Eg er litt ambivalent til denne boka.
Eg likar Seljestad sitt språk veldig godt. Eg syns og at det fungerer godt med dei to synsvinklane og blandinga av poesi og prosa. Isberget sin synsvinkel blir på denne måten like malande og uimotståeleg som snøraset sjølv er.
Eg slit meir med guten sin synsvinkel. Det blir så raskt veldig ubehageleg å lese, og sympatien min for ein som er blitt så hardt ramma varer ikkje særleg lenge.
Som leser av skjønnlitteratur så er eg ganske opptatt av at eg skal tru på forteljinga. Premissen kan vere så usannsynleg den vil, men den interne truverda må vere der. I denne boka dukkar det ganske raskt opp ei sexscene som eg ikkje klarar å tru på i den “verda” denne forteljinga finn stad i. Det blei litt “å, vi må ha med litt sex, og kor skal vi gjere av den…”, og det blir dermed øyeleggande for mitt inntrykk av resten av boka.
Elles så syns at dette er ei god bok med virkemiddel som fungerer godt til tross for at den ikkje passar min litterære smak så veldig godt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Turid KjendliemgeChristoffer SmedaaselmeKjerstiFindusGrete AastorpBerit RStine SevilhaugTherese HolmBeathe SolbergHarald KMads Leonard HolvikKirsten LundPrunellaLailaIngunn SHelena ETine SundalEli Hagelundritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. MartolPer Åge SerigstadSilje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsa