Klikk på en bok for å skrive en omtale.
Nydeleg bok med fantasktiske personskildringar. Her er det humor og alvor, bibelske under og tragediar. Ei eventryleg bok om ein far med to sonar og ei dotter. Me ser historia gjennom 11 år gamle Reuben sine auge.
Fantasktisk feel good chick lit! Dette er ei bok der sidene flyr.
Eg vart glad i den hardt arbeidande Jess med ein outsider-steson som blir banka opp av bøller, og ei dotter som er eit mattegeni. Eksmannen kan ikkje bidra med pengar fordi han er deprimert. Ho slit med å få endene til å møtast. Og så er det den rike programmeraren Ed, som rotar seg opp i problemer på jobben.
Ed og Jess lev svært ulike liv, men ved nokre utrivelege, og morosame tilfeldigheiter møtes dei.
Jess vil la dottera vera med i ein mattekonkurranse i Skottland, men ho kjem ikkje langt i ein uregistrert bil med eit lys. Ed kjører tilfeldigvis forbi når dei står langs vegkanten i mørket med gestikulerande politikonstablar, og han får det for seg at han kan hjelpa Jess.
Ei fengslande og medrivande kjærleikshistorie om 16 år gamle Devorah og Jax. Devorah er ortodoks jøde og har vekse opp med utruleg strenge reglar. Kva skjer når ho møter ein gut utanfor det lukka miljøet? Brått blir ho i tvil om alt ho har vore så sikker på. Ho tøyer grensene bak ryggen på familien, men det er umogleg å halda det skjult for alltid.
Jax er flink på skulen, han har fem yngre søstre han hjelper til med, og han jobbar utanom skulen. Men kva hjelper det når han ikkje er jødisk.
Synsvinkelen vekslar mellom Devorah og Jax. Begge sider av historia er godt skildra, og man blir glad i karakterane. Men særskild var det interessant å lesa om Devorah, fordi det var så lærerikt om det ortodokse jødiske miljøet. Det gode forholdet mellom alle i familien, og skildringa av alle tradisjonane virkar truverdig. Men og tankane og spørsmåla Devorah etterkvart slit med, og den utviklinga ho går gjennom når ho blir kjend med Jax.
Bertrand Larsen har hjelpt ei rekke idrettsutøvarar og næringslivstopper. I denne boka fortel han korleis me alle kan betra prestasjonane våre, både i kvardagslivet, på jobb og når vi trener. Hva skal til for å bli en vinner? Hvordan mobiliserer du råskapen i deg, for å prestere bedre i hverdagen og være best når det virkelig gjelder?
Du skal faktisk både laga deg ein skriftlig visjon du kan leva etter, eit mål du må strekka deg etter og ein strategi for å nå målet.
Innimellom er det mange små historier frå hans eige liv og folk han har hjelpa. Veldig interessant og engasjerande fortald. Eg høyrde den på lydbok, og han las heilt fantastisk for han har østlandsk dialekt med skarre-R.
Me kan få negative assosiasjoner av ein tittel som Løp som en jente, men det skal ikkje vera negativt å løpe som ei jente. Forfattaren meiner at jenter kan springa like bra som menn.
Ho var ei av dei jentene som tenkte at «eg kan jo ikkje jogga eg», men så fekk ho lyst å prøva likevel. Ho var på eit nivå der ho blei andpusten og følte seg teit når ho sprang 100 meter. Men ho gav ikkje opp, sakte men sikkert blei ho betre. Etter kvart kjente ho på mestringsfølelsen, og det blei kjekt. Det var ikkje lengre berre trening, men og fine turar i naturen, tilstedeværelse, gode opplevingar, møte nye menneske og delta i maraton. Ho får opp og nedturar, og blir sterkare mentalt og fysisk.
Ho skriv veldig morosamt og engasjerande om jogging. Ho har og eit kapittel med praktiske tips for nybegynnarar, og eit kapittel om kvinnene som har sprunge før oss, og gjort det mogleg for oss å delta i lange løp.
Dei fleste har fått med seg kven Linnea Myhre er. Sinnablogger, deltakar på skal vi danse, og forfattar. I bøkene fortel ho ærlig om sitt liv.
