Visst var boka spennande, utan tvil. Likevel er eg ikkje udelt begeistra. Vart skuffa over handlingar av etterforskaren Edvard Matre, og eg sit att med litt for mange spørsmål om drapsmannen. Fekk nesten litt assosiasjonar til Jack the ripper? Likte skildringane frå Bergen, som så mange andre har eg ei lita tilknyting til byen.
Likevel, her vart det terningkast 4

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fredrik Wandrup i Dagladet har nokre moment som skal definere ein klassikar
Personleg så meiner eg at ein klassikar er ei bok som tåler å bli lest om og om igjen....Og at den kvar gong gir ei oppleving som betyr noko.
Mellom mine favorittar har eg Charles Dickens, Knut Hamsun, Astrid Lindgren m fl

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eit krigens ansikt

Sierra Leone, 1993: 12 år gamle Ishmael går saman med venner til nabolandsbyen for å gjere det han likar best av alt: spele musikk. Samtidig har det vore eit væpna åtak på landsbyen og familien hans. Tilværet hans rasar saman. Frå å ha det rimeleg trygt, vert det no frykt, flukt og kamp for å skaffe mat.
Berre13 år gammal vert han med i regjeringshæren. Han får mat og han slepp å vere åleine. Etter kort tid må han gå med eit AK-47-gevær saman med andre soldatar - og han må lære seg å drepe! Han drep for å overleve, samtidig som han drep sine eigne kjensler etterkvart. Blod og død vert ein del av kvardagen! Kraftige doser med dop gjer tilværet lettare å bere.... Eit tilvære det er grufullt å lese om!

Tre år seinare er han så heldig at han blir plukka ut til å vere med på eit rehabiliteringsprogram. Han opplever det som vanskeleg, nesten umulig, men med dei gode menneska han møter får han etterkvart trua på "En bedre dag i morgen"
Boka er språkleg enkel, prega av munnleg forteljartradisjon.
Trass i det rystande innhaldet er også håpet tilstades!
Men, det er vondt å tenkje på at der finst mange som er i same håplause situasjon som Ishmael også i dag!
Ei bok som verkeleg gjer inntrykk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tomm Kristiansen sine reiser for å samle historier om personar og hendingar var ei diffus oppgåve som han meistra godt. Husbonden og eg har hatt det rett så triveleg i selskap med hans svært personlege reiseskildring, prega av høgt kunnskapsnivå og stor forteljarglede!

Vi levde oss inn i reisa til Sibir med den transsibirske jernbanen,vi fekk vere med til Peking, til Vietnam og Hanoi i fotefara etter Vietnam-krigen.Det var kjekt å høyre om møta han hadde med tause, løyndomsfulle My som leita etter røtene sine.
Vidare til det indre av Afrika med Stanley og Livingstone, til Rangoon og Mandalay, og vi fekk delta på ein gedigen sigøynarfest i Sør-Frankrike mm

Kristiansen fortel med behageleg stemme, og med innleving skildrar han stader, spennande personar, situasjonar, matrettar og måltid. Må spesielt nemne eit slangemåltid i Kina! Usj!

Kan elles slutte meg den gode bokmeldinga Rose-Marie har skrive (som vanleg!)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Greidde ikkje å stå imot...Hmmm...Kjøpte m.a. også eit ekstra eksemplar av På Parfymefloden av Tomm Kristiansen. Lyttar på denne no, og likar den så godt at eg fann ut at fleire skal få glede seg over den. Prisen er no next to nothing....

Begynner nesten å lure på om denne typen lydbøker er "UT" ? Sidan dei sel dei så billig...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne treff ikkje meg i det heile, dessverre. Har lese nesten 200 s pga at den skal diskuterast i lesesirkel, men eg trur eg berre gir meg....
Opplever både innhaldet og språket som banalt, "eplekjekt" og lite truverdig. Det same gjeld Mormor og Elsa.......Er glad denne kan leverast tilbake til biblioteket!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Må tilstå at eg har forsert lesinga, og har lese ferdig historia om den godaste Rastignac og Far Goriot. Og det er eg nesten glad for no, sidan (lese)forma mi for tida er alt anna enn optimal.
Eg skal ikkje avsløre noko som helst av innhaldet, men må seie at eg er både fascinert og irritert.
Spesielt godt likar eg Balzac si evne til å skildre enkelte mennesketypar, både deira positive og negative sider.

