"Det finnes mennesker som går gjennom livet med sin mislykkethet skrevet i ansiktet og i kroppens bevegelser."
Slik startar denne romanen på meir enn 500 sider.
I første delen av boka er vi 60-åra saman med bandgjengen Jouni, Ariel og Adriana. Dei spelar til dans, og kjem endåtil så langt at dei gir ut si eiga plate. Etterkvart opplever dei at musikklivet har ein del utfordringar som dei ikkje hadde føresett, og at samfunnet krev meir av dei.
Dei utviklar seg i kvar si retning, og berre Jouni ser ut til å lukkast, til å nå måla sine som ein mann med posisjon innanfor politikken.
20 år seinare begynner journalisten Frank å leite etter kva som eigentleg hende med den delvis gløymde popgruppa. Hans store kjærleik gjennom livet , Eva, er veslesyster til gruppemedlemet Adriana. Og - det han får å vite - litt etter litt - viser seg å få store konsekvensar for hans eige liv - svært mykje seinare.
Å lese boka var ikkje ein udelt fornøyelse. Sjølv om vi i vår familie har mange linkar til pop i 60 og 70-åra, så var det ikkje alt som fenga meg like mykje.
Opplevde det elles som noko merkeleg at eg i deler av boka nesten kjeda meg, men at boka vart "stor" mot slutten, først då forstod eg kva som var meininga - at ekte venskap er ein stor rikdom.
Derfor vart det likevel terningkast 5
Vart nok litt skuffa då eg fekk kontrabeskjed - eg fekk ikkje boka likevel.
Var så fornøgd over å ha fått bekreftelse på ei svært billig utgåve, men den dagen den skulle kome fekk eg kontrabeskjed frå Bokkilden - dei var utselde!
Men, heldigvis fekk eg ei anna utgåve i dag av Verden av i går, men berre som pocket då, frå Haugenbok....
Og sidan sommaren er så elendig på våre kantar, så bestilte eg like godt Sommerboken som ei erstatning for mangelen på sol og varme.
Også ei bok av Murakami låg i pakken.....ja,ja..., skal-lese-lista mi minkar ikkje akkurat.
Dette vart for fristande! Boka er bestilt......same kor tullete det er. Hadde som mål å få drastisk ned "skal-lese-lista" mi. Men, sidan Zweig skriv så godt.......
Heia, til deg og alle andre bokelskere!
Eg har ein slags "heime-åleine-fest" i kveld, er mutters åleine og kan kose meg meg med boka mi Svik 1938.
I morgon må eg elle-melle om eg skal starte på Gå ikke alene ut i natten, også av Westö, eller om eg skal lese Slåttekar i himmelen av Evard Hoem.
Begge freistar, så eg får sjå...
Sommarveret er fremdeles ypperlig til å lese her oppe i nordvest- sidan sola berre viser seg i små doser, er det godt å kunne gøyme seg i ei god bok.
Håper du får nok ro så du får lese om du lystar, Vibeke!
Er spent på korleis du likar den, Jostein. Las den for nokre år sidan, og synest å huske at eg var noko mellomfornøgd. No er er eg derimot svært fornøgd med Svik 1938 som eg er i gang med. Likar faktisk så godt, at eg vurderer å lese Skrakeboka ein gong til....
Ser også at eg har liggande på vent Gå ikke alene ut i natten, så kanskje det blir ein Westösommar her.....
Det vart ikkje toppkarakter hos meg, dessverre.....
Historia om dei to glupe, skuleflinke jentene i eit fattegsleg, valdeleg Napoli fascinerte på mange vis. Forholdet mellom dei er sterkt, vennskapen held trass i skilnadene dei opplever - både når det gjeld utdanning og etterkvart status. Synest også at forfattaren får godt fram menneskelege relasjonar og tankar - og ikkje minst miljøet og tida.
Når eg likevel ikkje let meg rive med totalt, så opplevde eg deler av innhaldet som noko stilleståande. Ser at mange er svært begeistra over språket....medan eg som nynorskbrukar er meir reservert. Nokre formuleringar var tunge, og ikkje minst så opplevde eg språkleg inkonsekvens.....Så siste delen av boka vart ikkje den positive opplevinga eg hadde forventa.
