2012
Omtale fra forlaget
Eit veldig snøras knuser eit grønt hus. Ekteparet som ligg og søv i huset, dør i ulykka. I kjellaren ligg ein ung gut. Innestengt av den kalde snøen. Han hører huset skrika. Då raset er over, er han åleine. Gjennom nøye utvalde scener følgjer vi livet hans etter den skjelsettande hendinga. Det går eit ras gjennom denne boka som er ei rystande og kraftfull fortelling om tap, einsemd og vold. Eit urovekkande blikk inn i eit skadd sinn.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788203352409
EAN 9788203352409
Språk Nynorsk
Sider 138
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ubehag er vel ordet som passer på følelsen jeg fikk av å lese denne lille romanen. Jeg ser alltid fram til en ny bok av Seljestad, og denne var ganske annerledes enn hans tidligere, synes jeg.
Mørkere, uten humor denne gang. En genreblanding av poesi og prosa. Det er sterke krefter han berører. Hovedhandlingen er om en gutt som mister hele sin familie i et ras eller skred, og hans vei videre etter denne hendelsen. Synsvinkelen er guttens og innimellom selve den mektige naturen - isberget eller snøskavlen som brister og ødelegger alt som kommer i dens vei. Naturens ødeleggende krefter gjenspeiles i den fortvilelse og den råskap som ødelegger gutten etterhvert. Boka er godt skrevet, men for meg ble det for mye smerte forbundet med å lese den. Men jeg liker godt Seljestads språk.
Eg er litt ambivalent til denne boka.
Eg likar Seljestad sitt språk veldig godt. Eg syns og at det fungerer godt med dei to synsvinklane og blandinga av poesi og prosa. Isberget sin synsvinkel blir på denne måten like malande og uimotståeleg som snøraset sjølv er.
Eg slit meir med guten sin synsvinkel. Det blir så raskt veldig ubehageleg å lese, og sympatien min for ein som er blitt så hardt ramma varer ikkje særleg lenge.
Som leser av skjønnlitteratur så er eg ganske opptatt av at eg skal tru på forteljinga. Premissen kan vere så usannsynleg den vil, men den interne truverda må vere der. I denne boka dukkar det ganske raskt opp ei sexscene som eg ikkje klarar å tru på i den “verda” denne forteljinga finn stad i. Det blei litt “å, vi må ha med litt sex, og kor skal vi gjere av den…”, og det blir dermed øyeleggande for mitt inntrykk av resten av boka.
Elles så syns at dette er ei god bok med virkemiddel som fungerer godt til tross for at den ikkje passar min litterære smak så veldig godt.
Kort og lettlest roman om ein gut som mister begge foreldra i eit ras medan han ligg i kjellaren og søv. Boka fortel i brotstykker frå tida like etterpå, fyrste skuledagen, seinare når han får jobb på verftet der far hans hadde jobba, og siste scena der vi ser kor øydelagd, agressiv, mørk og destruktiv han er blitt. Kvart av brotstykka er avskilde med valdsam, undergangsaktig, Edda-lydande poesi der raset som urkraft i tilværet kjem til uttrykk, i naturen, menneska og guten fanga i kjellaren medan raset fær med foreldra.
Eg las ut boka i løpet av ein kveld, og har tenkt å lese meir av denne forfattaren.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket