Her er det mykje vakkert! Mellom det beste er Julerosa av Herbjørg Wassmo, og heilt i toppen for meg var Legenden om Julrosorna av Selma Lagerløf.
Dette heftet skal gøymast og ikkje gløymast! Kan lesast igjen og igjen.
Av Jon Fosse
Det finst ei jord som opnar opp
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att
Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mjukt imot
og let deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot
Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel
Fekk denne nokre dagar før jul, og sjølv om ikkje alt er lese, så er dette eit julehefte som eg skal ta godt vare på. Det er vakkert- med kunst som dekorerer tekster, og tekstane i seg sjølv er varierte og gir både god opplevingar og ettertanke.
Første teksten er lyrisk om kyrkjegard, julekveld, igjen og igjen
av Ruth Lillegraven
alt
skal minne
alt skal likne
alt skal lukte
av granbar og
grønsåpe og
gamle dagar
klokka fem
skal klokkene
ringe
og så skal det
vere stille
heilt stille
skal det vere
(.... og så held teksten fram om jul og minne.)
Etter å ha lese om denne omdiskuterte boka både her inne og i andre medie, har eg bestemt meg for at denne blir ikkje lest av meg! Der har kome fram vel mykje negative kommentarar, så det som eg kan ha hatt av "lyst til å lese" er borte vekk!
(Så - derfor trur eg at Juleroser redigert av Kråkevik kan utgjere eit godt alternativ!)
Også her er Dickens julefavoritt nr 1! Men, om han blir leita fram i år, det gjenstår å sjå. Her hos meg er det for tida noko kaotiske tilhøve, og finn lite ro til å kose meg med ei bok. Har no uansett leita fram Mårbackatrilogien av Selma Lagerløf, og håper at den kan gi nokre gode stunder.
Nyttar høvet til å ønske God Jul til deg og alle andre bokelskere! :-)
Dette julediktet av Jakob Sande er vi veldig glade i. Men, kanskje det fell mest i smak hos nynorskbrukarar?
JULEKVELD
Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusen små barnehender
mot himmelen ljosa held.
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.
Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
Der song dei for første gongen,
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.
Den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt,
om barnet, Guds son og sonar
som mørket for evig batt.
(Gjengitt etter hukommelsen)
Meiner at diktet vart skrive tidleg på 30-talet....
Aller først så må eg få rose deg, Gretemor, for at du tek over den flotte jobben som Kjell har gjort!
Eg håper at eg kan stå som medlem av lesesirkelen sjølv om eg har vore og vil bli noko passiv framover. Det er litt for mykje som skjer hos oss no om dagen, så eg må prioritere litt annleis ein periode. Håper å kome sterkt tilbake seinare.
Ser at mange av forslaga som er gitt kunne eg ha tenkt meg....
Ha ei god helg, både du og alle andre her inne! :-)
Så er siste side vendt i Mnem, og eg må sei at eg er glad for å ha delteke i denne fellesinga! :-)
Trur også at eg trygt kan sei at denne boka er den mest spesielle eg nokon gong har lese, med alle sine variasjonar både i tema og sjanger.
Har gjort meg nokre tankar omkring det å bestemme seg for å anlegge ein by ein bestemt stad, men faktisk har det også skjedd i verkelegheita. Brasilia vart vedteken i 1891, men dei starta først å bygge den i 1956. Spesielt!
Har også fått ein del assosiasjonar til kap 57 sekunder - det er ikkje heilt ulikt Pål Sumdvor si novelle Kvitprikkut ball, for ikkje å snakke om Att døda ett barn av Stig Dagerman.
Alt i alt- ei spesiell bok, og ei god bok, sjølv om nokre deler engasjerte meg meir enn andre!
Iallfall ei bok eg kjem til å anbefale til mine lesevener i mitt nærmiljø!
Enkelte poeter brukte tulipanen som et symbol på det perfekte, som i Musharrif udin Sadis beskrivelse av livet etter døden, i Edens hage, eller som i Hafiz' dikt der han sammenligner de røde, myke kronbladene på tulipanen, med sin elskedes rødmende kinn.
Er imponert, Jostein! Alt du finn ut!
Av diverse grunnar har eg fått lese mindre enn venta, men har likevel kome eit stykke på veg (nesten 200s).
Likar det merkelige innhaldet betre og betre. Der er mykje som får tankane i aktivitet. MA det som "Intermezzo" vert innleid med; tankane omkring alt som fer gjennom lufta i enorme mengder, og som vi ikkje ser: Radioprogram, reklame, filmar, såpeserier, tekstmeldingar - tekstmeldingar med godt eller vondt eller uinteressant innhald som finn vegen til mottakaren same kvar han eller ho er....(s 98)
Sat i går på eit kjøpesenter og venta, og fann meg sjølv svært så obs på alle dei ulike som gjekk forbi. Trur det må vere Stranger som har trigga noko....
Synest også at spenninga stig.....
Let's go bananas.
(Simon Stranger i en notis til sin forlegger) side 7
Og det må eg sei, dette er no rart??
Eg har no lese nokre sider, ( kanskje meir enn mange andre) og opplever det som heilt ulikt alt anna eg har lese før. Gatene ser beine ut, medan dei som bur i husa er så ulike som menneske er i alle hus....
Utan å skulle røpe for mykje må eg kunne nemne:
Modellbyggaren hadde evner som låg langt utanfor normalen, eller hadde han det? Og porselenet til dei to jentene frå Paris......litt av ei historie!
Eg får smøre meg med tolmod og sjå kva Peter Ørlinge Oort får gjort med bokprosjektet sitt :-)
Boka gjorde inntrykk, så her vart det terningkast 5 - ikkje akkurat for det litterære, men for eit ærleg og usminka bilete av ei jente som var så til dei grader fanga i si eiga tankeverd og eigen kropp.
Det gjer vondt å tenke på at dei finst der ute - det har eg erfaringar med gjennom eigen jobb. Boka kan gjere at både eg og andre får meir forståing.....
Denne hausten har det vore labert både med lesing og litt av kvart anna....
No tek eg likevel sjansen på at eg skal få til å vere med på neste felleslesing.
Har bestemt meg for at mitt forslag blir Styrtet engel av Enquist.
Boka er ikkje lang, har berre 105 sider, men det ser ut for dei sidene er spekka med innhald. Ser av ein del omtaler her inne at den er vakker, grusom, velegna til diskusjon, ei perle....Ja, lovorda er verkeleg mange.
Lurer litt på om fleire enn eg har oppdaga noko rart når ein går inn på "Profil", og deretter "Hva skjer"?
Hos meg er det nemlig slik at under "Bokelskere med like mine bøker" så er der ein person "none" som har 286 felles bøker med meg. Det er berre det at om eg trykker på han, så eksisterer han ikkje.....
Ser også at talet på felles bøker er uendra, trass i at både eg og andre har skaffa fleire....
Har andre oppdaga det same, eller er det berre hos meg?
Denne gjekk faktisk på NRK-TV i 2012, les eg meg til... Vart innspelt i 2008, trur eg.
Den var både engasjerande og sjåverdig, sjølv om eg ikkje har lese boka :-)
Vi likte det vi såg, vi, og eg fekk lyst til å lese boka.
Ser ikkje vekk frå at den kan kome på leselista mi ein gong i framtida.....
Må få lure meg til ein liten kommentar sjølv om eg ikkje er med på felleslesinga av "Thomas Manns verdensberømte suksessroman" (sitat frå cover) Eg har kika innom ved eit par anledningar, som nokre av dokke kanskje har sett, og det har fanga interessa mi såpass at eg i dag har vore på biblioteket og lånt filmen. På coveret kan eg lese:
"Fantastisk ....storartet skuespillerkunst og uforglemmelige scener"..
Så no kan eg sjå fram til den :-)
Har lese vel 100 sider i ei bok som må vere heilt ulik alt anna eg har lese tidlegare. Innhaldet er merkeleg, morsomt - til dels svært morsomt- fantastifullt, grotesk og fantastisk overdrive!
Her er skildringar og språklege utsegner som aldri kan brukast i siviliserte samanhengar. Hadde nokon i mi familie uttrykt seg slik, så hadde det vorte kraftige reprimander, ja!
Men - trass i ein del grov språkbruk, så er her mykje artig, som framkallar til del høg latter. Og overdrivingane er så enorme at dei berre har parallellar i eventyra, eller fantasiverda.
Det var Jostein som foreslo denne til noverande felleslesing, og etter mi meining er det ei bok som egnar seg godt til diskusjon. Kanskje ein annan gong?
Takkar for omtanken, Jostein, det varmar!
Er no tilbake i heimen, og godt er det! Boka eg hadde med var skrale saker som gav lite. Men, litt tidtrøyte var det, trass alt.
Har sett litt på diskusjonen de har om lesesirkelboka "Buddenbrooks", kjekt å snoke litt der. Kanskje eg bør vurdere å lese boka seinare?
Heia, til deg og alle andre her inne!
Har vore litt fråverande av div årsaker, og sidan eg no ligg nyoperert lang heimanfrå, så har eg tatt med Døden skal du lide - ei enkel, lettlest krimbok. Skal prøve å orke å lese litt i den....ser forresten at tittelen på boka var no litt treffande! Haha!
Ser også at eg i ørska i går har gitt ei stjerne til Kjell k, og det trass i at eg ikkje les Buddenbrooks, men kikar berre innom diskusjonen litt. Stjerna skal få stå, og kunne sikkert ha gitt fleire, men det får vente til forma blir betre.
Ha ei god helg, og kryssar fingrane for at veret ikkje blir for ille rundt om!
Hausten er umåteleg vakker no om dagen! Slike dagar set vi pris på!
Eg er snart ferdig med ei lesesirkelbok, Britt -Marie var her av Backman...Må tilstå at eg eg ikkje er så begeistra. Men, skal eg kunne delta i diskusjonen, så må eg prøve å fullføre.
Har såvidt vore inne og snusa på ei bok som Jostein foreslo til lesesirkel, nemlig Pantagruel Gargantua, og det eg har lese til no er rett så fornøyelig! Det blir nok til at eg brukar litt tid på den også!
Håper alle får ei god helg, og kan kose seg med ei god bok :-)