Mirakelet i min stue
Det skjer et mirakel i min stue
- det liksom kommer og går -
som jeg sliter med å gjennomskue,
og som har pågått i mange år.
For selv om min nådeløse fiberklut,
Med aldri sviktende hell,
sørger for at støvet forsvinner ut,
så gjenskaper det seg selv.......
Eivind Berge
...på trykk i Sunnmørsposten 13.05.13
Dette var heilt suverent! Takk for godt tips!
Veit ikkje om det er rette sitatet Lillevi, men fann ei kort skildring av byporten i "Johannes" i kap som heiter I St. Jørgen.
Om eg i dag skulle kjøpe ei bok i gåve, hadde eg ikkje vore i tvil! Det måtte bli "Vidunderbarn" av Roy Jacobsen. Den ville vere perfekt for ei god stund i solstolen........
Dette har vore ei vanskeleg oppleving! Veit nesten ikkje om eg er i stand til å sette ord på alle kjensler som har gripe tak i meg under lesinga. Veit heller ikkje om eg er i stand til å vidareformidle kva denne boka eigentleg handlar om.
Fiolinane fortel om ein flokk som bur ein stad som nærast er ein skrothaug – husa er skur og rundt dei ligg all slags avfall,søppel, skrot og jarnrør. Hovudpersonen, forteljaren «EG» er ein liten gut som innleiingsvis bur saman med far sin, mora og to søstre. Deira kvardag er styrt av eksistensielle behov, primitivt – på eit minimum. Alvorleg sjukdom i familien får etterkvart fatale følgjer.
Sjeldan har eg lese ei bok med fleire motsetningar enn denne:
Skildringane vekslar mellom det vemmelige og det vakre - det dyriske og det menneskelige -det vonde og det gode - sorga, saknet og ikkje minst håpet - lyset og mørket - livet og døden......
Etter å ha lese nokre sider kjende eg slik på alt det vonde, ekle og motbydelige at eg nesten gav opp...Men, var også nysgjerrig på kva dette eigentleg var. Dermed fekk eg med meg ei bok som språkleg må vere mellom dei aller fremste....
Der er heldigvis også mange vakre, kjenslevare sekvensar i boka! Nokre av skildringane og utsegnene er svært nyskapande og gode, set tankane i sving.
«Visst må ein leve litt ein stad mellom dag og draum, sa han, som då
eg spelte fiolin med andre menn for lenge sidan. Men aldri berre i ein
draum.» s 41
Boka er etter mi meining eit ypperlig grunnlag for diskusjon, sjølv om den så vemmelig og brutal at eg nok aldri kjem til å foreslå den for ei av mine grupper. Men eg sit her med ei kjensle av at boka fortel meir enn det som står der, har ei djupare meining.....
Terningkast frå mi side er heilt uaktuelt.
Hm..trur eg skal prøve å lese i rykk og napp. Poesien vil eg ha med meg - og språket er ein studie verdt, berre det.
Har leita fram ei gammal, morsom favorittbok: Et forargelsens hus av Gabriel Chevallier- må ha litt humor innimellom skal eg makte dette.
Nydelig bokmelding! Likte spesielt godt uttrykket fanget tid. No fekk eg nok ei bok på ønskelista mi. Ha ein fin dag!
Grusomt,ja....såpass at eg nesten ikkje veit om eg orkar å lese. Har lest til s 30...og lurer på om dei resterande sidene er like ille?
Såg eit godt intervju med forfattaren i Bokprogrammet på NRK1 for ei tid tilbake, og Leikvoll var no sympatisk han....men, dette.....
Er enig i at boka til tider var rotete oppbygd. Men sterk livsvilje hos menneske under svært vanskelege forhold gjer inntrykk, iallfall som du seier: her og no.
Det som irriterte meg mest var hoppinga fram og tilbake i tid, og at dei to fortellarstemmene som til tider var forvirrande. Då eg kjøpte boka vart den rosa opp i skyene av ekspeditrisa, så forventningane mine var nok i høgste laget.
til den andre sida
På framsida av boka les eg: «En bok som tar pusten fra deg.»
For meg vart det nok ikkje heilt slik, trass i at forfattaren Reyna Grande har foreldre som også har innvandra ulovleg til USA. Mykje av historia handlar om illegal innvandring.
Denne boka -som har vunne fleire prisar - handlar om vesle mexikanske Juana som
lever under usle kår saman med mora, faren og ei lita søster. Berre11 år gammal får ho ansvaret for baby Anita når flaumen set både dei og huset deira i fare. Mora spring etter hjelp, men når ho kjem att, ligg ikkje den vesle lenger i armane til Juana.....
Etter dette vert vanskane til familien så store at faren ikkje ser anna råd enn å reise over til El otro lado for å prøve å finne arbeid så han kan forsørge den vesle familien.
Så begynner ventinga, venting på livsteikn, brev, pengar...men, det er berre stille. Alt går frå vondt til verre!
Historia er sterk, om ei sterk lita jente som må ta ansvar for den situasjonen dei er i – og som kjenner skuldkjensle for det som har skjedd.
Likevel er eg ikkje udelt positiv. Innleiingsvis var eg forvirra over dei stadige skiftingane av forteljarstemmer. Eg måtte stadig lese om igjen, bla tilbake for å finne ut kven snakkar no, og kvar er vi no, både når det gjaldt tid og stad.
Ein stor del opplevde eg som noko overflatisk, medan eg i nokre kapittel let meg engasjere og rive med – trass i eit noko enkelt språk.
Ser under diskusjoner at nokre meiner at forteljinga manglar «dybde» - og det seier eg meg einig i.
Så mi vurdering av boka landar på terningkast 4 – sidan eg trass alt kjende stor sympati for vesle Juana – og alle andre jenter som må oppleve liknande hendingar...
Eg var nok litt skeptisk då eg plukka opp denne boka i bokhandelen, og vart endå meir skeptisk då eg ei stund etter at eg kom heim - sikkert feilaktig - fekk intrykk av at denne boka burde eg ikkje ha i bokhylla.Men, nokre av tekstane fenga interessa mi, og fekk meg endåtil til å dra på smilebandet. Sjå berre her:
SISTE GONGEN I BERLIN
Du stend fyre vindauga
trekkjer strømpone på
okergule, knehøge
Håret glør i kveldsljoset
Augo som hev deg
so blåe, so såre
Eg vil trekkja deg til
meg men døri
er sterkare
..Og..
Digteren:
Med Mimesis jeg maler den unge Pige,
Naturen tro, her findes visst ingen Lige!
Tiden(spøgefuldt)
Thi denne Ungdommens himmelske Hud
vil strax i Morgen se skrugede ud!
Dei fleste tekstane er skrivne på eit svært konservativt og gammalmodig nynorsk. I tillegg er her tekstar på stivt, gammalt bokmål, kristiansandsdialekt, spor av dansk, pluss litt tysk og hebraisk også. Kanskje ikkje så rart sidan dei fire delane av boka har tekstar om Berlin, Kvadraturet i Kristiansand, Oslo og Israel mm
Boka blir, iallfall ei stund, så lenge eg finn den underhaldande....
Asija, jeg savner den lunefulle Drina. Her skal det visst også være en elv, Ruhr, men jeg synes ikke man kan kalle alt vann som flyter for en elv.
For bestemor er fortiden et sommerhus med hage der svarttrosten kvitrer og naboene kvitrer og man øser kaffe av en brønn mens bestefar Slavko og vennene hans leker gjemsel rundt dem.
Oldefar kom bare til bokstaven T på skolen fordi ingenting viktig kommer etter det.
Man burde (..) finne opp en ærlig høvel som kunne høvle løgnene vekk
fra historiene og villfarelsene vekk fra hukommelsen.
Hvordan soldaten reparerer grammofonen – det var tittelen som fekk meg til å kjøpe boka. Forfattaren er ung, f. 1978, og kjem frå Bosnia i det tidlegare Jugoslavia som i 1992 vart hardt ramma av krig. Vart utgitt for første gong i 2006.
Dette er boka om barnet, krigen, døden...
Det er barnet Aleksandar som fortel, ein liten gut – med sterk tilknyting til familien sin i byen Visegrad. Han opplever det barn skulle vere forskåna for: krig, øydelegging og tap. Han måtte flykte saman med sine næraste til Tyskland.
Boka er ei kjærleikserklæring til bestefaren, til elva Drina og fisketurane han hadde der, til eit samfunn som han opplevde som trygt og godt – og til venner som gav både varme og motstand. Det er også ei bok om å forlate ein heim – og om det å vende tilbake....
