Eg byrja å lesa denne boka idag, og den er kjempebra. Den skildrar med humor og fakta korleis verda går fortare og fortare; frå ankomsten av klokka og maskinar som effektiviserer tida, og framover til idag når me har så mange planar at me knapt får tid til å kosa oss med ferien eingong. Satsar på eit rikare og meir produktivt liv ved å læra å leva "slow". Det langsomme er i det langeløp betre, og får deg raskare der du vil!
Så sant så sant! Og eg syns forøvrig at berlinerpoplene var kjempebra bøker. Alle tre! Interessante folk med ei spanande familiehistorie. Litt humor og mykje drama. Og overraskande. Ei medrivande historie!
Fantastisk! Vonar denne og kjem som lydbok. Det var utruleg stilig å høyra den innlese med tri stemmar.
Satte boka på lista mi idag. Gler meg til å lesa den. Den fanga merksemda mi på ein bokhandel, men fann ut at eg skal spara pengane og gå på biblioteket heller! Veldig greit med bokelskere som hugser alle bøkene for meg.
Eg høyrde óg boka på cd og tykkjer det var ei svært god opplesing av ei god historie. Rørande og spanande. Eg har tru på at historia egnar seg godt som film, så eg skal gje den ein sjangs!
Eg liker lydbøker av same grunn. Eg les alt for seint. Det er lettare å halda konsentrasjonen med ein stemme på øyret. Det er veldig mange gode opplesarar, og eg hugser handlinga betre når eg høyrer den. Dessuten er det så praktisk når ein kan gå, strikke, bake, osv medan ein les!
Denne boka plukka eg ut heilt tilfeldig (fordi det var den einaste biblioteket hadde inne på mp3!), og eg er heilt einig- totalt fengslande frå fyrste til siste side. Ein svært annleis krimroman.
Takk for tipset. Eg les i grunnen mest skandinavisk krim. Burde prøva andre ting og. Men krim er heller ikkje høgast prioritert, så kanskje det må venta til påske.
Forresten, har lese Flaggermusmannen og. Den var stilig!
Så, var den bra? Eg har berre lese ei bok av Nesbø (trur eg) og det var snømannen. Den var i alle fall spanande. Er Frelseren endå betre?
Dette frista meg og. Passar den å lesa høgt til kjærasten sin?! Har hatt lyst å lesa ein kjærleiksroman høgt desse lyse vakre somarkveldane.
Eg likte at boka først virka som ein kjærleiksroman. Det hadde ikkje gjort noko om denne boka ikkje gjekk over i krimsjangaren, men berre var ei underleg, vakker stille og sær kjærleikshistorie der ingenting skummelt skjedde! På ei anna side så sette boka etter kvart interessante spørsmål til arbeidsmetodane til politiet og reaksjonar på hendingar i eit lokalsamfunn.
Dei beste novellene eg har lese er samlingane Ambulanse av Johan Harstad og Bikubesong av Frode Grytten. I begge er novellene knyta saman på ein snodig måte. Ambulanse er intens og tankevekkande, Bikubesong er poetisk, humoristisk, nydeleg! Bøkene fortjener å bli skrive mykje meir om, men eg hugser berre at dei var fantastiske.
No er boka ferdig lese/høyrt, og den var heilt fantastisk. Det vart lettare å følga med på namna etter kvart. Dessutan var det som å lesa tri bøker. Handlinga på nord var heilt annleis enn då dei kom til byen. Og den siste delen som ein ser frå sonen til Martha sitt perspektiv var utruleg underhaldande. Kjempefin bok
Las denne for mange år sidan, men hugsar den framleis. Handlinga er svært orginal! Difor vart den fengslande og lett å lesa. Verkeleg ei bok å anbefala.
Eg har lese ca 100 sider av havets katedral, men no har den stått i hylla eit par månader. Kanskje eg burde plukka den fram igjen?
Eg høyrer Seierherrene på lydbok. Den er lese av Bjørn Sundquist. Perfekt stemme til boka. Men det er forferdeleg mange personar. Eg klarer ikkje å skilja alle namna, og plassera dei på rett stad. Er det viktig å få med seg alt, eller vil det gå seg til etter kvart utan at eg går glipp av noko viktig? Har vurdert å laga eit slektskart!
Å ja! Denne lokka faktisk fram tårene. Den er nydeleg.
Kaptein Nemos bibliotek kjem eg aldri til å gløyma. Det er litt tungt å lesa Enquist tykkjer eg, men eg var så heldig å få ei førelesing på universitetet om forfattaren, og då sat eg att med dobbbelt så mykje frå bøkene som før. Nokre forfattarar må ein på ein måte knekka koden på for å få fullt utbytte.
Eg trur du har rett i det med å koma inn i stemninga i boka. Eg høyrde og denne boka som lydbok, og eg trur eg hadde brukt lengre tid på å forstå handlinga og meininga med boka om eg las den sjølv. Det var den fyrste boka eg las av Murakami, men det har blitt mange fleir. Eg kjenner mange som har gitt opp Norwegian Wood, og eg syns det er dumt at dei ikkje får den same aha-opplevinga som eg fekk! Prøver å anbefala lydbok, men det passar visst ikkje for alle det heller.