Det er noe hjelpeløst i øynene på en forelsket mann, han har lagt hjertet sitt i en pikes hender, og vet han ikke kan ta det tilbake -......

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er rart med småfuglene, en vet ikke hvor glad en er i dem, før en må være dem foruten.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg kan tenke meg å delta i ei samlesing av Tistlene brenner ein gong. Las boka for mange år sidan, og historia om den vesle kjempen Magre Memed gjorde eit stort inntrykk på meg. Han gav håp til dei undertrykte!
Men, veit du eller nokon andre om det også finst ei eiga bok om Magre Memed? Eg har alltid trudd at det var ulik tittel på same roman, men no er eg ikkje sikker lenger.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heldt jammen på å gløyme å kome med forslag til bok. Men, etter litt tenkning trur eg at Pesten av Abert Camus skal få vere med på avstemminga.
Boka kan lesast både som ein allegori over kampen mot vonde makter, ( nazismen?) og som eit bilete på det gode som finst når ein treng å stå saman.
Fann eit sitat på Wikipedia som kanskje kan seie litt?
Har ikkje lese noko av Camus, men trur han skriv godt sidan han har fått nobelprisen i litteratur.

"Et gjennomgående trekk er at mennesker som utsettes for slike prøvelser ser ut til å velge å utføre selvoppofrende handlinger til fellesskapets beste. Romanen handler i stor grad om hva menneskelig godhet egentlig består i, og hvorfor mennesker velger det som i Sartres moralfilosofi kalles det sjenerøse."

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Har hatt fleire gode leseopplevingar i januar. Den desidert beste er Manilahallen av Ruth Lillegraven. Las den for andre gong, og den tåler verkeleg å bli lest oppatt!
Ei bok som var overraskande og engasjerande var Klokken på Kalvskinnet av Kristian Kristiansen. Både forfattar og innhald var heilt ukjent for meg. Boka fortener å bli lesen av mange.....
Likte også godt den som "alle" les no: To søstre av Åsne Seierstad. Såg forresten på TV i går at jentene er under oppsikt for deira eventuelle innsats for IS i Syria. :-(

Håper at februar også kan gi gode litterære opplevingar, har iallfall fleire gode bøker som ventar!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Fullførte boka seint i gårkveld! Slutten var sterk, gjorde noko med meg. Trur eg opplevde det som noko uventa, sjølv om eg fekk mine aningar.....
Miljøet er prega av tida - 50-talet, men problema mellom dei to kunne no ha vore kva tid som helst. Reint personleg hadde eg forventa eit anna innhald, veit ikkje heilt kva.....
Er enig med deg i at forfattaren får godt fram personane og dei ulike mennesketypene.
Trur eg må prøve å skaffe meg filmen, kanskje den kan gi meg nokre svar?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og så skjedde det som vanligvis skjer: at de som har mest gir minst, og de som har mindre, deler seg imellom på en eller annen måte.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og vinteren ble strengere, det ble så knakende kaldt.
All vind la seg, luften døde.
Ved middagstider stod solen tindrende hvit og kald som en slipt isklump langt borte, tidlig om kvelden sank den ned i en mørk blodsjø bak skogene.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg må tilstå at eg har fullført boka før tida.
For meg er det ei bok med mange lag, med innhald både på historisk og personleg plan.
Det har vore sekvensar som har rysta, med vonde hendingar og handlingar, medan andre delar har glitra med realistiske handlingar - svært så godt skildra!

Mikkel har endra seg som menneske gjennom dei tre delane, fekk nesten litt vondt av han mot slutten. I første delen verka han nesten avstumpa reint kjenslemessig - kanskje han måtte vere det for å utføre dei hemnaktige handlingane han gjorde?

Kongen framstod som svært ubesluttsom, ikkje rart han miste makta si mot den maktsjuke adelen.
Alti alt - ei svært god bok som eg er glad for å ha lese, men som krevde full merksemd. Og språket, allegoriane, skildringane var kanskje det som imponerte meg mest!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det gjekk nokre dagar før eg fann boka mi, har ei anna utgåve enn dei fleste - og det utan å vere klar over det.
Har lese nokre sider no, og er som så mange andre fascinert over språket, biletbruken og skildringane. Mange avsnitt må eg lese fleire gonger for å "smake" på innhaldet. Det er originalt og mange gonger vakkert

Men nå hørte Mikkel stillheten igjen, og nå var den svært forandret, så sterk og syngende, så full av dump underlyd, at den skremte ham. Det var åtte års liv i hjemløshet som meldte seg, det var åtte års fullbrakte ingenting som spilte salme i ørene hans og ikke ville tie. s51

Mikkel er ein snål type, veit ikkje om eg har fått "heilt taket" på han. Han verkar noko ustrukturert og ser litt lett på å leve etter vedtekne normer?
Trur eg må starte å lese på dagtid for å få med meg alt av innhaldet og personane.
Er glad for at denne boka vart valgt, og ser fram til resten....:-)

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Kjøpte faktisk to eks av denne flotte boka som eg gav bort til jul! Lurer på å kjøpe ei til meg sjølv også, sidan eg er søster...:-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg tok fram denne boka som eg fekk frå eit arveoppgjer ein gong, ville ha den som sengelektyre sidan eg ofte er så trøytt at det ikkje er så nøye kva eg les. Boka er så gammal at eg måtte til å tape ryggen på den, men innhaldet fortjente absolutt å bli lest! Enda med å fullføre den på dagtid.
Det er heilt utruleg kva folk vart dømde for, og ikkje minst så stod ikkje straffa i forhold til brotsverket sett med våre auge! Stakkars Eilert fekk livstidsdom for å ha stole ein hest som var tilbakelevert!
Eg er enig i at Kristiansen fortener å bli lesen også i vår moderne, digitale tid! Han skildrar tilhøva innanfor portane og menneska der med innsikt!
For meg var han heilt ukjend frå før.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Unge Daniel var nu kommet til tukthuset, Lars Grindes eneste sønn skulle sitte innesperret resten av sitt liv. Fordi han hadde tatt en hest. Fordi han hadde tatt en hest som eieren så å si straks fikk tilbake.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Cecilie het hun og hun kunne være sytten år. Eller atten. Iallfall ikke mer enn nitten. Cecilie Sommer, det lød som et kjærlighetsdikt, ikke sant? At hun var dansk det så man med en gang, så porselensfin likesom.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg er enig både med deg og alle dei andre som har skrive om denne boka! Dette gjorde verkeleg inntrykk!
Det er heilt utruleg at to unge jenter vert så radikaliserte at dei forlet trygge Norge for å reise til krigshandlingane i Syria - og det på IS si side!
Det er også sterkt å lese om ein fortvila far som gjer alt han kan for å få jentene heim. Det han gjennomgår er nesten ufatteleg!
Boka er som du seier både grusom og spennande som ein thriller!
Ei bok eg kjem til å anbefale til mange!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No måtte eg rett i bokhylla og hente mi utgåve, som er Pantagruel, Gargantua. Eg las litt her og der, og fekk meg ein retteleg god latter på morgonkvisten..
Det er ei bok som er spesiell og meir enn det, og ein kan ikkje vere så veldig tertefin om ein skal greie ein del av skildringane. Men, jammen er det ei bok som kan få fram humøret om ein skulle ha bruk for det!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I går avslutta eg Familien på Gilje. Det var ei oppleving som gjorde godt i det elendige juleveret vi har her i vest. Takk til Ingunn S som anbefalte denne!

No er eg ganske mange sider inne i julegåva mi, To søstre av Åsne Seierstad.
Eg vert så imponert av pappa Sadiq som gjer alt for å finne dei to jentene sine.
Og - eg vert nesten heilt "satt ut" når eg les om "gutestrekane" som fekk slike enorme konsekvensar for Syria og Aleppo. Kan det verkeleg vere mulig!
Dette ser ut il å vere ei bok som vil sitte i minnet mitt lenge!

Ha eit Godt Nytt År 2017 alle bokvener! :-)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Har lese mange gode bøker dette året, (og nokre middelmådige også), men den som gjorde absolutt størst inntrykk på meg, og som eg ikkje hadde forventingar til er Gjennom eld og vatn av Aino Kallas.
Likte også svært godt Jon Fosse sin trilogi om Andvake mm.
Kunne ha nemnt fleire godbitar, men trur eg nøyer meg med Da Gud var en kanin av Sarah Winman. Likte godt! Spesielt første delen.

Ha ei fortsatt god romjul!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

No fekk også eg lyst til å lese Familien på Gilje. Har ei bokserie med dei "fire store" som stort sett har stått og samla støv i bokhylla. Har ikkje tenkt på at denne kan vere triveleg julelesnad. Hjarteleg takk for tipset! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Her var det mange gode framlegg som eg gjerne kan vere med på. Derfor kjem eg ikkje med noko nytt denne gongen.
Ynskjer både deg, Gretemor og alle andre ei god helg, den siste i advent. :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Marit HøvdeV. HulbackGunillaHilde H HelsethAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenEivind  VaksvikRonnyKirsten LundLailaBård StøreLars MæhlumMcHempettG LPiippokattaToveOdd HebækRune U. FurbergReadninggirl30IngeborgBeate KristinritaolineJarmo LarsenCamillaTatiana WesserlingTove Obrestad WøienInger-LisejunieJohn LarsenFredrikDemeterLisbeth Kingsrud KvistenSynnøve H HoelAlice NordliKikkan HaugenTonje SivertsenAstrid SæverhagenBente NogvaAnne Berit GrønbechKetil