Men- min lesesituasjon har ikkje vore av dei beste denne gongen, og eg kjenner at eg ikkje har fått med meg kva rolle Vautrin spelar for Rastignac, og kva var han eigentleg skuldig i?
Håper at hans rolle kjem fram i diskusjonen etterkvart.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ser at eg har same utgåve som deg....Eg har ikkje bite meg merke i sviktande språkvask, derimot merka eg meg ein del ord i siste del av 2. kap som ikkje finst i mitt vokabular. Men, eg fekk likevel med meg samanhengen.
Elles blir det meir og meir tydeleg at det er herr Rastignac som er mest i fokus, der vi får hans oppleving av Goriot og eine datra hans.
Siste del av kap 2 var nesten i overkant rørande i skildringa av ein far som har ein ubegripelig sterk kjærleik til sine to sjølvsentrerte døtre.

Det fryder mitt hjerte. De er jo mitt eget kjøtt og blod. Jeg elsker hestene som trekker dem, jeg skulle ønske jeg kunne være den lille hunden som sitter på fanget deres. Jeg lever av deres gleder.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Så har eg også lese kap 1. Må tilstå at lesinga har gått litt i rykk og napp, og at eg derfor kanskje ikkje har fått med meg alt slik eg burde.....
I starten fekk eg litt assosiasjonar til både Dickens og Victor Hugo i skrivestil, men det forsvann etterkvart. Opplever innhaldet som svært detaljert i skildringar av personar og situasjonar, samtidig som eg ikkje har heilt klart for meg kven som er kven av dei som bur på pensjonatet.
Likevel - det kan bli ei god, men kanskje trist? oppleving av Goriot og hans sjølvutslettande kjærleik til dei to døtrene hans.
Synest Balzac viser både snert og humor i den svært så kritiske framstillinga av aristokratiet i Frankrike på 1800-talet.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Har ikkje fått starta enno, sidan eg nettopp har kome heim etter ei reise, ei interessant reise faktisk...også med litterære auge. (Har vore ein del fokus på Don Quijote).....Men i morgon blir det start også her i huset, og om det skulle vere noko Dickensk over det, så blir iallfall eg fornøgd :-)

PS. Gløymde å sei at mi utgåve er frå Solum Forlag 2010..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette ser eg verkeleg fram til. Har hatt boka ei stund, og håper den svarar til forventningane.
God helg til dokke alle!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hei! Ser det finst fleire utgåver, ja. I mi bokhylle står denne under "skal lese". Eg veit dessverre ikkje om omsettinga er god, men den er iallfall utført av Thomas Lundbo.
Ser også at Strindin etterlyser sidetal....mi utgåve har 345 sider.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her er det flust av gode forslag, ser eg. Spennande!
Eg hadde tenkt å foreslå Far Goriot av Honoré Balzac. Ei bok om stor farskjærleik, og som skal vere av det beste frå denne forfattaren. Trur den har vore både dramatisert og filmatisert, men det er eg ikkje sikker på, altså.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg hadde nok litt for store forventningar til denne,eg. Konseptet fascinerte meg, eigentlig, med den sære gamle, einsame mannen som visste så mykje om naboane sine, og som gav dei avsløringar av dei sjølve i avskjedsgåve då han sjølv var borte.
Men, det vart for utruleg og urealistisk at han i så stor grad var inne i både " tankar, ord og gjerningar" hos dei han ville gi noko - på godt og vondt.

Deler av boka likte eg godt, både språkleg og innhaldsmessig...kanskje spesielt det som viste reaksjonane hos mottakarane av konvoluttane...medan eg nesten kjeda meg gjennom ein del av innhaldet. Kanskje eg var litt streng, men slutten gjorde at eg landa på terningkast 3

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den svært så tradisjonsbundne familien Makioka har vore mellom overklassa i Osaka, og sjølv om den tida er forbi, endrar det ikkje deira handlemåtar når det gjeld å gifte bort ei søster. Sjølv om Japan er inne i ei brytningstid er det vanskeleg å sleppe alt det gamle, dette vert styrande når dei skal prøve å gifte bort dei to yngste: Yukiko og Taeko.

Dei to eldste er godt gifte, Tsuruko er eldst, styrer "Huset", og må konsulterast i alle viktige avgjerder i familien. Sachiko er nr to flokken, og deltek tidvis nesten som reservemamma for dei to yngste.
Ein ting er sikkert, å få jentene bortgifte på den tida måtte vere ein kunst! Frigjorte Taeko har mange gode tilbod, men ho kan ikkje slå til fordi sjenerte Yukiko må giftast bort først, sidan ho er eldre...... Og – når dei i tillegg er svært så kritiske til aktuelle kandidatar til tause, sarte Yukiko, så går tida.

Tanizaki skildrar det japanske samfunnet nesten i overkant detaljert. Men – gjennom denne detaljrikdommen får vi eit godt innsyn i skikkar, haldningar og tenkjemåtar hos japansk overklasse i førkrigstida. Det er eit samfunn i endring, det vestlege vert meir og meir gjeldande, sjølv om det gamle framleis står sterkt: ma etikette, skiljet mellom mann og kvinne – og nesten det viktigaste: Æra går framom alt!

Romanen er karakterisert som eit «vemodig mesterverk». Omsetjaren, Ika Kaminka har gjort ein framifrå jobb, der innslag av gamalmodige ord og uttrykk er eit positivt krydder til teksten.

Eg likte boka godt, enda med terningkast 5

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Har ca 100 sider igjen i mursteinen eg fekk til fødselsdagen: Søstrene Makioka. Ja, eg ønskte meg den altså, og eg har hatt nokre trivelege timar (om enn noko spesielle) saman med dei fire japanske søstrene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er no ca halvvegs i Første bok, og opplever det som svært annleis, kulturelt og tradisjonelt - så ulikt mykje av det eg har lese før. Men - eg likar det!
Og ein ting er iallfall heilt sikkert....ingen i mi familie hadde blitt gifte med slike prosedyrer! Herlighet!! :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er snart halvvegs i Solskinn og død, ei dokumentarisk bok om nordmenn som deltok i kong Leopold sitt brutale prosjekt i Kongo rundt århundreskiftet 18-1900.
Forfattaren Bjørn Godøy referer til fleire forfattarar, men den som eg har bite meg mest merke i er Joseph Conrad og hans Mørkets hjerte. Godøy referer til opplevingane Conrad skildrar frå ei reise oppover Kongoelva.

Eg har ei ulest bok av Conrad i bokhylla (Lord Jim), men om Mørkets hjerte ikkje er for grusom, kan det tenkast at eg kjem til å lese den.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg trur eg må nøye meg med den siste nye boka mi som alt er i hus: Søstrene Makioka av Junichiro Tanizaki (her må ein halde tunga beint i munnen). Sidan eg er med i to lesesirklar så ventar eg og ser kva som blir bestemt...Det er ofte noko nytt:-)

Ser fram til å starte på denne nye, får god tid no som alle feriegjester har reist.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fekk lese uvanleg mykje i dei uvanleg flotte, varme sommardagane vi har hatt her i nordvest. To bøker fekk terningkast seks av meg:
Sophie Scholl og Den hvite rose av Dumbach og Newborn- ei bok som gjorde sterkt inntrykk! - og:
Sjakknovelle av Stefan Zweig. Denne hadde eg gledd meg til lenge, og den innfridde!

Eg må også nemne Karitas av Baldursdottir, + "Jeg er Freyja" av same forfattar.
Eg ser at eg har lese fleire gode bøker i juli....både av Ravatn og av Murakami.....Så juli har vore ein god månad på mange måtar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Terje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserEivind  VaksvikKaramasov11JoakimMorten BolstadKjell F Tislevollingar hPiippokattaHeidi LBjørg L.Egil StangelandLinda NyrudAnneWangJulie StensethLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerKirsten LundEvaMonica CarlsenmarvikkisMorten JensenDaffy EnglundToveMads Leonard HolvikBertyAlexandra Maria Gressum-KemppiTanteMamie