Historia om dei to venninnene gir meg iallfall innleiingsvis ei god oppleving. Sidan eg har hatt huset fullt av hyggelige sommargjester, så har lesinga gått litt i rykk og napp, men det eg har lese til no får meg til å ynskje at boka skal vare lenge.....
Livet dei lever i fattige, brutale Napoli er nesten for tøft for eit barn, men vennskapen mellom dei to jentene Elena og Lila er skildra "på kornet"- med intimitet, intriger og sjalusi som kan vere ganske vanleg mellom venninner i barneår.

Håper siste 2/3 av boka er like god..........

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Det vart ikkje toppkarakter hos meg, dessverre.....
Historia om dei to glupe, skuleflinke jentene i eit fattegsleg, valdeleg Napoli fascinerte på mange vis. Forholdet mellom dei er sterkt, vennskapen held trass i skilnadene dei opplever - både når det gjeld utdanning og etterkvart status. Synest også at forfattaren får godt fram menneskelege relasjonar og tankar - og ikkje minst miljøet og tida.
Når eg likevel ikkje let meg rive med totalt, så opplevde eg deler av innhaldet som noko stilleståande. Ser at mange er svært begeistra over språket....medan eg som nynorskbrukar er meir reservert. Nokre formuleringar var tunge, og ikkje minst så opplevde eg språkleg inkonsekvens.....Så siste delen av boka vart ikkje den positive opplevinga eg hadde forventa.
Terningkast: 4

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg er òg enig. Eg visste ikkje at det var fleire bøker i serien, og slutten på boka kom brått på meg. Kjente meg snytt då eg var ferdig, men den kjensla gjekk over då eg fann ut at der var ei fortsetjing på historia. Eg les bok 2 no, "Historia om det nye namnet", og det er ein god driv i denne, så langt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Må si meg enig med deg her - ble ikke helt bitt av Ferrante feberen jeg heller, hadde større forventninger til denne. Men allerede bok to er bedre synes jeg.
Her min omtale av den første boken

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtBertyHarald KSolDolly DuckKirsten LundTonesen81Pi_MesongretemorEivind  VaksvikLars MæhlumBur1LailaAvaLilleviArveTanteMamieLeseberta_23Akima MontgomeryTrude JensenTor-Arne JensenBerit RBjørg L.Hanne Kvernmo RyeJulie StensethRufsetufsaCarine OlsrødMarianneNInger-LiseNorahTine SundalVariosaSverreKristin71Tone SundlandWenche VargasMorten JensenMarit HåverstadChristoffer SmedaasCamilla