Terningkast: 4
Mange gode forslag her....Skulle vere noko for einkvar smak! :-)
Historia om dei to venninnene gir meg iallfall innleiingsvis ei god oppleving. Sidan eg har hatt huset fullt av hyggelige sommargjester, så har lesinga gått litt i rykk og napp, men det eg har lese til no får meg til å ynskje at boka skal vare lenge.....
Livet dei lever i fattige, brutale Napoli er nesten for tøft for eit barn, men vennskapen mellom dei to jentene Elena og Lila er skildra "på kornet"- med intimitet, intriger og sjalusi som kan vere ganske vanleg mellom venninner i barneår.
Håper siste 2/3 av boka er like god..........
Takk for det!
Svik 1938 av Kjell Westö
Mi briljante venninne av Elena Ferrante
Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem og
Historien av Elsa Morante
ligg no og ventar på meg i bokhylla.
Ser fram til nokre gode lesestunder, og takkar igjen for tips...:-)
Det er kanskje fordi eg har lese i seine nattetimar, men har ikkje fått med meg alt som hende med tre av søskena. Helgi forsvann på fjellet, Ásta Sóllilja fekk eit barn til som ho var åleine med? ( har ikkje fått med meg kva som hende der), og Gvendur kom heilt i skuggen etter sitt mislukka forsøk på å kome til Amerika. Men kva skjedde med Nonni?
Må ellers sei at Laxness er ein forfattar eg har lyst å lese meir av. Las ein stad at han ein periode var kommunist etter eit besøk i Sovjet, og at han var provosert av Hamsun - meinte han idylliserte bondelivet. "Sin egen herre" vart karakterisert som ein politisk roman, og eit av hans store verk. Det rare er at boka ikkje var nemnd i ei bok eg har om store forfattarar.
Natta måtte takast i bruk for å få med meg dei siste sidene.
Dette er ei bok eg er glad for å ha lese, utan tvil- men det er også ei bok som gav meg vondt medan eg las.
Det var så vondt å lese om han snåle karen som kom og utnytta gjestfridomen på fleire vis. Det fekk store konsekvensar for Ásta Sóllilja og dei andre i familien. Ásta Sóllilja var både truskuldig og kjærleikssøkande, noko ho fekk betale dyrt for. Bjartur får også betale for sin eigenrådige veremåte, både på det økonomiske og det medmenneskelige planet.
Laxness har ein del språklege gullkorn, i tillegg til at han skildrar menneske og hendingar på ein framifrå god måte. Han skildrar kampen for sjølvstende både ironisk, beiskt og med poesi. Til tider verkar det ufatteleg at menneske kan halde på menneskeverdet under så kalde og uverdige butilhøve. Kunne formeleg kjenne både regnet og kulden som omgav dei. Han viser også den politiske utviklinga i samtida som fekk konsekvensar også for Island og folket der.
Eg har veksla mellom seks og fem på min bokterning, men har bestemt meg for at det iallfall no blir ein 5++, sidan eg no på slutten sat att med eit par trådar som heng litt i lufta.
Takkar både deg og dei andre som har gitt meg gode tips! Eg har eit par dagar til, så skal ymte frampå til ein her, så då blir det spennande å sjå....:-)
Men eg veit iallfall om ei bok som skal på ønskelista,,sjølv om den ikkje kjem før i august: nemlig Sett ut en vaktpost av Harper Lee...
Ser ellers at du no les ei bok eg er svært glad i, Med livet foran seg. likte den så godt at eg kjøpte den etter å ha lånt den på biblioteket. Skal heilt sikkert lese den fleire gonger.
Det eg lurer på i dag er meir i kategorien luksusproblem...
Det er nemlig slik at om få dagar vil folk i mi familie kome med gåver til meg, og sidan eg er så glad i å lese, så vil dei gjerne at eg skal ønske meg ei bok, helst ei god! I år er eg litt i tvil, derfor lurer eg på om nokon kan kome med ei god anbefaling. Skal eg ønske meg:
Blir glad for gode tips.
At forfattarar brukar dialekt eller tilnærma munnleg tale er med på å gjere innhaldet meir truverdig, og eg synest det medverkar til å skildre miljøet personane er ein del av.
Dei mest særeigne dialektuttrykk bør sjeldan brukast, av forståelige grunnar, men det er no slik at vi skjønar det meste ut av samanhengen om det skulle vere eit ord vi ikkje får med oss i farta.
Her står no Vanskelige tider for døra.