Eg vart fascinert over barnet Aleksandar sitt nesten dvelande syn på døden.
Eg vart gripen av vennskapen hans med Fransesco – ein vaksen mann – ein venskap som vart knust av vonde ord og sladder,
Eg vart gripen av hans utrøyttelege leiting etter minnet om Asija – og av korleis dei døde vert heidra i deira kultur. Spesielt og vakkert.
For meg vart dette ei bok full av uvanlege komposisjonar, strukturar, setningar og ordkombinasjonar. Fleire gonger måtte eg lese omatt sterke og overraskande gode språklege bilde, og rare nesten uforståelege innslag.
Eg opplevde boka som svært spesiell, såpass spesiell at eg eit par gongar undervegs vurderte å avbryte. Fantasien fekk til tider litt for fritt spelerom etter mi meining. Var ikkje alltid heilt sikker på kva han eigentlig ville fortelle. Eg er likevel glad eg fullførte ...
Kar: 4
Den desidert beste var Vidunderbarn av Roy Jacobsen.
Nesten like stor oppleving var det å lese Vinter i Maine av Gerard Donovan.
Begge desse gav særs gode lesestunder. :-)
Takkar hjarteleg!
Jakhelln - om han er slik eg får inntrykk av i denne artikkelen- virkar både nyansert og reflektert. Så derfor blir boka her, iallfall inntil vidare.
Kjem nok til å legge ut eit sitat eller to.....der var mykje spesielt og litt sært ( noko eg etterkvart har fått meir og meir sansen for).
Ha ein fin dag vidare! :-) (her i nordvest er det lite som minner om vår...tjukk snøkave)
Nokre bøker gir så mykje på kvar side at ein skulle ønske dei aldri tok slutt. «Vidunderbarn» av Roy Jacobsen er ei slik bok.
Vi er i Oslo på 60-talet. 10 år gamle Finn lever eit rolig, nøkternt og trygt liv saman med mor si i ei blokk på Årvoll. Faren har han få eller ingen band til, sidan han reiste tidleg frå dei, og døydde noko seinare.
«Så kom Linda. Hun kom med bussen. Aleine. Fordi muttern ikke hadde
noe ønske om å treffe mora hennes, fikk jeg inntrykk av.»
Med vesle, halvsøster Linda vert det etablerte og kjende heilt forandra – både for Finn, mora og vesle Linda. Finn må dele mor si med ei ukjend og svært spesiell lita jente – noko som ikkje alltid er like enkelt.
På same tid ser han at mora har andre og for han ukjende sider. Ho som har vore den trygge, sterke og stabile, viser seg som som både meir usikker og meir gåtefull enn han likar. Og etterkvart blir det meir og meir tydelig at ikkje alle minne er berre lyse og gode. Dette er med på å skape spenning i boka.
Roy Jacobsen skildrar medmenneskelege forhold meisterleg, spesielt sidan alt som skjer vert sett gjennom barneauge.
Eg synest også at tidsbildet er gjengitt med kjærleik – både samfunnstilhøve, bøker og musikk er med på krydre innhaldet på ein god og positiv måte.
Sidan boka både språkleg og innhaldsmessig for meg var heilt i toppskiktet, låg seksaren der nesten gjennom heile boka. Når eg likevel landa på 5 – og det ein svært sterk – er det kanskje fordi eg sat att med nokre ubesvarte spørsmål då siste side var lest. Men – ei favortittbok, det er det!
Også eg kosar meg med denne i helga - men, sjølv om eg les sakte så den skal vare lenge, så må eg nok supplere med noko meir......
Har eg kjøpt katta i sekken?
Forrige helg var vi på farten, og sjølvsagt fann eg nokre bøker eg tok med heim!!
Denne kjøpte eg fordi eg såg nokre svært spesielle og originale tekstar som eg tenkte kunne gi ei artig stund. Men - då eg kom heim og las litt om forfattaren, vart eg i tvil. Fekk inntrykk av at kanskje forfattaren frontar meiningar som ikkje eg sympatiserer med. ( I så fall blir boka kassert.) Eller har eg oppfatta feil? Er det nokon som kjenner til han - og anna han har skrive?
Heller ikkje hos meg svarte denne heilt til forventningane.....nokre deler opplevde eg som uinteressante- dessverre må ein vel sei.....