Oppvekstskildringar er ein favorittsjanger for denne lesaren, og Beatles må då vere det beste eg har lest av dette slaget. Her var det mykje bra.

I boka fylgjer ein 4 middelklassegutar frå Oslo, Gunnar, Ola, Seb og forteljaren Kim, i ein periode frå 1965 til 1972, eller frå gutane er 14 til dei er 21 år gamle. Ei flott forteljing om sterkt venskap og lojalitet, men også om kjærleik (og sorgene som høyrer med), svik, opprør, samfunnsforhold og om den nære forhistoria vår. Skildringane av miljø, både i tydingane «fysiske omgjevnadar» og «mellommeneskelege forhold», er av høg klasse. Foteljinga er stort sett i ein lettbeint og til dels humoristisk tone, men der er også et djupare lag av alvor og tragedie.

Den reativt kjende engelske popgruppa «The Beatles» er ein del av bakteppet for historia. Dei fire gutane i boka identifiserer seg med medlemmene av Beatles, og drøymer om å starte eit eige band. Men det bortimot geniale med boka er at utviklinga til gutane gjeng i takt med utviklinga til The Beatles sin musikk, frå det litt naive og truskuldige frå 1965 og tidlegare og til det meir utforskande og komplekse etter kvart som åra gjeng. Dette blir understreka av at kapitla i boka har namn etter Beatles-sangar (og enkelte post-Beatles sangar). Dei enkelte Beatles-albuma markerer også milepælar i historia til gutane.

Suksessen til boka skuldast nok til ein viss grad ein heil generasjon som kjenner seg att i oppvekst frå 1960- og 1970-talet. Men det virker som om historia også fenger lesarar som vaks opp både før og etter dette tidsromet. Det er vel også rimeleg å anta at Beatles har fått ein viss gjenklang i seinare litterære verk. Eg kan til dømes ikkje forstå anna enn at Ingvar Ambjørnsen sin Hvite Niggere og del 2 av Roy Jacobsen sin Seierherrene, og kanskje enno fleire som eg ikkje kjenner til, må vere delvis inspirert av denne boka.

Til slutt sit eg berre att med eit enkelt spørsmål: Kvifor i alle dagar har eg ikkje lest denne boka før? For å seie det med The Beatles: «I should have known better». Men no blei det til slutt likevel.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 5 svar.

Jeg hadde denne følelsen av at "Hvite niggere" kom før "Beatles", så jeg sjekket her, og ser at de ble utgitt henholdsvis 1986 og 1993. Så begynte jeg å lure på om ikke Beatles var ute før, så jeg sjekket Wikipedia, og der står det at "Beatles" også kom i 1986. Så da . . . men begge disse bøkene er klassikere, det må vi vel kunne si.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trudde også på førehand at Hvite niggere kom først, men Beatles kom i 1984, altså 2 år tidlegare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men hvor kommer alle årstallene fra?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dersom du tenker på det eg trur du tenker på, så er det årstala for dei ulike utgåvene av boka. Når eg til dømes søker på Beatles på bokelskere.no, så får eg opp denne utgåva frå 2008, og lengst nede på denne sida så er det linka til andre utgåver frå 1993, 1984, 2002, 1985 og 2009.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, du tror riktig. Rent intuitivt tror jeg at 1984 kan være riktig for Beatles. Jeg lånte bort "Hvite niggere" i tidsrommet 86-88, og fikk den aldri igjen fordi jeg flyttet, og dermed kunne jeg plassere den i tid og sted. Ikke like trygg på "Beatles".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

kntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette Augustin