Eg kjenner at eg blir nesten litt irritert på Bjartur som er så sta at han ikkje eingong prøver å smake på fersk mat når han vert boden det. " Nåja, vi liker nå bedre kjerneføden vi, da,sa Bjartur, - vi vil ha det salt og surt.
På meg verkar det som om gammal, bederva mat er storparten av kosthaldet. Vassgraut, sur blodpølse og gammalt, hardt brød.
Har nettop lese ei bok av kinesiske Mo Yan, der den sta bonden Lan Lian ikkje er så heilt ulik Bjartur i måten å vere på.
Elles så opplever eg skrivestilen hos Laxness som svært variabel i god meining. Her er lyrikk, nesten refererande tekst - spesielt det som gjeld politiske innspel - gode skildringar av natur og menneske, og endåtil tekster som får meg til å tenke på folkedikting: "Det var en gang..."
Likar, og likar godt!
Eg er nok langt bakpå...av div grunnar...
Men- eg har no akkurat fullført første del-og likar det godt! Ser at nokre skriv om sauene som får svært mykje omtale, og sauene - eller kanskje eg må seie sauen- fekk no store konsekvensar både for Bjartur og Rosa!
Laxness får verkeleg fram det meir enn enkle livet som vart levd av småkårsfolk på Island, og eg opplever språket som rikhaldig med gode skildringar.
Bjartur er både sta og eigenrådig, han gir ikkje opp så lett. Synest møtet han hadde med presten var kostelig.
For ikkje å gløyme Fadervåret i gravferda:
- Fader vår, du som er i himmelen, ja, så uendelig langt borte at ingen vet hvor du er, knapt noe sted, gi oss i dag noe ørende lite å spise til din herlighet, og tilgi oss hvis vi ikke greier å gjøre opp for oss hos kjøpmenn og långivere, men la oss fremfor alt ikke fristes til å ha gode dager, for riket er ditt.
Med det same eg starta, så kunne eg faktisk ha tenkt meg at boka var på nynorsk, av ein eller annan merkeleg grunn....(reagerer ikkje på det no,då)
Men når det gjeld tidsperspektivet - kan det vere i starten av 1900- talet? Eg har prøvd å Google litt, men fann det ikkje ut...
Den imponerte ikkje meg heller, men trur eg ikkje er fullt så streng...kanskje eg hallar meir mot terningkast 3+ :-)
Mo Yan, alltid parat til å bidra med vranglære og så tvil og forvirre folk, har for vane å blande fakta og fantasi i sine historier; du kan ikke avvise innholdet uten videre, men du må ikke gå i den fellen å tro på alt han skriver.
"Livet og døden tar rotta på meg" vart av meg opplevd som dramatisk, morsom, fantasifull og historisk + litt til.
Den kinesiske landmannen Ximen Nao vert henretta på bestialsk vis - og hamnar i helvete. Han greier å overtyde dei vonde maktene om at han har meir å utrette på jorda, og dei går til slutt med på reinkarnasjon. Det er berre det at menneske blir han ikkje så fort; Han kjem tilbake til same stad som han forlet, men først som esel, deretter okse, gris, hund og ape før han blir eit lite menneske med stort hovud...
På same tid som han fortel om lagnaden til enkeltmenneske, så får vi historia til Kina frå ca 1950 og fram til moderne tid. Gjennom dei ulike karakterane fortel han om krig, opprør, revolusjon og terror, og svolt og tvang som prega samfunnet.
Eg vart spesielt gripen av historia til den sære individualisten Lan Lian som nekta å gå frå jorda han hadde- han skulle vere sjølvstendig bonde - koste kva det koste ville! Og Lan Lian med det blå fødselsmerket skal verkeleg ha levd.
Det var også morosamt at Mo Yan har skrive seg sjølv inn i romanen - med ironisk blikk skildra han ulike situasjonar der han ikkje alltid var så positiv at det gjorde noko.
Eg likte den originale måten å skildre eit samfunn på, eg likte sleivsparka og kritikken som vart framsette, eg likte det sprudlande språket og morosame, uventa hendingar. Når terningen likevel enda på 5, så er det fordi eg i nokre sekvensar syntest det drygde litt ut...
Heia- til deg og dei andre som vil vere med å diskutere "Sin egen herre".
No er eg tilbake i heimen, og boka er leita fram.
Ser fram til å lese boka og til ein god diskusjon om innhaldet!