Ca 20 sider med dvergen sine betraktningar har eg fått med. Han er ikkje så sympatisk at det gjer noko, akkurat- heller vond- vondskapsfull og verkar å vere totalt utan medkjensle.
Eg ser i ei litteraturbok eg har at vondskapen fekk stadig større plass i forfattarskapet til Lagerkvist etter at han kom for seint til gravferda til mor si (1925).

Opplever at dagboksforma gjer innhaldet truverdig, at dvergen ikkje legg skjul på all vondskapen han ber inne i seg.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Hei! Då har eg iallfall kome så langt at eg har fått boka i hus. Biblioteket måtte låne den på fjernlån, og den ser ut til å vere svært velbrukt.
Ser fram til å lese...og håper den ikkje er altfor krevjande. :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Opplevde romanen intenst...spesielt i starten. Slutten verka noko "tilfeldig" eller kva eg no skal sei - stod ikkje i stil med første halvparten...etter mi meining. Sat nesten heile tida og lurte på om heile historia er ein slags allegori - utan at eg kan sette fingeren på kva?
Det er iallfall ei bok som er veleigna til diskusjon.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men det var i Spania, fedrelandet til den skarpsindige don Quijote, som viet seg til å hjelpe de svake og pryle de slemme, det var i Spania de frihetlige tankene kom sterkest til uttrykk, og det var i Spania, i løpet av en kort sommer, at de ble til virkelighet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det visste eg ikkje...trur ikkje det var eg som foreslo den gongen? Det er no iallfall ei god bok...:-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det krev alltid litt tenking før ein kan finne eit godt forslag, men her er no mitt denne gongen: Allis sønn av Magnhild Haalke.
Det er ei bok eg har lese for lenge sidan, og som eg minnast som god - og som kan vere eigna til diskusjon?
Fann dette i Adresseavisa:
"Noen måneder senere skrev Morgenbladets litteraturkritiker Bernhard Ellefsen en artikkel om en roman han omtalte som et «glemt mesterverk» i norsk litteratur, Magnhild Haalkes «Allis sønn» fra 1935."

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Denne trefte ikkje meg, dessverre....Etter ca hundre sider la eg den bort, men så såg eg at boka har fått så mange gode omtalar. Dermed tok eg den att, og las nokre sider som ikkje var så verst...Men, miste til tider tråden. Det er for mykje kvardagslege trivialitetar som får for mykje plass- etter mi meining.
Er glad eg kan levere den tilbake tilbake til biblioteket, der den kanskje kan opplevast som positiv av nokon andre.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er så enig! Denne er både vakker og vond- og ei bok som fortener mange lesarar!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg blir sjølvsagt med! Du organiserer så flott! Hjarteleg takk for det!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vart nesten litt skuffa over denne, eg...Likte så godt " Den stille flokken", så forventningane var til stades, ja. Denne vart litt for spesiell, med så mykje "grums" i ein klasse. Ein ting er sikkert, ein slik klassefest er ikkje noke å trakte etter.
Vel, spenninga tok seg godt opp mot slutten, så eg enda på terningkast 4

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Av ein eller annan grunn trefte ikkje denne boka meg...og forventningar hadde eg, verkeleg.
Det er rart at bøker vert opplevde så ulikt, men det er ikkje første gongen det skjer.
Eit par gonger har eg opplevd å like bøker som andre har mislikt sterkt....

No skal eg imidlertid ein tur på bokhandelen og kjøpe ei bok, vart så uroa då eg las på nettet at boksalet ikkje går så godt. Eg skal gjere min del :-)
Ha ei fin veke!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har starta på eit stort prosjekt: Ei STOR og tjukk bok av ein stor forfattar: Forbrytelse og straff av Dostojevskij! (Om forfattaren berre var stor og ikkje tjukk, veit eg ikkje. :-)
Er ganske sikker på at dette blir ei stor litterær oppleving..

Det er iallfall godt å sitte i skuggen desse dagane med ei god bok!
God helg til alle!

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Eit innhald som gir inntrykk
Bestilte boka på biblioteket, fordi "alle andre" las den. Forventningane mine var berre sånn passe. I starten sleit eg lit med Jamal- delen...kebabnorsk har mange ord som ikkje gav meining til ei som er så totalt utanfor det miljøet. Men, fann så ut at eg likevel fekk med hovudinnhaldet.

Eg sit att med mange varme kjensler for både Mo og Jamal, og ikkje minst innhaldet har gjort større inntrykk på meg enn eg hadde forventa, får det nesten ikkje ut av tankane.

Eg kjenner sjølv menneske frå andre kulturar, og trur kanskje eg skal gi dei eit ekstra godt smil neste gong eg møter dei.
Og - boka skal eg anbefale til fleire...den eignar seg godt til diskusjon!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Med ein nydeleg vestlandssommar som bakgrunn kosar eg meg med Sommerlys og så kommer natten av Jon Kalman Stefansson.
Dette opplever eg som rett og slett fornøyelig, ler høgt rett som det er. Er nesten litt overraska over at likar den så godt, sidan eg berre var sånn mellomfornøgd med dei bøkene hans eg har lese før.
No er eg glad eg har to til av han liggande på vent :-)
Kos deg med boka di, kvar du enn er!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg sit i solveggen og storkosar meg med Leiligheten av Nora Szentivany. Ei perle av ein roman, som verkeleg fortener mange lesarar!
Det er forfattaren sin debut, og det gjer ho godt. Ho skildrar mormor som blir igjen åleine i ei lita leilighet i Budapest medan svigersonen og hans familie rømer frå eit totalitært Ungarn.
Både språket og innhaldet gjer boka verd å lese!

Ha ei god helg...:-)

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Eg har ikkje hatt hverken leseform eller anna form ei tid no, men "Svarthuset" av Peter May var ei av dei bøkene som eg opplevde som overraskande god! Kanskje eg skal skaffe meg dei to neste og sjå om leselysta kjem tilbake! Godt å bli mint om god litteratur! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

skriv bildebeskrivelse her

....som eg er svært stolt over å ha i bokhylla. Har strevd med å få det til :-)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har ikkje mange sidene att no, reknar med å lese ferdig i dag. Eg er ikkje så skeptisk, likar framleis romanen godt, sjølv om innhaldet endra karakter etter at landsbyen vart rasert. Det kom fram så mykje såre kjensler og frykt mot dei som brukte makta si.
Og fiendane kjende seg faktisk usikre på Mister Pip. Soldatane såg i han noko dei ikkje kunne hanskast med.
Også reint språkleg er her nokre gullkorn som eg gler meg over.
Eg likar også godt at "Store forventninger" kan fungere til å opplyse born med minimal utdanning - sett med våre auge. Innhaldet gir dei sjølvkjensle og styrke til å møte fiendane.

Elles så trur eg at eg må lese "Store forventninger" ein gong til. Det er tydelig at boka betyr mykje for forfattaren Jones. Eg har leita litt rundt på nettet og ser at den vert rekna som ei av dei fremste av Dickens. Eg er så glad for den utgåva eg har, prøvde å få fram bildet av den, men ...

PS ..når det gjeld Matilda, så er det eit eller anna som gjer at eg ser for meg at Eg- stemma er ein gut. Veit ikkje kvifor.
Har no lese boka ferdig,- og vil takke for å ha fått vere med på ei felleslesing som eg har opplevd som positiv. :-)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Så har eg lese nesten 1/4 av Mister Pip, og likar godt det eg les. Dette er ei bok eg ikkje visste noko som helst om på førehand, så både innhaldet, miljøet og forteljarstemma (14 år gamle Matilda) var heilt ukjende for meg. Men, opplever det som triveleg selskap- så triveleg at eg vurderer å kjøpe mi eiga utgåve av romanen.
Når det gjeld " Store forventninger " av Dickens, så har eg ei flott utgåve av boka - har lese den minst to gonger + at eg har sett den på TV!
Dette er kjekt!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ja, då kom eg akkurat heim frå biblioteket med mi lånte utgåve av Mister Pip. Dei måtte bestille den inn frå ei av nabokommunene. Tydeleg at den er lite kjend.
No gler eg meg til å lese den saman med lesegruppa! Og forresten ...God helg!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Lars MæhlumMcHempettG LPiippokattaToveOdd HebækRune U. FurbergHilde H HelsethEivind  VaksvikReadninggirl30IngeborgBeate KristinritaolineJarmo LarsenCamillaTatiana WesserlingTove Obrestad WøienInger-LisejunieJohn LarsenFredrikDemeterLisbeth Kingsrud KvistenSynnøve H HoelAlice NordliKikkan HaugenTonje SivertsenAstrid SæverhagenBente NogvaAnne Berit GrønbechKetilIreneleserElin FjellheimHeidiVannflaskeKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsEvaHilde Merete GjessingBeathe Solberg