Skodepselet Et dukkehjem hadde premiere i 1879, og var den gangen eit ganske kontroversielt i og med at det satte eit kritisk søkelys på det tradisjonelle kjønnsrollene i ekteskapet. Spesielt skandaløst var det at hovudpersonen Nora vel å bryte ut av ekteskapet. Eg var spent på om dette teaterstykket er såpass utdatert at det berre blir komisk, eller om det kunne framstå som aktuelt også i dag.

Vel, settinga framstend i det minste som utdatert. Omgangstonen og haldningar ellers i den besteborgarlege heimen til advokaten Torvald Helmer verkar rimeleg gamaldags, noko anna ville vel nesten vere rart etter 137 år. Trass dette er tematikken likevel aktuell. Eg har vondt for å tru at maktbalansen i eit norsk gjennomsnittsekteskap er like stilisert skeivfordelt som i dette teaterstykket. Likevel er det ei kjennsgjerning at menn i gjennomsnitt tener betre enn kvinner, og eg har også eit inntrykk av at menn i større grad ventar at kona skal tilpasse seg sine ynskje enn omvendt. Så, ja, det var tankevekkande å lese igjennom dette skodespelet, og halde problemstillingane opp mot dagens samfunn.

Nora er vel den av personane i stykket som har blitt mest diskutert; hylla som eit feministisk førebilete eller rakke ned på som ein egoist som reiser ifrå ungane sine for å «finne seg sjæl». Stakkars Torvald, tenker eg, som ikkje forstår kva som er i ferd med å skje, og ikkje evner å revurdere rollene i ekteskapet. Nora greier seg nok fint, eg er faktisk litt meir uroleg for Torvald. Så får ein passe på å gå litt i seg sjølv, og luke bort sine eigne Torvald-fakter. Det er sikkert berre sunt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hugsar godt at vi var innom Moby Dick omlag samstundes, ja. Denne gangen er vi nok ikkje slett så parallelle, eg høyrde ferdig boka i juli, men eg har somla med å skrive omtale.

Vonar forøvrig at eg ikkje ødela for mykje ved å røpe eit par element av handlinga som finn stad eit godt stykke ute i boka. Eg vurderte det slik at det ikkje var naudsynt å trykke på spoiler-knappen, men.skulle eg ha tatt feil så skal eg rette på det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Då blei det skivebom på meg, gitt. Men poenga var dei same, sjølv om skiva var feil. Eg forstår godt at du reagerer på dette i og med at du kjenner forholda. Sjølv aksepterte eg skildringane, ikkje som ei sannferdig framstilling, men som ein del av boka sin røyndom.

Det kan jo fort hende at Nesbø har fått tilbakemelding på nettopp dei tinga du reagerer på. I den neste krimboka hans, Sønnen, er eit fengsel særs sentralt i handlinga, og her er det verkeleg grunn til å setje spørsmålsteikn ved rutiner av ymse slag. Men så vidt eg kan forstå må fengselet i denne boka vere oppdikta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Finally, he can se me for who I really am. Violent. Distrustful. Manipulative. Deadly.
And I hate him for it.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Good shot," says Gale.
"I wasn't even aiming for that one," I mutter.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tredje og siste boka i historia om Katniss Everdeen. Ho har kome seg levande ut av Hunger Games to gangar, og har blitt eit symbol for motstanden mot dei undertrykkande styresmaktene i Capitol. No er ho i det 13. distriktet, opprørsdistriktet som offisielt ikkje eksisterer, og prøver å finne ut av kva ho skal gjere vidare. Når ein av beilarane hennar, Peeta, har blitt hjernevaska og prøver å ta livet av henne så gjer det ikkje situasjonen enklare.

Det ligg i korta at det må bli væpna kamp mot Capitol, og det ligg i dei same korta at Katniss kjem til å ha ein rolle. Men det blir på ingen måte vakkert, ærerikt eller tilfredsstiljande. Det blir berre fælt. Slik sett meiner eg at Collins har gjort eit greit val i retninga ho utvikla historia i; ei væpna konflikt skapar taparar på begge sider.

Boka var på ingen måte så fengslande som den første boka i trilogien. Men heldigvis så skil den seg vesentleg ut frå nummer to, som var litt for mykje repetisjon av den første. Tonen i Mockingjay blir etter kvart ein del mørkare enn i dei to førre bøkene, og alt som har skjedd har også satt preg på hovudpersonen. Kan ein siger koste for mykje? Det kjem nok an på kva ein kjempar om, og så får lesaren døme om det kosta for mykje i Katniss sitt tilfelle.

Grei bok, for den som eventuelt måtte lure så vil eg anbefale å lese dei to første bøkene i serien før ein eventuelt tek fatt på denne. Eg trur ein vil miste litt for mykje av bakgrunnen dersom ein les denne uavhengig av dei to andre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

The men were terrible, in the bloody-minded anger with which they looked from windows, caught up what arms they had, and came pouring down into the streets; but, the women were a sight to chill the boldest. From such household occupations as their bare poverty yielded, from their children, from their aged and their sick crouching on the bare ground famished and naked, they ran out with streaming hair, urging one another, and themselves, to madness with the wildest cries and actions.

(Book 2, Chapter XXII)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Feelings! I have no time for them, no chance of them. I pass my whole life, miss, in turning an immense pecuniary Mangle.

(Book 1, Chapter IV)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du store all verda for ei bok. For ein som aldri har lest Dickens før (muligens med unntak av forenkla barne-versjonar av Oliver Twist og/eller David Copperfield) så var dette ei aha-oppleving. Må ha meir.

Doktor Alexandre Manette har vært fengsla utan lov og dom i Bastillen i 18 år, og har blitt mentalt forstyrra av opphaldet. Dattera Lucie har vakse opp i England, men reiser til Paris for å treffe faren, og tek han med attende til London. Lucie giftar seg med annan franskmann, Charles Darnay, som har budd i England i mange år. Så blir det revolusjon i Frankrike, og Darnay må reise til Paris for å ordne opp i nokre saker. Der blir det avslørt at han er av adeleg ætt, og han ligg såleis tynt an. Og dette er berre litt av historia.

Sjølve om historia, eller plottet om ein vil, er interessant nok, så er det ikkje dette som gjorde størst inntrykk. Nei, det som i første rekke gjer denne boka til ei oppleving ein ikkje gløymer så lett er dei levande og engasjerande miljøskildringane, og kanskje spesielt frå dei dramatiske hendingane før, under og etter revolusjonen. Her er Dickens nådelaus, han nøyer seg ikkje med å antyde kva som skjer, han gnir det inn, hamrar laus med slegge, køyrer på med full styrke inntil lesaren kjenner seg som ein oppvridd oppvaskklut. Makelaust.

Eg høyrde denne på lydbok frå loyalbooks. Utan tvil den beste opplesinga eg har kome over på denne nettstaden, stemma stod perfekt til handlinga i boka.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

To eks-politimenn blir funne myrda innanfor eit kort tidsrom, og felles for sakene er at dei blei myrda på åstaden for uoppklarte drap dei har vært med å etterforske, og endåtil på same datoen som dei gamle drapssakene. Dermed er jakta i gang. Det gjeld berre å finne ut kven som er jeger, og kven som er bytte. Og kvar har det blitt av Harry?

Som vanleg er det fleire trådar i boka, og som heng saman i varierande grad. I tillegg til jakta på politimordaren så får ein mellom anna også innblikk i maktkampen i Oslo byråd og på politihuset, i alle fall slik den ser ut i Nesbø-universet. Delar av handlinga heng for øvrig saman med tidlegare bøker i serien, men det er ingen føresetnad at ein må ha lest tidlegare bøker for å ha glede av denne.

Alkohollikaren Harry lyt som vanleg kjempe mot lengten etter favorittwhiskeyen. Men den største indre kampen i helten vår i denne boka dreier seg om andre dilemma; kor langt kan ein tøye dei moralske prinsippa sine når ein skal prøve å berge nokon som stend ein nær? Det å skrive inn slike problemstillingar i ei krimbok kan fort ende med pinlege plattheiter, men Nesbø greier seg rimeleg greit.

Alt i alt tykte eg dette var ei av dei betre Harry Hole-bøkene. Kanskje ein god nummer tre eller fire, etter Snømannen og Rødstrupe og eventuelt Marekors? Og no er eg for øvrig endeleg ajour i denne bokserien, etter å ha lest 2-3 om året dei siste åra. Så då er det greit, Nesbø, du kan berre kome med fleire bøker. Eg skal lese dei, eg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er vel neppe Schrøder du har i tankane, eg har aldri vært der men eg får meg ikkje til å tru at "anstalt" er ei dekkande nemning for etablissementet.

Derimot gjettar eg på at det er Rikshospitalet du siktar til, sidan ein del av hendingane i boka er knytta til dette. Eg kan ikkje seie eg la merke til spesielt nedsetjande kommentarar medan eg las boka (sikkert fordi eg tåler så inderleg vel den uretten som ikkje råkar meg sjølv ...), og når det gjeld skildringar av hendingar på Rikshospitalet så tok eg desse med passe store klyper salt. Men det kan fort hende at eg hadde reagert annleis dersom eg hadde hatt førstehands kjennskap til sjukehuset.

Så ser eg at det kjem ny Harry Hole-bok neste år. Eg kjem garantert til å lese den, men eg kjem truleg til å vente til boka er å få til nedsatt pris, slik eg har gjort med alle dei andre bøkene i serien.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jaudå, det er mange kandidatar til lista. Ein har t.d. også dei franske krim-bøkene Irène, Alex og Camille av Pierre Lemaitre. Skulle eg nokon gong handle inn og/eller lese desse bøkene, så havnar dei på lista.

Men Alberte og Jakob blir nok uansett ikkje med. Der er eit fornamn og ein konjunksjon for mykje i tittelen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var spådd frå gammal tid at Øyværet skulle gå under

Eg har lest ein del av Olav Duun dei siste åra, og med "ein del" så meiner eg dei seks Juvikfolke-bøkene samt Ragnhild-trilogien. Gode og interessante historier, men det er ikkje alltid så lett å forså kva som driv Duun sine romanpersonar til å handle som dei gjer. Det er rikeleg med rom for analyser, for å seie det på den måten.

Derfor ynskjer eg meg ei samlesing av den neste Duun-boka eg har på leseplanen, Menneske og maktene frå 1938. Dette var forøvrig siste romanen Duun gav ut, og reiknast også som ein av dei beste.

Det er forøvrig spådd frå gamal tid at vi skal lese denne i lesesirkelen. Så får vi sjå, då, om det er hald i spådomane.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Når det gjeld bøker og Netflix så har vi ei ganske ålreit arbeidsfordeling heime hjå oss. Kona tek seg av glaninga, medan eg får lese i fred. I alle fall fram til bikkja finn ut at det blir for kjedelig.

I går blei eg ferdig med Den talibanske cricketklubben, ei bok som etter mitt syn starta veldig bra, men blei svakare og svakare undervegs. No er eg i gang med Julis folk av Nadine Gordimer, dei første sidene var ganske forvirrande, men etter kvart blir det meir tydeleg kva slags historie ein eigentleg er inne i.

I dag har eg også vært ute og køyrt litt, og det betyr lydbok. Eg rakk eit par kapittel til av The Phantom of the Opera. Veldig spesiell stemning i denne boka.

Vonar at øvrige bokelskarar også har hatt ei fin helg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

" ... Vi tar lunsj på Schrøder."
"Restaurant Schrøder? Har de egentlig ... eh, lunsj?"
"De har karbonadesmørbrød. Og plass."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Han døde for tidlig," sa sjefen for Voldsavsnittet, Gunnar Hagen.
"Bare litt for tidlig," sa leder for Krimteknisk avdeling, Beate Lønn.
"Måtte han brenne lenge og inderlig," sa den rødhårede krimteknikeren i den semskede skinnjakka med rysjer, Bjørn Holm.
"Som psykolog diagnostiserer jeg dere herved som ute av kontakt med deres egne følelser," sa Ståle Aune og hevet ølglasset.
"Takk, doktor, men diagnosen er politi," sa Hagen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ei samling med åtte humorsitiske stubbar, og der halvparten av dei handlar om overklasse-ungkaren Bertie Wooster og hovmeisteren hans Jeeves. Desse to er nok dei mest kjende litterære figurane til Wodehouse, og det er i denne boka frå 1919 at dei dukkar opp for første gang. Resten av forteljingane handlar om Reggie Pepper, ein annan overklasse-ungkar, som ikkje er så heilt ulik Bertie Wooster, men manglar den smarte hovmeisteren som alltid finn på ei elegant løysing. Eg har lest ein stad at Pepper eigentleg er ei tidleg utgåve av Wooster, så då er det det kanskje ikkje så rart at eg synest dei verkar ganske like.

Miljøet er overklasse, New York for Wooster sin del, og litt rundt omkring i historiene om Pepper. Desse karane har all verdens tid til å sysle med kva det måtte vere, og det dukkar gjerne opp ein venn eller eit familiemedlem med eit eller anna problem som må løysast. Forsøka på å løyse problemet har ein tendens til å slå feil, og ein må ty til diverse krumspring for å berge situasjonen. Dette inviterer til mange komiske episoder undervegs.

Det vil vere feil å påstå at historiene er hysterisk morosame, til dømes opplever eg at mange av dei humoristiske vendingane undervegs er litt for opplagde (kanskje var dei ikkje for opplagde i 1919?). Det som likevel bergar forteljingane er stilen, bruken av understatement, spesielt frå Jeeves sin side, og det underliggande skrå-blikket på overklasselivet.

Eg høyrde denne som lydbok på loyalbooks. Opplesaren gjorde ein god jobb. Nettstaden har også mange fleire lydbøker av Wodehouse, eg kjem nok til å høyre fleire med tida. Men ingen bråhast, ei om året er kanskje passeleg?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Sir?" said Jeeves, kind of manifesting himself. One of the rummy things about Jeeves is that, unless you watch like a hawk, you very seldom see him come into a room. He's like one of those weird chappies in India who dissolve themselves into thin air and nip through space in a sort of disembodied way and assemble the parts again just where they want them.

(Leave it to Jeeves)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"No offence, simply business. I'm not saying anything, mind you, but there's one thing that seems kind of funny to me. This gentleman here says his name's Mr. Bickersteth, as I understand it. Well, if you're the Duke of Chiswick, why isn't he Lord Percy Something? I've read English novels, and I know all about it."

(Jeeves and the Hard-Boiled Egg)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ljuder-gjengen på 15 har kome fram til Taylor Falls, der det frå før berre er 30 personar, og av ulik nasjonalitet, som har slått seg ned. No gjeld det berre å ta seg land og setje seg opp ein bolig slik at ein kan berge seg gjennom vinteren. Det er ikkje småtterier som skal ordnast på nokre få månadar, i eit framandt land der ein ikkje forstår språket, og praktisk talt er pengelens. Og midt oppi dette skal Kristina føde.

Ein kan ikkje unngå å tenkje på starten av Markens Grøde når ein les starten denne boka. Det er noko kraftfullt over det å setje bu og rydde seg eit jordstykke langt utanfor folkeskikken, og det krevast kløkt å disponere arbeidsinnsatsen slik at ein sikrar seg at husstanden overlever. Begge desse bøkene gav gode leseopplevingar i så måte.

Indianarar er eit anna tema som kjem opp i denne boka. Dei er ikkje så framtredande i handlinga, sjølv om eit par av dei dukkar opp og skræmer Kristina ein dag, men det ligg heile tida i bakgrunnen at nybyggarane har trengt seg inn på indianarane sitt land. Som eit symbol for dette har Moberg skrive inn ein fjellformasjon som liknar på eit indianarhovud, og som liksom overvåker alt nybyggarane tek seg til med. Eg veit ikkje kor stor sympatien for urinnvånarane sin sak var i Sverige på 1950-talet, men Moberg er i allefall atterhalden med å diskutere det moralske i det med å ta seg land. Målet hans er uansett å skildre korleis innvandrane såg på indianarane, og det har han gjort på ein tilforlateleg måte.

Med denne er halvparten av bokserien unnagjort. Det har vært ei underhaldande og lærerik reise så langt, ein får vone at framhaldet er av same kaliber.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Leseberta_23Jan-Olav SelforsLinda RastenNorahLeseaaseBjørg L.Tine SundalAgnesVannflaskeHarald KKirsten LundHildeHeidi HoltanEster SAnne-Stine Ruud HusevågToveNicolai Alexander StyveTone Maria JonassenSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt TøsdalEirin EftevandHilde Merete GjessingHilde H HelsethIngunn SsiljehusmorTove Obrestad WøienJoakimVibekeLene AndresenDaffy EnglundKorianderAud Merete RambølAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeStein KippersundEli HagelundNina