kan forstå Atticus sin ståstad når han freistar å forklara kvifor han deltek på slike møter. Han når ikkje fram til ho. Og ikkje heilt til meg heller. Han er på dette tidspunktet ein gamal mann, frå ein gamal tid. Freistar han å forsone gamle og nye verdiar? Er han progressiv for sin generasjon? Har det noko å seie? Er eg ute etter formildande faktorar, fordi eg, i likskap med Småen, er skuffa over at Atticus ikkje er ein person heva over menneskelege feil og fordommar?
Romanen er ikkje formleg ferdig. Nokre gonger er ho inkonsekvent, nokre gonger er den litterære kvaliteten ikkje heilt på topp. I meldinga mi skreiv eg at ho hadde hatt godt av ein pusseklut, men det er ingen som kan pusse på dette. Lee kan ikkje sjølv, og det hadde ikkje vore rett om ein redaktør tok grepa utan forfattaren sitt samtykke. Om ein klarar å sjå vekk frå dette, er dette ei interessant bok.
Løvetemmeren er typisk Läckberg, men ikkje Läckberg på sitt aller beste. Historien er spanande, grusom, og engasjerande. Det som foregår i Erika og Patrik si privatsfære er litt meir bedageleg, parodisk, og ein får inntrykk av at forfattaren held på å gjera seg ferdig med ein elles glimrande serie. Men det er ein god krim – ei bok ein ikkje kan legge frå seg. Eg har skrive om boka her.
Absolutt ikke det verste stedet å tilbringe helgen!
Drep ikke en sangfugl er ei fantastisk skildring av oppvekst i ein rasesegregert småby. Byen står foran eit rettsdrama: Ei kvit kvinne har vorte valdteken av ein svart mann, og Småen sin far skal vera forsvarar. Småen sitt univers er ikkje så stort, men det er mykje å sette spørsmålsteikn ved. I løpet av romanen finn ho ut kva slags folk som er den rette typen.
Gaarder er her, som i så mange andre romanar, på jakt etter universelle sanningar. Far til Georg stillar store spørsmål gjennom eit gamalt brev: er livet eigentleg verdt å leva, når ein veit at det skal ta slutt? Nokon gonger vert det belærande og svulstig. Men forteljinga i forteljinga er var og fantastisk, og det er god lesnad. Appelsinpiken er ei romantisk, men samstundes realistisk forteljing.
The Life List er ein fluffy dameroman. Det er med andre ord ein sjanger du må vera med på for å like boka. Heldigvis er eg det – det er ei veldig underhaldande bok, og forfattaren skriv godt. Noko forutsigbart til tider, men med morosame og engasjerande karakterar.
Krevande langdikt, men med fleire gode moment. Det er rått og brutalt, og absolutt ikkje for alle – ikkje alltid for meg heller. Men nokre gonger vert det sårt og vart om ein kjærleik som held på å ta slutt.
Uhyra spanande bok! Passar godt til målgruppa, men passar og godt til damer på snart 30 år. Forfattaren har jobba godt med å skape denne verda, gutane har til og med sin eigen sjargong. Eg har lese mange delte meiningar om boka, men eg fekk umiddelbart assosiasjonar til både Lord of the Flies og Enders Game. Har skrive meir på bloggen.
Av grunnar ho ikkje sjølv kan forstå, vert Kenzie kåra til ei av dei ti heitaste jentene på skulen. Det førar til ein popularitet ho eigentleg ikkje har så lyst på, men etter kvart vert det mørkare. Ein etter ein døyr dei mest populære jentene, og Kenzie er nummer fem... Treig i byrjinga, men om du held ut, vert det veldig spanande. Det er forfriskande med ein lynande intelligent kvinneleg hovudkarakter, men kanskje difor meir skuffande at ho er svært passiv.
Meir interessant enn sjølve tragedien, er kvinneteamet. Med vers som:
A man, when he’s tired of
the company in his home,
Goes out of the house and
puts an end to his boredom
And turns to a friend or
companion of his own age.
But we are forced to keep
our eyes on one alone.
What they say of us is that
we have a peaceful time
Living at home, while they
do the fighting in war.
How wrong they are! I would
very much rather stand
Three times in the front
of battle than bear one child.
Kjem kvinneteamet godt fram. Medea si kjærleik er ein del av ei forheksing, og ikkje ein "ekte" kjærleik, men sorgen som kjem som resultat av at Jason har sveke henne er høgst reell. Eg har skrive eit meir utfyllande innlegg på bloggen, men nøyar meg her med å sei at sjølv om det greske tragedie-formatet kan virke litt utgått på dato, er dette verket tankevekkjande.
Det er det året Anne går frå å vera seks til sju, året går frå sommar til vinter og så til sommar igjen, og ho går frå å vera sommarindianer til vinterindianer, og så til å vera åleine-indianer. Det er forteljinga om eit år.
Boka er stramt komponert. Formen får det til å virka som eit knippe med minner frå eit år som forandra alt. Romanen inneheld mykje sekstitalsnostalgi, men under det heile lurar eit mørkre. Eit ubehag bryt i dei idylliske og ordinære familieskildringane. Me veit at noko skal skje, men me veit ikkje heilt kva. Anne er til tider lite overbevisande som seksåring, nokre av skildringane er for vaksne, men det gjer i og for seg ingenting. Interessant bok, forfattaren har gjort ein del litterære grep som eg trur at ein anten elskar eller hatar. Les, og sjå sjølv!
Boka har eit nøytralt og pragmatisk språk, med nokre fabelaktige kontrastar. Tonen i boka gjer at den framstår som nærast journalistisk. Boka er bitteliten, reint fysisk, men på mange andre måtar ganske så stor.
Jeg tror Engler og demoner ble gitt ut etter Da Vinci-koden i Norge (uten at jeg kan begripe hvorfor, men har vel med filmen å gjøre), og jeg vet om folk som har lest Da Vinci-koden først, så det skal nok gå fint. :)
Eg hugsa denne boka som veldig god frå då eg var mindre, og tenkte å sjå kva eg tykte no som vaksen.
Denne boka er så undervurdert. Den er morosam, koseleg, trist, hjarteskjærande. Ei av dei beste bornebøkene eg veit om!
Forfattaren behandlar temaet barnemishandling med varsemd. Det går ikkje an å snakke om mishandling på ein lettvint måte. Det går ikkje an å gjere det triveleg og rustikt. Dei koselege og fargerike karakterane lettar tyngda i tematikken, og gjer den tålbar. Nokre av karakterane er rett og slett fortryllande (altså, du), og du vert glad i William og Tom frå side 2. Boka er berre på 296 sider, men den er varm. Ho er ikkje sentimental eller sippete, berre ærleg og rett fram. Boka er tru mot sitt eigentlege publikum, så reint litterært er det kanskje ikkje noko stort verk – men historien er sabla god.
Den passar godt til eldre born og yngre ungdom (som med all anna ungdomslitteratur er dette veldig avhengig av modenskap og interesse), men og til vaksne.
Tre kvinner freistar å oppnå fridom, på kvart sitt vis. Slavejenta Sarah, plantasjeeigarfrua Theodora, og plantasjeeigardottera Clarissa, har alle fått sine stemmar med i boka. I kvar sine kapittel lar dei handlinga spinne fram: Sarah og Clarissa er halvsystre. Alle veit det, og alle overser det. Sarah vert oppdratt til å vere Clarissa si kammerpike, og skal følgje ho når ho giftar seg. Boka handlar ikkje berre om diskriminering av slavar, men om kvinner generelt - det er tre svært ulike kvinnelagnadar me møter i Bryllupsgaven.
Denne boka kunne vore så bra - forfattaren er kunnskapsrik, og det er mykje drama i forteljinga. Diskrimineringsproblematikk i ulike former, med sørstatane som fargerikt bakteppe, kunne ha vore grunnlag for noko flott. Men boka vert aldri heilt forløyst, og sjølv om historien er full av dramatikk opplevast det heile likevel litt slapt.
Boka er lettlest, og fin som "feriebok", men ikkje ei bok eg kjem til å plukke opp på ny.
En utrolig spennende bok jeg knapt klarte å legge fra meg. Den er godt skrevet, og inneholder alt jeg ser etter i en god krimroman; spenning, intriger, romantikk og overraskende vendinger.
Lettlest og underholdende. Perfekt å lese på senga etter en lang dag!
Rørende, opprørende og spennende lesning. En smule langtekkelig.
“I’m probaly going to be crazy for the rest of my life, thanks to her. I’m going to keep making fucked-up decisions and doing weird things that I don’t even realize are weird. People are going to feel sorry for me, and I won’t ever have any normal relationships - and it’s always going to be because I didn’t have a mother. Always. That’s the ultimate kind of broken. The kind of damage you never recover from. I hope she feels terrible. I hope she never forgives herself.”
I fell in love with him. But I don't just stay with him by default as if there's no one else available to me. I stay with him because I choose to, every day that I wake up, every day that we fight or lie to each other or disappoint each other. I choose him over and over again, and he chooses me.