Du må ikkje - men det er ok å lese Señor Peregrino først

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lommeboka er iallfall ei bok å rekne med!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg fekk Mofongo av Cecilia Samartin. Har vel snart alle av henne no. Men trur nok at nokre iallfall vart fornøgde med gåvene frå meg: minst 16 bøker gav eg bort denne jula..( nokre bokkupp har ein no gjort) Men - det aller beste var at eg fekk eit bokgåvekort, skal tenke meg godt om før det blir brukt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er lett å la seg begeistre av Murakami! Oppdaga han reint tilfeldig, og har lese nokre av han. No ser eg fram til del 3 av 1Q84.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har nettopp starta på Innsirkling - fordi vi skal ha den i lesesirkel i januar - så blir det Et Julekvad.....og viss eg får eit par ettermiddagar i godstolen: Norrlands akvavit - som eg fekk anbefalt her inne. Er spent på den.... Men først og fremst skal vi ha det triveleg i lag med familie og gode venner...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Flott innlegg her av Rose-Marie! Tapte døtre er ei rystande bok på fleire måtar : Det er hjarteskjerande å lese om kor lite eit jentebarn er verd pga kultur, det er vanskeleg å forstå den tilsynelatande kulden som nokre viser i samband med dette - og ikkje minst: som datter og mor til ei datter - ein skal vere hard om ein ikkje let seg bevege av enkelthistoriene i boka.

Berre tanken på ei mor som i smerte - og heilt sikkert med angst for kva kjønn barnet har - føder barnet, og veit kva som ventar om det er feil kjønn......

Uansett er det ei viktig bok - kanskje spesielt for dei bortadopterte barna/døtrene som leitar etter svar. Har ikkje lese bøker av Xinran tidlegare, men utfrå min ståstad gjer ho ein god jobb.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Etter ein rask titt på diverse nettbokhandlar, ser det ut til at denne boka ikkje er omsett til norsk. Stemmer det? Har ikkje høyrt om denne boka før.

Såg elles i avisa no på morgonkvisten at ein eldre versjon av Scrooge (1935) skal gå på tv 2 i kveld - seint. Så då blir det opptak!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sjølv om eg ikkje har vore så lenge her inne, vil også eg ynskje alle ei

GOD JUL!

  • og eit Godt Nytt År med mange gode leseopplevingar!
Godt sagt! (4) Varsle Svar

Den blir julelesing hos meg også. Kjøpte fleire eks av den boka for nokre år sidan, men gav ikkje bort alle - heldigvis.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hvis du ikke kan produsere en sønn og en arving til å viderføre slekten, så er selv helvete bra for deg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Blakk- men lykkelig!

'

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Huff - det der skal iallfall ikkje på leselista for jula...då skal det berre vere kos og trivsel i det eg skal fordjupe meg i....For jula finst -hos meg - ein viss lesekode....og det skal ein ikkje kimse med...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

At Knausgård skriv godt , er eg einig i - men han er altfor privat etter min smak....likar ikkje....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tittelen på boka er det aller beste - innhaldet ok, men ingen "høydare"...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Henta denne boka på biblioteket i dag, så no ser eg fram til litt triveleg julelesing....:-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjekka litt på Wikipedia, der historiske romanar blir definert slik: " I en historisk roman blir en historisk periode eller en person karakterisert i lys av den perioden forfatterern lever i." Der er ein del døme, bla a Balansekunst, Den engelske pasienten, Ivanhoe, Vinter i Madrid...........

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det første eg kom på, er bøkene til Sigrid Undset. Skildring av mellomalder - men skrivne på 20 -30 talet. Er ganske sikker på at desse vert rekna som historiske romanar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ikkje heilt god den der...måtte inn på nettet for å finne dyrr - som sannsynlegvis betyr dør. Då gav sitatet faktisk ei viss meining..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kafka på stranden var den som gav meg sansen for Murakmi som forfattar. Likte også Sauejakten, Dans,dans,dans + 1Q84

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er enig i Coelho - har irritert meg gjennom nokre av hans bøker,ja...Og Knausgård: Har lese ei berre fordi eg ville vite kva folk snakka om - og det var fullstendig nok!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

BertyEgil StangelandHarald KPiippokattaBård StøreMads Leonard HolvikHeidiKirsten LundSigrid Blytt TøsdalAmanda ATone HHilde H HelsethVibekeTone Maria JonassenLabbelineLars MæhlumTanteMamieDemeterLailaEileen BørresenHeidi HoltanKaramasov11BenteLinda NyrudJane Foss HaugenKorianderLineHildeJulie StensethTor Arne DahlAnneWangEllen E. MartolTore HalsaAgnesAkima MontgomeryAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEvasiljehusmorGunvor GalaaenTone Sundland