Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Dette er den første boka om Kim Karlsen.
Forlag Cappelen
Utgivelsesår 1993
Format Innbundet
ISBN13 9788202144593
EAN 9788202144593
Serier Cappelens storbøker Kim Karlsen (1)
Omtalt tid 1970-1979 1960-1969
Språk Norsk bokmål
Sider 538
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Oppvekstskildringar er ein favorittsjanger for denne lesaren, og Beatles må då vere det beste eg har lest av dette slaget. Her var det mykje bra.
I boka fylgjer ein 4 middelklassegutar frå Oslo, Gunnar, Ola, Seb og forteljaren Kim, i ein periode frå 1965 til 1972, eller frå gutane er 14 til dei er 21 år gamle. Ei flott forteljing om sterkt venskap og lojalitet, men også om kjærleik (og sorgene som høyrer med), svik, opprør, samfunnsforhold og om den nære forhistoria vår. Skildringane av miljø, både i tydingane «fysiske omgjevnadar» og «mellommeneskelege forhold», er av høg klasse. Foteljinga er stort sett i ein lettbeint og til dels humoristisk tone, men der er også et djupare lag av alvor og tragedie.
Den reativt kjende engelske popgruppa «The Beatles» er ein del av bakteppet for historia. Dei fire gutane i boka identifiserer seg med medlemmene av Beatles, og drøymer om å starte eit eige band. Men det bortimot geniale med boka er at utviklinga til gutane gjeng i takt med utviklinga til The Beatles sin musikk, frå det litt naive og truskuldige frå 1965 og tidlegare og til det meir utforskande og komplekse etter kvart som åra gjeng. Dette blir understreka av at kapitla i boka har namn etter Beatles-sangar (og enkelte post-Beatles sangar). Dei enkelte Beatles-albuma markerer også milepælar i historia til gutane.
Suksessen til boka skuldast nok til ein viss grad ein heil generasjon som kjenner seg att i oppvekst frå 1960- og 1970-talet. Men det virker som om historia også fenger lesarar som vaks opp både før og etter dette tidsromet. Det er vel også rimeleg å anta at Beatles har fått ein viss gjenklang i seinare litterære verk. Eg kan til dømes ikkje forstå anna enn at Ingvar Ambjørnsen sin Hvite Niggere og del 2 av Roy Jacobsen sin Seierherrene, og kanskje enno fleire som eg ikkje kjenner til, må vere delvis inspirert av denne boka.
Til slutt sit eg berre att med eit enkelt spørsmål: Kvifor i alle dagar har eg ikkje lest denne boka før? For å seie det med The Beatles: «I should have known better». Men no blei det til slutt likevel.
Det starter som et idyllisk glansbilde av Frogner på 60-tallet som sakte falmer hen sammen med oppfattelsen av sinnstilstanden til Kim Karlsen. Utrolig bra skrevet bok, skjønner ikke hvorfor det har tatt meg så lang tid å lese denne. Anbefales på det sterkeste.
Magen kjentes som en tørketrommel, en rusten tørketrommel i et nedlagt vaskeri i en fuktig og muggen kjeller. Sånn følte jeg meg. Det var kvelden før vi skulle på sesjon.
Tolstojs mursteinsroman var høvla ned til en enakter.
Jeg har alltid vært glad i gode titler. Her er ti stykker jeg synes er mer enn sedvanlig gode.
Fleirbindsverk eg har starta på, men ikkje fullført enno.
Tel ikkje med krim-seriar o.l.
Lista er meint som ei hugseliste for eigen del.
Sortert etter kor truleg det er at eg kjem til å lese fleire bøker i verket.
Kvart punkt i lista er den første boka eg las av det aktuelle verket.
Verk som er sjekka ut av lista:
- Napoli-kvartetten av Elena Ferrante
- Slåttekar i himmelen og dei tre påfølgande bøkene i Edvard Hoem sin slektskrønike.
- Nattens brød av Johan Falkberget
Bøker av Lars Saabye Christensen. Ein norsklektor hadde eingong besøk av denne forfattaren, og ein elev spurde om ikkje Lars Saabye Christensen var einig i at det var noko tull å analysere romanar. Da sa forfattaren: "Kva skulle du elles gjere med dei?"