Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

Dei såg seg sjølve i kvarandre. Elisabeth såg den knoklete Helge i seg sjølv. Han såg hennar nakne andlet. Som alle andre såg han at andletet hennar var nake same om ho kledde på seg vinterfrakk med høg krage, og skjerf, og sjal og øyrevarmarar, og sjølv om ho hadde skinnlue ned over augo, og hette med anorakk var ho nesten uanstendig naken. Men ikkje sårbart og forsvarslaust, tvert om. Det nakne andletet til Elisabeth Ormsund viste rå kraft, uansett kva ho brukte for å skjula det. Rå kraft og rå styrke. Den prøvde Helge Hidle med vekslande hell å sjå djupt i seg sjølv. Men han såg også at det var ein styrke det kunne vera vanskeleg å leva opp til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"På si side måtte Helge erkjenna at han forsto mindre og mindre av borgarskapet, dess betre han kjende dei. At dei var uvitande, det var nå så. Det var vanskeleg å unngå, så lite livserfaring dei hadde høve til å skaffa seg. Verre var det at dei var uvitande på ein måte som gav makt og prestisje. I tillegg tykte han at dei oppførte seg meir og meir forunderleg. Dei forsto for eksempel ikkje dei vanlege reglane for utveksling av gåver. Dei trudde omtanke var veikskap. Dei tevla om alt. Dei var redde for å seia kor dei kom frå, og kor dei høyrde til. Dei sa ikkje "hjemmet" og "familien", som det heitte på deira språk. Dei sa heimen, som på nynorsk. Og familyen, som på engelsk. Og mutter og fatter og brutter, som er eit slags tysk."

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Litteratur er noko som nokon mislikar. Alt anna er reklame.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

"Ich bin ein Berliner."
John F. Kennedy

"Osama bin Laden."
George W. Bush

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er ein hake ved alle kors.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Berre når han tagde, blei han trudd. Men det gjorde han til gjengjeld ofte nok til å gå for å vera ein truverdig kar.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Vigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. Martol