Har lyst til å vere med på Vredens druer....har nyleg fått den i samlinga mi. Om eg får tid til fleire?? ...ja, det må tida vise - sidan eg er med i to lesesirklar.....Flott prosjekt er det i alle fall! :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Likte godt boka!
Sjølv om ein har kjennskap til den tragiske lagnaden til dei norske jødane under krigen, så greier Kaurin å skape spenning. Ho skriv heller ikkje alt som skjer, lesaren må sjølv reflektere, eller tenkje litt....
Passar fint for ungdom - kanskje med noko bakgrunnskunnskap...

Sjølv hadde eg mi aller sterkaste oppleving med boka "Det angår også deg", av den norske jøden Herman Sachnowitz. Den gløymer eg aldri!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mors og fars histore av Edvard Hoem er både vakker og poetisk. Han greier å fortelje om foreldra sin vanskelege veg mot kjærleik og ekteskap utan å verte sentimental.
Skildringa av to menneske han set høgt, er inderleg og gjer inntrykk.
Han har mot til å avsløre hendingar som mange vil sjå på som stor skam, endåtil i dag.

Synest også at han får fletta inn både historiske hendingar i krigsåra og livet i eit indremisjonsmiljø på ein god måte.
Ei sterk bok som vil sitte i minnet lenge!

Nokre sitat:
Han er stillferdig da han set seg til bordet, slik ein skal vera når ein er i annan manns brød.

Det som kjærleik har utretta, kan ein ikkje angra på.

Predikanten drøymer kanskje om at det skal koma ei ung kvinne og legge seg under teppet hans også? Slike tankar kan sjølv ikkje ein Herrens mann halde på avstand.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Er enig meg deg i denne omtalen, Rose-Marie.
Boka er vakker, poetisk - og han greier å formidle foreldra sin vanskelege veg mot kjærleik og ekteskap utan å verte sentimental.
Hans skildring av to menneske han set høgt er både inderleg og vakker.
Han har mot til å avsløre hendingar som mange vil sjå på som stor skam, endåtil i dag.

Synest også at han får fletta inn både historiske hendingar og livet i eit indremisjonsmiljø på ein god måte.
Mitt terningkast landa på fem pluss.
Ei sterk bok som vil sitte i minnet lenge!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tre kvinner – tre lagnader

Det usynlige fjellet er ei debutbok ført i pennen av Carolina De Robertis – ei kvinne med sterke band til Uruguay.

Handlinga er tredelt - tre kvinner frå byen Montevideo står i fokus .
Pajarita er den første vi møter. Som svært lite barn forsvinn ho og er borte i fleire månader, for så å dukke heilt uventa opp, og det høgt oppe i eit tre 1. januar 1900. Men, mirakel av ulik art har lange tradisjonar i den vesle landsbyen i Uruguay. Fargerike Pajarita er så tiltrekkjande at ho blir den einaste eine for Ignazio, ein italienske immigrant. Vi får innsyn i deler av deira strevsame liv.

Eva er den sentrale i del to. Ho er både vakker og spesiell,men sidan økonomien i familien er vanskelig, må ho som ti-åring starte å arbeide i ein skobutikk. Eigaren har ikkje berre dei beste hensikter,viser det seg. Eva får etterkvart nok, ho får mot til å gå sin veg, får jobb i ein nattklubb – og der møter ho intellektuelle som gir henne mot til å skrive sjølv. Vi følgjer henne i hennar leiting etter eit godt og etablert liv.

Salomé er den siste i rekkja av kvinner i familien. Salomé er flink, og har alle muligheiter til god utdanning.Trass i dette blir ho involvert i eit radikalt miljø, og ho sluttar seg til ei gruppe revolusjonære tupamaros.
Hennar engasjement for dei undertrykte i Uruguay får store konsekvensar, både for henne og for dei andre i familien.
Enkelte hevdar at Montevideo er den fjerde kvinna i romanen...

Skildringane av eit Uruguay i utvikling, og ikkje minst: skildringane av dramatiske politiske omveltingar i landet var fascinerande. Personleg hadde eg meir kjennskap til Argentina og opprøret der, medan Uruguay var heller fjernt.
Trass i at romanen spenner over eit langt tidsrom, og at ein kanskje kan synest at enkelte viktige personlig hendingar vert noko overflatisk behandla, så har boka nerve – og i tillegg er språket både poetisk og bilderikt.
I 2009 vart denne kåra til til ein av dei ti beste debutromanane av amerikanske Booklist.

Sjølv var eg usikker på terningkast, men enda på 5, spesielt sidan eg vart gripen av Salomé og hennar tragiske lagnad.
*

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ooops. I-paden er litt vel lettbetjent. Her har eg utan å vite om det gitt ei stjerne til eit innlegg som uttrykker det motsette av mi meining...beklager. Dette er ei god bok som eg likar, og ei eg gjerne kunne lese igjen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Om du vil ha ei bok som er tjukk og spennande, kan eg anbefale Kall meg Rosa Parks av Åsa Lantz. Den er på 660 sider, og eg opplevde den som svært lesverdig.
Har skrive ein omtale av boka her inne - du kan kanskje lese den og sjå om det kan vere noko for deg?
Uansett: Ha ein god tur til Italia!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja-takk, begge deler!
Er med i to lesesirklar, og det er topp! Gode diskusjonar i godt selskap!
Og - det er kjekt å vere med i felleslesing på Bokelskere - avhengig av bok og ikkje minst tid. Likte spesielt godt då vi diskuterte Falkberget! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har også Perler i prosa i bokhylla - lenge sidan den har vore opna. Godt med ei påminning!
Har elles planar om litt Steinbeck denne hausten, som Lillevi lenger nede her! Vil både repetere dei eg har lese før, - og lese nokre som nyleg har fått plass i bokhylla.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kanskje denne må med på ønskelista mi også......

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hyggelig at du likte det!
Det er kjekt å kunne ta fram ein tekst som fell i smak innimellom :-D

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kjærleik og død

"Ein Platz an der sonne kan også vere eit helvete" (sitat frå s 22)
Paradishagen er historia om norske Julie Dalgård som reiser til Austerrike for å lage film om familievennen Kurt Leonard. Han oppheldt seg i Kirkenes under krigen, og seinare levde han stille og tilbaketrekt i eit kloster i Melk. Der fungerte han som bibliotekar og brukte mykje av tida si til å skrive av gamle skrifter.
Julie har besøkt han i klosteret tidlegare, men no - etter at han er død - får ho tilgang til stoff som gjer at hennar filmplanar må endrast mykje.
Ho får etterkvart kunnskapar om det som hende dei åra då Kurt motvillig oppheldt seg i Norge, ho får rystande kunnskapar om kva som skjedde i Melk i 1944 og seinare, og ho får kunnskapar om kva som skjedde med familievennen etter krigen.

Deler av boka verkar på meg noko vinglande , medan dei delane der Kurt fortel om seg og sitt forhold til Norge og sine norske vener er gode - både språkleg og innhaldsmessig. Spesielt godt er kanskje siste delen med han, der han fortel om si leiting etter kjende og kjære i eit sønderbomba land.
Ein del sanningar er så vonde, at ein kanskje kan skjøne at dei må gøymast og gløymast for å kunne halde fram med eit liv?
Terningkast: 4

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er enig i at dette er mellom dei beste med Harry Hole, kanskje den aller beste......Sjølv om eg nokre gonger følte at "dette har eg lest før", så var dette svært så spennande!! Og iallfall betre enn Gjenferd som eg las for kort tid sidan. Men - den gode Nesbø legg nok opp til at dette ikkje blir den siste!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fekk lyst å drage fram den fine diktsamlinga Under bergfall, redigert av Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Dei fleste dikta er av kjende, og av litt mindre kjende nynorske lyrikarar, som td Jacob Sande, Jan-Magnus Bruheim, Halldis Moren Vesaas, Arne Garborg..og mange fleire...
Åse-Marie Nesse er ansvarleg for dette:

