Trykk her for full bokomtale på bloggen.

Medan Småen sin Atticus vart eit ufeilbart moralsk kompass, ein mann som alltid støtta seg til objektiv rettferd, er Jean Louise sin Atticus tilsynelatande ein svakare mann – fysisk og moralsk. Alt fell saman når ho finn ut at han har delteke i eit borgarrettsmøte der afroamerikanarane sine aukande rettar vert kritiserte i harde tonelag. Atticus sin demokratiske sans spelar seg ut på ein måte Jean Louise ikkje klarar å forsona seg med. Småen sin Atticus var svært progressiv, Jean Louise sin far er meir tilpassingsdyktig.

Kven kan syne henne sanninga no? Jean Louise har på mange måter overteke Atticus si rolle. Ho er romanen si moralske røyst. Medan Atticus sin sans for rettferd er festa i den kjølege og observerande trongen til å skjøna alle sider, er Jean Louise sin ein ryggmargsrefleks. Ho skjønar ikkje den verda ho er ein del av, og i alle fall ikkje den delen av verda som heiter Maycomb. Kvardagen hennar heime er prega av ei manglande navigeringsevne som det er lett å leva seg inn i. Alt dette har ikkje gjort noko tidlegare, for ho har alltid hatt Atticus, men no har han – i hennar auge – blitt ein annan. Ho kan ikkje forstå at gode menn kan meine vonde ting, og korkje vil eller kan forstå Atticus sin ståstad når han freistar å forklara kvifor han deltek på slike møter. Han når ikkje fram til ho. Og ikkje heilt til meg heller. Han er på dette tidspunktet ein gamal mann, frå ein gamal tid. Freistar han å forsone gamle og nye verdiar? Er han progressiv for sin generasjon? Har det noko å seie? Er eg ute etter formildande faktorar, fordi eg, i likskap med Småen, er skuffa over at Atticus ikkje er ein person heva over menneskelege feil og fordommar?

Romanen er ikkje formleg ferdig. Nokre gonger er ho inkonsekvent, nokre gonger er den litterære kvaliteten ikkje heilt på topp. I meldinga mi skreiv eg at ho hadde hatt godt av ein pusseklut, men det er ingen som kan pusse på dette. Lee kan ikkje sjølv, og det hadde ikkje vore rett om ein redaktør tok grepa utan forfattaren sitt samtykke. Om ein klarar å sjå vekk frå dette, er dette ei interessant bok.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Fin omtale av boken, Signe! Ser virkelig frem til å lese denne :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gler meg til å høyre kva du tykkjer :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

ToveLinda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenKirsten LundBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.