2011
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Grand Manila vart tildelt Kritikerprisen 2006 for beste skjønlitterære bok Slik. Mørkre. Lyden av rennande vatn frå usynlege elvar, eller lydlaust frå kraftlinjene over hovudet vårt, eller kabelen som glid oljemjukt ned på trommelen i maskineriet. Det måtte ha regna. Regnet hadde stått som spyd i bakken. Det hadde slutta. Det klårna opp. Skyene var borte, den lysande vesthimmelen. Ingen å sjå. Lydane. Og gassen, usynleg. Alt som er fast, skal løysa seg opp og kverva i den tomme luft. Elefantane. Vognene. Kabelen. Regnet, som gir seg. Og pengestraumen. Alle store formuer er resultat av eit stort brotsverk. Eller det er verre enn som så. Alle store brotsverk er resultat av ei stor formue. Sånn er det.Grand Manila vart tildelt Kritikerprisen 2006 for beste skjønlitterære bok, og vart òg stemt fram til P2-lyttaranes romanpris same år.Dette sa kritikerne«Fløgstad i kanonform ... Et eventyr av en roman - et epos av et kaliber som det skrives få av her til lands.»Fredrik Wandrup, Dagbladet«Kjartan Fløgstad har med Grand Manila skrevet en av sine aller fineste romaner, og dermed en av de beste som er skrevet på norsk.»Tom Egil Hverven, Klassekampen
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2007
Format Heftet
ISBN13 9788205367425
EAN 9788205367425
Serie Månedens bok
Omtalt tid Etterkrigstiden
Språk Nynorsk
Sider 410
Utgave 1
Tildelt litteraturpris P2-lyttaranes romanpris 2006 Kritikerprisen. Voksen 2006 Lytternes romanpris 2006
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ei grei bok, men det ble for mange tråder for meg å samle inn.
Ei av dei betre bøkene til Fløgstad, nesten like bra som Grense Jakobselv og noko under Dalen Portland og Fyr og flamme. Ein kollektivroman frå tungindustrien, menneska og lagnadene deira, og mykje om industriselskapet Union Carbide og korleis selskapet har drive rovdrift på natur og arbeidarar.
Jeg klarte dessverre ikke fullføre denne boka. Den begynte bra, men så synes jeg hele handlingen ble vridd mot denne finnen og hans historie fra krigen. Greit nok det, men jeg synes det ble tungt og litt vel tørt for min smak. Jeg klarte rett og slett ikke å få noe godt tak på handlingene og personene, og hva forfatteren egentlig vil fortelle.
Berre når han tagde, blei han trudd. Men det gjorde han til gjengjeld ofte nok til å gå for å vera ein truverdig kar.
Litteratur er noko som nokon mislikar. Alt anna er reklame.
"På si side måtte Helge erkjenna at han forsto mindre og mindre av borgarskapet, dess betre han kjende dei. At dei var uvitande, det var nå så. Det var vanskeleg å unngå, så lite livserfaring dei hadde høve til å skaffa seg. Verre var det at dei var uvitande på ein måte som gav makt og prestisje. I tillegg tykte han at dei oppførte seg meir og meir forunderleg. Dei forsto for eksempel ikkje dei vanlege reglane for utveksling av gåver. Dei trudde omtanke var veikskap. Dei tevla om alt. Dei var redde for å seia kor dei kom frå, og kor dei høyrde til. Dei sa ikkje "hjemmet" og "familien", som det heitte på deira språk. Dei sa heimen, som på nynorsk. Og familyen, som på engelsk. Og mutter og fatter og brutter, som er eit slags tysk."
Dei såg seg sjølve i kvarandre. Elisabeth såg den knoklete Helge i seg sjølv. Han såg hennar nakne andlet. Som alle andre såg han at andletet hennar var nake same om ho kledde på seg vinterfrakk med høg krage, og skjerf, og sjal og øyrevarmarar, og sjølv om ho hadde skinnlue ned over augo, og hette med anorakk var ho nesten uanstendig naken. Men ikkje sårbart og forsvarslaust, tvert om. Det nakne andletet til Elisabeth Ormsund viste rå kraft, uansett kva ho brukte for å skjula det. Rå kraft og rå styrke. Den prøvde Helge Hidle med vekslande hell å sjå djupt i seg sjølv. Men han såg også at det var ein styrke det kunne vera vanskeleg å leva opp til.
Det er ein hake ved alle kors.
"Ich bin ein Berliner."
John F. Kennedy
"Osama bin Laden."
George W. Bush
Bøker av den nålevande norske forfattaren som eg liker best: Kjartan Fløgstad.
Her er alleboktitlene nevnt i boka Livet! Litteraturen! av Tor Eystein Øverås.
Bøker jeg ikke finner på Bokelskere: