Det er i det heile altfor mange fantasybøker som vert oversett. Eg har også ein misstanke om at sjangeren vert litt uglesett her inne..

Uansett så høyres Paladin of Souls spennande ut. Men er dette den første boka i serien?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her var det mange flotte svar.

Eg må innrømme at eg har blitt litt lunken når det kjem til bruken av ein bokmerkefunksjon, sjølv om eg trur det kunne vore nyttig når det kjem til lesing av verk som ein skal bruke lang tid på, som til dømes diktsamlingar.

Etter å ha lese gjennom svara har eg ikkje fått meir lyst til å nytte ekte bokmerker, men eg har i alle fall fått bekrefta at argument nr.2 ikkje var så heilt feil ;) Eg erfaktisk litt overraska over kor raske mange av damene på forumet har vore til å setje seg sjølv i båsen "kjerring".

Min gamle norsklærar på vidaregåande var glad i etymologi og kom stadig med timelange forklaringar på enkeltord. Ordet kjerring var eit av desse, og dette er det eg hugsar:

"Ordet kjerring kjem frå det norrøne ordet kerling som tyder liten mann."

Eg har sjølv tenkt litt på denne skildringa og kome frem til at viss ein skal kunne kalle ei dame for ei kjerring, altså ein "liten mann", så må ho i alle fall ha synleg bart.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Let a man get away with fuckin' you once, you stay bent over so's he can fuck you again whenever he damn well PLEASES. An' if ONE can do it? ANOTHER will too, an' another, an' another STILL. So's being fucked, that's yer LIFE. 'til who you were, you AIN'T. 'cause all you are is an ASSHOLE.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tja... Eg har lese 6 av bøkene på lista, og sjølv om eg likte desse, føler eg at eg kan vere så frimodig å kalle lista ei dritliste. (Forklaringa kjem seinare)

Eg saknar dessutan fleire bøker..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg vakna nett opp frå ein 6 timar lang middagslur, av at eg hadde fått ein ide, og då er det best å berre kome med den før den spinnner ut i gløyma (eller fortoner seg som mindre bra..).

Ideen er ein bokmerkefunksjon som ein kan "legge inn" i dei bøkene ein har på "leser" lista.

Eg reknar med at det er fleire bokelskere enn meg som gjerne sjonglerar med mellom 20 og 30 bøker på ein gong, og som stadig er på jakt etter grønare beite. Det vert raskt uråd å halde styr på kvar ein er i alle bøkene, så ein bokmerkefunksjon hadde vore på sin plass.

Eg veit ikkje om dette let seg gjennomføre, men eg kjem no i alle fall med forslaget, så får vi sjå kva arkitekten seier.

Argument mot å bruke vanlege bokmerker.

  1. Det henger ikkje med i tida.
  2. Det er ganske kjerringaktig.
  3. Bokmerker er stygge!
Godt sagt! (4) Varsle Svar

Svake mennesker blir ofte trukket til kirken, og mennesker som vil ha makt over svake mennesker trekkes også dit.

Godt sagt! (16) Varsle Svar

Takk for tipset! The Wise Man's Fear har eg også gleda meg til å lese, håpar berre at den helde samme nivå som forgjengaren.. =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Høyres bra ut. Den utgåva eg las hadde valt å vere tru mot teksten sitt opphav, dermed var det ingenting som ikkje stemte (nåja), men desto fleire hol. Får satse på at det dukkar opp fleire fragmenter med tida.

Heltar og hendingar (klarte først å lese hedningar) frå svunne tider er ikkje feil! Eg har så smått byrja å setje meg inn i keltisk og gamal amerikansk tru og kultur, ja også opplever eg sjølvsagt mad men nostalgi..

(La merke til at du gjekk over til nynorsk ;) )

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fin omtale du har skrive Anja. Du likte den norske omsettjinga, ja? Sjølv har eg berre lese den på engelsk, men det byrjar å verte ei stund sidan så kanskje eg skal prøve meg på nytt.

Eg er einig med deg i at det mest interessante med eposet er dei mange likskapane mellom den gamle mesopotanske gudetrua, og nyare trusretningar.

Einaste problemet med eposet er dei manglande fragmentdelane. Sørgeleg at dei ikkje er avdekka endå.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det var godt å høyre. Eg har lese teikneseriane som tek for seg handlinga før 1 bok, og synes heile konseptet verkar svært spennande - trur eg får prøve meg på King igjen, berre synd eg har så lang leseliste...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har byrja på den serien 2-3 gongar, men klarer ikkje heilt å la meg rive med. Vert serien betre etterkvart?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"A song of ice and fire" av George R.R. Martin er den bokserien eg likar best nett no (no er det berre litt over ein månad til tv-serien byrjar!!)

Når det kjem til teikneserieroman-seriar har eg mange favorittar: Sandman, Preacher, Fables, Bone, Y - the last man og Elfquest.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg tenkte først at seriøs litteratur kunne definerast som litteratur som ikkje er populærlitteratur. Seriøs litteratur vil då altså vere bøker som ikkje er meint for alle, men berre for ein liten "elite". Men dette vert vel kanskje litt snevert.

Uansett så er eg einig med deg i at ein ikkje bør vere så oppteken av å lese det andre meinar er "stor" eller "viktig" litteratur. Skjønnlitterær lesing bør først og fremst vere noko ein gjer fordi ein likar det. Ikkje som ein måte for å snobbe opp sjølvbilete.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Tja, kanskje du kan prøve deg på "sagaen om Darren Shan" av Darren Shan. Det er ein vampyrserie på 12 bøker. Bøkene er vel hovudsakeleg skrive for ungdom, men burde passe som god underhaldning for dei fleste som er glade i fantasy.

Alle bøkene finnes også som lydbok (på norsk). Den første boka er også filmatisert.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg må innrømme at noko av det eg likar best med Staalesens Veum-bøker er desse metaforane du snakkar om. Ja, dei kan både vere svært så svulstige og pompøse, men eg synes dei gjev bøkene kraft, samstundes som det er eit flott særpreg. Og kvifor spare på latteren? Eg trur mange av metaforane i bøkene er meint som humoristiske innspel, sjølv i "upassande" situasjonar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tom Kristensen har eg aldri heilt klart å la meg fengje av. Eg reagerte også på at hendingane på 80-tallet fekk så mykje plass, sidan det nok er Jonas som er hovudpersonen i boka. Likevel synes eg det var spennande å høyre litt om dykking, oljeboring og slikt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er veldig enig med deg i di vurdering av boka. Eg er også ein stor fan av Hagerup sine Markus bøker, men denne nådde diverre ikkje heilt opp mot dei andre. Eg føler at samspelet mellom karakterane var meir kunstig enn tidlegare, og temaet sjakk er vel heller ikkje det mest interessante. Eg føler også at ein del av karakterane var litt oppbrukte - fleire stadar gjennom boka tenkte eg: "dette har eg lese før". Likevel var det ei grei bok, med ein del morosame episodar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Min blomst er efemerisk, sa den lille prinsen til seg selv. – Den har bare fire torner å forsvare seg mot hele verden med! Og så har jeg latt den bli igjen hjemme helt alene!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Enig, dette her er ei av dei betre bøkene om norrøn gudetru. Eg synes også det er flott at ho skriv ein del om korleis kjelder vert nytta. Eg saknar likevel nokre fortolkningar og hypoteser, men slikt høyrer vel ikkje heime i ei seriøs fagbok...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Artig. I følgje tellesystemet til bokelskere, har eg lese omlag 240000 sider. Eg har likevel notert meg at ikkje alle bøkene har registrert antall sider, så det er nok ein viss feilmargin her ;)

Elles kan eg nemne at det gjennomsnittlege sidetalet for kvar bok eg har lese ligger på 190 sider. Dette er ein kraftig nedgang frå i fjor jul då gjennomsnittet låg på omlag 250 sider. Eg må altså byrja å lese tjukkare bøker!

Det kjem jo også litt ann på kva type bøker ein les. Eg les til dømes mykje grafiske romanar, der ein gjerne kan lese 200 sider i timen. Vi må derfor gjere ei omrekning og tenkje oss at 10 sider med grafisk roman, tilsvarar ei vanleg bokside. På den same måten kan vi også tenkje at kvar side med faglitteratur, tilsvarar 10 vanlege boksider - Har du tenkt på det Ann Christin! ;)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Marianne MStig TTherese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn S