Bokhandlerprisen 2014
Blir dette boka som vil ligge under flest juletre i år?
Eg er iallfall ansvarleg for minst eit par av pakkane, og er glad for at det er ei bok som mest sannsynleg vil falle i smak!
Gratulerer, Lars Mytting!
Dei siste dagane har eg hatt gleda av å vere saman med Pelle Erobreren..ein tapper, dansk gut som på eit vis greier å halde motet oppe, trass i levekår som er heilt utenkelege for oss i vår kvardag.
Boka er tjukk, og har stått på vent lenge - har litt meir enn ein tredel att, og håper alt det beste for Pelle!
Martin Andersen Nexø hadde hjarte for dei små i samfunnet, og hadde nok kjent fattigdommen på kroppen sjølv, sidan boka er delvis sjølvbiografisk.
Må også fortelle at vi har brukt ein sur novemberkveld til å sjå nobelprisvinnaren "Pelle erobreren" - ein sterk film som fekk fram tårer i augekroken på meir enn ein her. Kan godt anbefale den, ja!
Jau, han fekk jammen sagt det, han gamle Ivar! :-)
"Ja, det er vel kongens København en ser der?" spurte Anders
"Det er Sverige," svarte Lasse stille.
"Jaså, er det Sverige? Men i fjor lå jo Sverige på den sia!"
"Ja, det er klart! Du veit da vel at jorda går rundt?" Sa Mons.
Kjærleik og venskap
Eg likte å lese om dei fire kompisane i Little Wing, eg likte etterkvart skrivemåten med dei fem ulike forteljarstemmene som fortalde historia om vennskap, om kjærleik - og om kjærleik som ikkje var sterk nok.
Eg likte å lese om miljøet, nærleiken og samhaldet i den vesle, støvete byen, der alle visste alt om alle...dvs det var ikkje alt dei visste om kvarandre Hank, Lee, Ronny og Kip - og det var med på å skape spenning i historia.
Sjølv synest eg at eg vart mest kjend med Hank/ Henry og Lee...
Ser fram til livleg diskusjon i lesesirkelen min komande veke.
Om eg skulle foreslå ei bok som skildrar ein svært framand kultur, så skulle det vere Tapte døtre av Xinran...få bøker har gjort større inntrykk på meg....
Eg vel likevel ei bok som eg har svært lyst til å lese, nemleg Haren med øyne av rav av Edmund de Waal. Den blir mitt forslag denne gongen fordi:
1. Boka av de Waal fortel om ei gåte knytta til ei samling av antikke japanske netsuker i hans eigen familie, og vi må innom Odessa, Paris, Wien og Tokyo - og den fortel også om hans jødiske familie under nazismen.
2. Boka er ei blanding av familiehistorie, forteljing, detektivhistorie mm, og ei bok som har engasjert mange, og...
3. Den er ikkje så lang, 333 sider, som kan vere ok i ei travel førjulstid( for mange)
Kan elles fortelle at vi har ein november utanom det vanlege her i nordvest, med eit lys som vi sjeldan ser. Ha ein flott søndag der du er!
Eg trur eg ville sei at dei kapitla som inneheldt scener som ikkje var så dominerte av skildring av kamphandlingar og krigsscener var lettare for meg å lese, litt mindre krevande. Opplevde det som positivt at det mellommenneskelege fekk større plass der, og at det tok bort litt av brodden av alt det grusomme i krigen.
Og at boka er god, ja, utan tvil!
No når siste side er vendt i "Ukjent soldat" er eg glad for to ting:
- at eg faktisk har lese boka og - at eg no er ferdig med den!
Eg er glad for å ha lese ei bok som etter det eg har forstått har vore viktig for det finske folket, og som har fått mykje god omtale.
Eg er einig med Lillevi og andre i at boka har ei positiv vending etter kap sju. Krigshandlingane er ikkje så framtredande og vi får vere meir saman med soldatane, fedrene, sønene, ektemennene i deira krevjande situasjon - og alt det vonde og vanskeleg dei må takle. Ein viss porsjon humor og ironi gjer sitt til å løfte både dei og meg.
Mange av karane framstår som sympatiske, men kanskje Rokka er den som vil sitte i minnet lengst.
Om målet med denne boka har vore å få fram at: Krig er meiningslaust!, så har Linna greidd det!
På,s 341 i mi utgåve står det:
Nå er det ikke mer....Nå er det slutt...
Jorma Karilouta hadde betalt sin tributt til den felles menneskelige dumhet.
Linna har fått godt fram kva krigen gjer med dei som vert sette til å utføre den!
Krig er tap!
Vanskeleg barndom
Boka vert innleia med eit førjulsbesøk 30 år gamle Signe og hennar familie får av foreldra hennar. Dei ynskjer at dei skal feire jula saman. Når vi så får kjennskap til Signe sin barndom er det ikkje så vanskeleg å forstå at ho slett ikkje vil feire jul saman med foreldra sine....
Signe,13 år, bror, mor og far bur i Finnmark. Mor og far har god utdanning, arbeider med menneske som treng hjelp og omsorg. Signe og broren prøver å vere så positive, så usynlege som mulig, fordi foreldra ikkje er i stand til å vere omsorgspersonar for sine eigne born.
Det er like før jul, og Signe gler seg til jul, jula skal vere fin, då skal huset dufte av kaker, julemat og det skal vere fint pynta......Redsla ho og broren kjenner på i den dysfunksjonelle familien er til å ta og føle på.
Dette var alt anna enn lysteleg stoff - rett deprimerande var det å lese om foreldre som har så lite innsikt i kva verknad deira strid og motsetningar har på borna. Endå meir deprimerande er det å tenkje på at slik kan det nok vere i mange familiar i dag.
Sjølv om eg har lese denne før -minst ein gong - og har den på "skal-lese-lista" mi, så fekk eg no lyst til å lese den igjen fort! Takk for god påminning!
Boka er ok,den, og som du seier: Klart kvinnelig målgruppe.
Eg likte historia, eller historiene om Devi og Devianna og Machu. Nokre deler vart leste i ei forrykande fart og med engasjement (kanskje spesielt om Devianna sitt opphald på internatskulen), medan andre deler skumlas eg, det gav meg lite.
Så eg trur eg konkluderer med at historia er god, men kunne kanskje blitt endå betre med litt strammare redigering. Likevel - godt frå ein debutant! Her vart det terningkast 4
Som fleire andre har også eg lese dei sju første kapitla. Er enig i mykje av det som er skrive under her, det er krevande å lese om menneske i krig.
Synest dei siste kapitla gav meir om dei ulike personane, noko som gjorde det "enklare" for meg å lese. Krig er vondt - det gjer vondt for dei som er inne i det. Ein må berre beundre menn som utfører ordrar trass i mangel på mat, søvn og ei god seng, og som er våte og kalde.
Det er også merkeleg å lese om reaksjonane deira når menn dei har hatt nær seg misser livet på grusomt vis.
For meg verkar det som om Linna har kjennskap til krig og konsekvensar for dei involverte, men det veit sikkert andre betre enn meg.
Eg kjenner meg heldig som aldri har opplevd krig, som aldri har hatt nokon nære som har måtta delta i væpna krigshandlingar.
All honnør til deg for jobben du gjer og har gjort med å fornye/forbetre "bokelskere.no".
Det ser ut som om dei nyaste bøkene kan registrerast no.
Ei stor stjerne til deg! :-)
Har lese to kap og veit ikkje heilt kva eg meiner....
Dette er ei bok eg har høyrt mykje om, ei bok eg veit eg burde ha lese forlengst, men trur det må vere temaet krig og død som gjer at eg har unngått den.
Det er tungt å skulle lese om unge gutar som må svelte, fryse,døy for landet sitt - samtidig som ein må beundre dei for innsatsen dei gjer....trass i at eg imot all krig!
I tillegg til kulde og sult kom mangelen på søvn. Av de fire faktorer som en kan si hele krigens vesen består av, var det bare redselen som manglet. Kap 1, s 31
Når det er sagt, Linna skriv godt, ein kan nesten sjå for seg både hendingar og situasjonar, sjølv om det ikkje er like lett å få med seg kven dei er alle som er med.
Eg har tenkt å prøve å vere med og lese vidare.
Dette var merkelig! Har vore innom og kika eg også, og når eg går inn på nye bokelskarar, så ligg der mange utan bilde, men som har lagt inn profil etter same mønster. Nokre har lenker til Polen, ser det ut til, medan andre har finsklydande namn.....No er eg svært lite datakyndig, og anar ikkje kva motivet kan vere........Men, rart er det!
Fekk lyst til å fortelle om mi bokoppleving på ein lokal brukthandel laurdag.
Saman med eit barnebarn gjekk eg for å leite etter "Ukjent soldat". I det vi kom inn, ropte ei av dei bak disken på meg. Ho kunne fortelle at dei hadde funne ei bok eg hadde leita etter for ei god stund sidan, nemlig "Monsignor Quijote" av Graham Greene.
Eg for min del hadde gitt opp å vente på den, så eg bestilte ei utgåve frå utsalget i Fjærland, som eg betalte ein god del for.
Denne utgåva var berre kjempefin, så den ville eg sjølvsagt ha!
Og - eg fann ei godt brukbar utgåve av "Ukjent soldat" også....til ein slikk og ingenting!
Bokflaks, kallar eg det! :-)
Grøss! Om du er mørkeredd: Ikkje lytt til denne om kvelden om du er heime åleine iallfall!
Grøssarhistorier er ikkje mellom mine favorittar, likevel har vi hatt eit par (u)hyggelige stunder med solskin utanfor og kaffe i koppen.....
Kanskje var det "Den røde døds maske" og "Den brasilianske katt" dei historiene som gjorde mest inntrykk......
Denne boka viser svært godt kor viktig det er at nokre jenter har mot til å stå fram og kjempe for jenter sin rett til utdanning! Både Mukhtar Mai ...og no ikkje minst Malala gjer ein innsats det verkeleg står respekt av! Mange bør lese "Vanæret", den er fremdeles aktuell, dessverre.
Akkjasann...sånn går det når ein ikkje sjekkar godt nok. Ser der er ein god del gode forslag, så eg trur eg ventar og ser :-)
Trur at mitt forslag denne gongen blir Kongens fall av Georg V.Jensen fordi:
Den vart kåra til århundrets roman i Danmark
Den har fått gode terningkast...iallfall ein god del, og har fått svært god omtale av Rolf Ingemundsen
...og, den står på skal-lese-lista mi
Utan å vere sikker, så kan den kanskje vere velegna til diskusjon?
Elles så er her mange gode forslag, ma Fuglane og Gulldronning, perledronning, den siste er eg i gang med pga ein annan lesesirkel, og den grip meg verkeleg.
Spennande valg :-)