DEI GAMLE KVINNENE

Sterkare enn alle
er dei gamle kvinnene
dei kan bere sju vaksne søner
på strakt hjarta
løfte opp ein fallen sjømann
med sine krokete fingrar
falda i bøn

og utan å klage
kan dei vake under vekta av
ein gjennomsnitts småby
med blytunge sorger
som søv

Sterkare enn alt i verden
er dei gamle kvinnene
dei lever av luft og einsemd
riv av kalenderen med stor ro
og greier nesten
å overvinne døden.

Godt sagt! (12) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Såg den...artig!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som ein liten honnør til Ivar Aasen som i dag, 05.08.2013, vert feira som 200-års jubilant.
Det finst mykje god nynorsk litteratur: Romanar, noveller - og ikkje minst lyrikk. Mykje er kjent, og mykje har kanskje fortent å kome meir fram i lyset att?

Eit dikt eg likar godt av jubilanten sjølv (3 av fem vers):

DEI GAMLE FJELLI

1.Dei gamle Fjell i Syningom
er alltid eins at sjaa
med same gamle Bryningom
og same Toppom paa
I Bygdom byggja Sveinarne,
og Huset stender laust;
men dei gamle Merkesteinarne
dei standa like traust.

2.Paa Fjellom er det leikande
at ganga til og fraa
og kring um Toppen reikande
so vidt um Land at sjaa:
til Havet kring um Strenderna
med Skip som Fuglar smaa,
og til Fjelli kring um Grenderna
med tusund Bakkar blaa.

5.Av Hav kom Sjomann sigande
og lengtad' etter Land,
daa saag han Fjelli stigande
og kjendest ved si Strand.
Daa kom der Mod i Gutarne,
som saag sin Fødestad.
Ja dei gode gamle Nutarne
dei gjera Hugen glad.

(Tredje utgåve, publisert i symra 1863, og frå boka Nynorsk lyrikk)

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Fullt så ille er den kanskje ikkje for meg, men om nokon meiner at det er ei middelmådig bok, så støttar eg det!
I starten (første del) likte eg det eg las, opplevde at både språk og innhald var innanfor toppskiktet av god litteratur. Men - så gjekk det berre nedover. Opplevde innhaldet som stilleståande, kjedelig (til dels) og forutsigbart. Måtte nesten vere streng med meg sjølv for å fullføre. Derfor landa min terning på usle 3 - og det trass i at der er ein god del gode språklege formuleringar....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Av dei bøkene eg har lese i juli er "Kall meg Rosa Parks" av Åsa Lantz den desidert beste. Ei ganske tjukk bok vart lese på to dagar, og spenningsnivået var høgt. Kunne minne litt om bøkene om Lisbeth Salander...
Fin tråd, Gretemor! Må tenke litt igjennom kva las eg eigentlig?
Ha ei god helg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne likte eg!
Eg likte bildet eg fekk av den konkurstruga Adam, den noko sære kvinnebedåraren og einstøingen som kjempa mot økonomisk ruin og styresmaktene.
Eg likte kreativiteten og tilpasningsevna hans.
...og så likte eg alle sleivsparka Paasilinna sende til dei styrande.
Sjølv om boka er eit oppkome av det reinaste tøv og fri fantasi, er der ikkje fritt for ein kritisk undertone.
Hadde nokre trivelige timar saman med Adam og Eva - formidla av Kyrre Haugen Bakke. Kjekt!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

DemeterAneBård StøreEllen E. MartolIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth SveeBeathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H HelsethKirsten LundGro-Anita RoenReidun SvensliAkima MontgomeryKjell F TislevollFarfalleSynnøve H HoelIngvild SJulie StensethBerit RBertyAnniken LMarianne  SkageEgil StangelandAmanda ANabodamaPer LundMarit HøvdeTerje MathisenBjørn SturødIreneleserKaramasov11JoakimMorten Bolstadingar hHeidi L