Mnem, tittelen spelar på det greske ordet for minne. Og sviktande minne er eit tema som dukkar opp fleire gangar i løpet av dei knapt 100 sidene eg har lest. Vidare er likninga mellom ein by og ein menneskekropp eit sentralt tema.

Då tenker et følgende; byplanen for Nem er lagt ut ikkje heilt ulik anatomien til ei menneskehjerne. Ikkje prikk lik, på ingen måte, men likevel:er fellestrekka ein tydeleg hovudakse med radielle forgreiningar inn i eit snirklete gate/tankemønster som totalt sett formar ein sirkel. Dess meir eg tenker på det, dess meir overtydd eg et om at dette er eit underliggande poeng med byplanen.

skriv bildebeskrivelse her
skriv bildebeskrivelse her

Vidare har eg tenkt ein del på omslagsdesignet til boka (forøvrig kreditert storebroren til forfattaren). Krusedullane på omslaget leier tankane over på fraktalar (eg er ikkje god nok på dette til å sjå om det er ein ordentleg fraktal eller ikkje). Fraktalar har den eigenskapen at uansett kor mykje ein forstørrer eller forminskar, så finn ein att same mønsteret heile tida. Dette er jo også tema som forfattaren tek opp i boka, mellom anna i samanlikninga mellom byar og menneskekroppar.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Og på slutten av boka, på side 476, i skildringa av korleis kroppen døyr, kjem det eit hint om at forfattaren kanskje har tenkt i dei banene som eg nemner:

"Overalt skjer det, i fingrene, armene og i pannen, i hver levercelle, lungecelle og hjertecelle: de kveles, får ikke puste, og cellene i øynene dør, de ytterste først og så innover mot sentrum, [.... ] , fra hver fingertupp og opp til hodet, som en by der strømmen går, slik at gatelysene slukner i kvartal etter kvartal innover mot sentrum, mot hjernestammen, ..."

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er imponert, Jostein! Alt du finn ut!
Av diverse grunnar har eg fått lese mindre enn venta, men har likevel kome eit stykke på veg (nesten 200s).
Likar det merkelige innhaldet betre og betre. Der er mykje som får tankane i aktivitet. MA det som "Intermezzo" vert innleid med; tankane omkring alt som fer gjennom lufta i enorme mengder, og som vi ikkje ser: Radioprogram, reklame, filmar, såpeserier, tekstmeldingar - tekstmeldingar med godt eller vondt eller uinteressant innhald som finn vegen til mottakaren same kvar han eller ho er....(s 98)

Sat i går på eit kjøpesenter og venta, og fann meg sjølv svært så obs på alle dei ulike som gjekk forbi. Trur det må vere Stranger som har trigga noko....
Synest også at spenninga stig.....

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiTove Obrestad WøienVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMaren