Magdalenafjorden

roman

av (forfatter).

Gyldendal 2014 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.21 (14 terningkast.)

43 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp bøker hos haugenbok.no Kjøp boka hos Bookis!

Selg boken hos

Selg boka hos Bookis!

Omtale fra forlaget

Ny stor roman frå Kjartan Fløgstad.

Adi Enberg, Marina Noreg, Magdalena Freud Joyce, tre gåtefulle og mangslungne kvinner som prega og sjølve blei livsfarleg merka av tida dei levde i. Med skjebneåra 1939-1942 som dreiepunkt er Magdalenafjorden ein vidt forgreina samtidsroman frå vår nære fortid. Handlinga spenner frå Narvik i nord, over Lovra i litteraturen til Spania i reaksjonens mørke.
Midt under krigen gjer den unge redararvingen Conrad Tandem ei forretningsreise tvers gjennom Europa frå sør til nord. Eit par tiår seinare får sjøguten Frank «Keu» Tverrli ikkje landlov i USA. Til gjengjeld blir han ei kjempe som flyttar bilar med berre nevane, tygg knivblad og spyttar spikrar. Dessutan kjenner han Prinsen av Asturias og den katalanske forfattaren Josep Pla. Og mange kvinner, oppdikta og historiske, truverdige og trulause. Ein ting er å overleva, noko anna å leva vidare. ...

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2014

Format Innbundet

ISBN13 9788205467712

EAN 9788205467712

Omtalt tid 1939-1945

Språk Nynorsk

Sider 302

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 6 5 3 0 0

Bokomtaler

Erfaringane mine hittil er at det alltid er ein del å undre seg over i bøkene til Kjartan Fløgstad. Slik er det også med denne boka. Forteljinga gir seg i form ut for å vere ei dokumentarisk framstilling av historiske hendingar, men dette er fiksjon og fakta i vilter samrøre, og med spark både til høgre og venstre. Vel, egentlig berre til høgre.

Det er den nære fortida vår, om lag dei siste 100 åra, som det blir røska opp i i denne boka. Geografisk langs aksen frå Spania via Tyskland til Norge og Narvik, og politisk og kulturelt i spennet mellom mellom fascisme, borgarstand og kulturelite. Conrad I. Tandem er ein av figurane som bitt historia saman; skipsreiar, levemann, opportunist, og med sviktande moralsk gangsyn i tida før, under og etter andre verdskrigen. Namnet er så vidt eg kan forstå oppdikta, men det er uklart korvidt romanfiguren er tufta på ein verkeleg reiar, eller om han er meint å representere forfattaren sitt syn på skipsreiarar generelt.

To figurar som er reelle nok er Marina Noreg og Adi Enberg, to damer med tilknytning til Norge, og som spionerer henholdsvis for tyskarane under krigen og for Franco i Spania. Fløgstad malar ut korleis desse er del av ein større kulturelite som støttar fascismen og nazismen, og det er etter kvart mange som får passet sitt påskrive av Fløgstad, til dømes Gertrude Stein og Geirr Tveitt. Fløgstad held fram universitetet i den tyske byen Tübingen som ein klekkeanstalt for fleire av dei høgtståande nazistane som opptrer i historia. Det undrar meg at han ikkje også fall for freistinga til å trekke inn Joseph Ratzinger, bedre kjend som pave Benedict XVI, kritisert for å ha vært med i Hitlerjugend, og som var professor ved det same universitetet på 60-talet, inn i historia.

Så har vi forfattaren sjølv som i form av romanfiguren Franklin Tverrli røskar opp i historia. Franklin, med solid arbeidarklassebakgrunn frå Sauda, orsak, Lovra, dukkar opp ymse stadar undervegs i forteljinga og nyttar kjempekreftene sine til å snu opp ned på ting, helst bilar, og gjerne bilane til moralsk skrøpelege personar. Eller som Fløgstad sjølv skriv på side 239; «Han hadde ei eiga evne til å ta ting for seg, løfta dei, snu dei opp ned, eller berre setja dei ned på sin rette plass» Det er nettopp dette eg opplever at Fløgstad freistar å gjere i denne boka.

Avslutningsvis vil eg slutte meg til anmeldaren Ingunn Økland sine ord frå omtalen hennar i Aftenposten:
«Det siste man bør ønske seg fra Fløgstad, er balanserte og veltempererte romaner. Lesere som føler seg manipulert, får prøve å tenke bedre selv.»

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Historien strekker seg fra Narvik i nord til Spania i sør. De sentrale årene er 1939-1942. Vi blir kjent med en rekke originale personligheter, som Franklin Tverrli. Etter å ha jobbet i byssa på båt, har han blitt en kjempe. Han kan løfte biler, og knekke kniver med tennene.
Conrad Tandem, rederiarving, drar på forretningsreise gjennom Europa på tross av krigen som raser.
Tre sterke kvinner er også innblandet, noen er oppdiktede, andre historiske. Felles for dem er at i deres kjølvannet ligger svik, død og fordervelse.

Det er mye humor og spenning i boka, men utrolig mange navn og forholde seg til. Når de fleste av de involverte går under to eller flere navn, blir det til tider uoversiktlig.
Ble ikke helt klok på denne. Ble litt mye ullent for min del.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fløgstad "is back on track", men boken når ikke opp til de aller beste av romanene hans.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Dikt og sanning er eitt og uskiljeleg, om dei så går kvar sin veg, dikt og sanning er uskiljeleg. På sikt, og alltid på likt, blir diktet sanning, og sanninga eit dikt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Som kulturelitar flest trudde dei at viss det er keisamt, må det vera sant. Det som er moro må vera løgn. Det er ikkje sant.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Spion" og "agent" er like umulige og useriøse ord som til dømes mafia, CIA, KGB, totalitær. På engelsk blir denne typen verksemd kalla "Intelligence", sjølv om det ofte er uttrykk for det stikk motsette: "Stupidity", dumskap.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Etter artium tok Conrad I. Tandem fatt på det som eufemistisk blir kalla merkantil utdanning i Sveits og Tyskland, hospiterte hos meklarar og dispasjørar i hamnebyar frå Hull og Terneuzen ved nordsjøbassenget til meir eksotiske hamner i Portugal og Spania. Mykje moro, rike år, flyktige affærer, knuste kvinnehjarte. Conrad Tandem hadde draget, men den som har draget har alltid noko å drita på, slik den misunnelege kompanjong Møring uttrykte det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ho såg ut som ho sto aleine i open sjø og sløya fisk ute i rom sjø. Den journalistiske måkeflokken hang framleis over henne. Dei måtte ha, dei skreik og bar seg, flaksa med vengene, klar til å stupa ned og sluka det rått, når ho heiv blodige innvollar og fiskeslo i havet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Kulturfondbøker - Norsk skjønnlitteratur 2014


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Bernie Sanders og det nye USA" av Reidar Strisland
  • "Ond natur, eller Med Elvis i Mexico" av Javier Marías
  • "Jeg så alt - en roman om Francisco Goya" av Kirsti Blom
  • "Trans-Sovjet ekspress - gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar" av Kjartan Fløgstad
  • "Due og drone - roman" av Kjartan Fløgstad
  • "Etter i saumane - kultur og politikk i arbeiderklassens hundreår" av Kjartan Fløgstad
  • "Shanghai ekspress" av Kjartan Fløgstad
  • "Nordaustpassasjen - roman" av Kjartan Fløgstad
  • "Brasiliansk fotball 1894-2014 - 120 år med driblinger" av Marius Lien
  • "St. Olav-komplekset - roman" av Arild Rein
  • "Eld og vatn - nordmenn i Sør-Amerika" av Kjartan Fløgstad
  • "Løynde land - ei bok om Tarjei Vesaas" av Olav Vesaas
Alle bokanbefalinger for dette verket