I boka Kjære har Linnea Myhre skrive brev mellom anna til venner, foreldre, matprodusentar og redaktørar. I desse breva fortel ho om sitt liv, sin kamp mot spiseforstyrrelsen, korleis det er å vera ung idag med krav frå alle kantar om korleis ein bør vera og sjå ut. Boka er variert, lettlest og spesiell. Det er både humoristisk og sårt. Me får forståing for kor vanskeleg ho har hatt det, men ho viser og at ho er på veg ut av problema og har starta ein ny fase i livet. Det siste brevet som er skrive til kjærasten Sondre Lerche er kanskje det finaste av alle.
Dette er ei dramatisk ungdomsbok der alt som kan gå galt går galt. Boka byrjar med at Louise og Liam blir funne i sjøen lenka saman. Deretter får me to parallelle historier. Louise fortel om korleis ho møtte Liam, om familien hans, om den store forelskinga, og om dei litt suspekte vennane Liam får etter kvart. Samstundes følgjer Louise etter foreldra som prøver å få kvardagen til å gå rundt etter at ho er død. Ho har nok ikkje hatt eit veldig nært forhold til foreldra sine som ungdom. Men det er akkurat som ho får eit meir nyansert bilete av dei etter kvart som ho ser korleis dei taklar sorga.
Som lesar har ein lyst til å hoppa inn i forteljinga og rista i Louise og Liam og fortelja dei at dei ikkje kan leva slik! Snakk med foreldra dykkar! Men historia er truverdig. Det er mange tilfeldigheiter som fører Louise saman med Liam, og det er tilfeldigheiter som fører Liam ut i problem, og problema veks så fort at dei blir vanskelege å handtera. Det er lett å sjå føre seg kor blenda av kjærleiken Louise er. Ho er ung og trur ikkje ho treng å reflektera over korleis ting utviklar seg, eller kva slags liv ho eigentleg ynskjer seg. Sånn kan det ende.. Grøss!
Anbefales!
Dette er ei ungdomsbok skriven i brevform. Charlie skriv til ein ukjend mottakar og fortel om kvardagen sin. Han har litt vanskar med å finna seg til rette på High School, men etter kvart blir han med i ein vennegjeng med litt eldre elevar. Me blir godt kjent med søskena Sam og Patrick. Charlie blir forelska i Sam, men ho har kjærast. Patrick er homofil, og han har eit hemmeleg forhold til ein som ikkje er open om sin legning.
Charlie er veldig skuleflink, men i periodar har han det vanskeleg psykisk.
Det er umogleg å ikkje bli glad i Charlie. Han har ein sjarmerande måte å skriva brev på, med humor og varme. Alle personane er fargerike og interessante, og alle delane av historia er spanande. Denne boka kan eg anbefala på det varmaste til både unge og vaksne!
Dette blir ein samla omtale for alle tre bøkene Torka aldrig tårar utan handskar. Eg høyrde dei som svensk lydbok, lese inn av forfattaren sjølv. Det var ei heilt fantastisk oppleving!
I sentrum av historia er kjærleikshistoria om Rasmus og Benjamin. Me får heile deira oppvekst og forholdet til familie og vennar. Rasmus har hatt få venner på den litle staden han kjem frå, og bryter opp så snart han kan for å reisa til Stockholm. Men tør han fortelja foreldra at han er homofil? Og korleis tek dei det? Og korleis går det når Benjamin finn ut at han er homofil? Han som er Jehovas vitne!
Boka hopper mykje i tid, men det er lett å henga med. Etter kvart blir me kjende med fleire fargerike karakterar, og me får historier frå deira liv og oppvekst og. Her får me eit innblikk i mange ulike synspunkt rundt homofili på 80-talet i Stockholm. Ei tid då dei homofile byrja å stå fram og kjempe for rettigheter, samstundes som sjukdommen aids spreidde frykt i samfunnet.
Lettlest og underhaldande chick-lit! Agnes er servitør i Stockholm. Historia byrjar når ho både mistar jobb og kjærast same dag. Dette er ei skikkeleg working girl så ho setter i gang med jobbsøking. Brått får ho moglegheita til å vera med å starta ein restaurant. Det er eit tidkrevjande og risikabelt prosjekt, men ho hoppar i det. Me blir kjent med familien til Agnes som bur på ein småstad utfor Stockholm. Der blir det omveltingar når fabrikken blir lagt ned. Me blir og kjent med bestevenninna som jobbar fester og drikk litt i overkant. Det blir litt forviklingar med eks kjærasten, og så får me møta ein mystisk nabo og ein restaurantskribent.
Her er det massevis av handling, så det blir aldri keisamt. Det er kvardagsleg og truverdig. Det er ei ung arbeidande kvinne sitt hektiske kvardagsliv. Jobb, kollegaer, kjærast, familie.
Eg liker at boka unngår situasjonskomikk a la Bridget Jones. Det er varme lune skildringar. Å lesa denne boka var som å sjå ein film. Det er kanskje ikkje stor litteratur, men av og til treng ein ei lettlest feel good chick-lit-bok. Anbefalas :-)
Kva skjer når den vestkantjenta Amalie må flytta til østkanten fordi faren går konkurs? Kva skal ho sei til alle venninnene på danseskulen? Denne «tragedien» er litt vanskeleg å forstå for meg, men kanskje kan det virka truverdig på den eigentlege målgruppa til boka. Ein må berre gå med på premissene om at konkursen og flyttinga er ei katastrofe som må skjulast for alt i verda.
Det eg likte best med boka var dansinga. Musikken og rørslene blei liksom malt fram for mitt indre medan eg las. Det høyres kanskje rart ut å lesa om dansing i staden for å sjå på dansing, men det fungerer veldig godt! Det er lett å leva seg inn i det lidenskaplege forholdet ho har til dans. Møtet med Mikael og hip-hop-dans er og godt skildra. Boka var lettlest, og forfattaren har klart å få med mange konfliktar og mykje handling på dei 232 sidene. Vennskap, kjærleik, forhold til foreldre, pengar, shopping, dans. Det er litt som å sjå ein film :-) Midt i blinken for jenter på ungdomskulen.
Dette var ei magisk lesaroppleving! Manilahallen presenterer eit heilt liv som dikt. Med sorger og gleder. Desse dikta er skrive med nydeleg og enkelt språk som glir rytmisk og lett. Det er som ein mellomting mellom poesi og roman. Ein treng ikkje stoppe opp undervegs for å tolka. Det er heller sånn at historia veks i bakhovudet etter den er ferdig lest. Eg har i alle fall gått og tenkt på hovudpersonen Birgit i dagevis etter eg vart ferdig med boka. Kanskje særskild på mellomromma i historia, alt i livet hennar som ikkje er tatt med i boka. Og så tenkjer eg på sjukdommen, og bakgrunnen for den. Og personane rundt Birgit; korleis har dei hatt det?
Her får me rulla opp eit relativt vanleg liv frå barndom til død. Det skjer ikkje noko spektakulært, men handlinga er likevel oppslukande. Stemninga er litt trist og melankolsk. Stoner som eigentleg skulle bli bonde får augo opp for litteraturen og blir professor. Eg har svært vondt av dei fattige foreldra som jobbar dag inn og dag ut utan noko særleg glede i tilværet. Stoner giftar seg, men det blir ikkje akkurat eit lykkeleg ekteskap. Me får forskjellege historier frå universitetet og frå ekteskapet hans, det er lett å setja seg inn i konfliktane og kjenslene til Stoner. Det høyrest kanskje ikkje så spanande ut, men boka er utruleg god!
I denne boka fortel Rachel sin livshistorie, frå barndom, via trøblet ungdomstid til yoga-guru som reiser verda rundt. Fascinerande historie!
Boka har nydelege bilete, ei rekke matoppskrifter og oppslag med Rachels eigen livsfilosofi. Ho kallar dette «kjærlighetsfull innsikt», og det er litt hippie-preg over det. Eg vil gjerne tru på det, men klarar ikkje heilt å legga frå meg den ironiske distansen. Men forklaringane på yogastillingar og sekvensar er godt forklart og dokumentert steg for steg.
Dette er den finaste yogaboka eg har sett. Dersom du har gått litt på yoga går det fint an å bruka denne viss du vil trena heime. Er du heilt nybyrjar ville eg gått på eit yogakurs først.
Eg trur kanskje denne boka vart litt for ungdommeleg for meg. Historia var grei, men personleg likte eg ikkje den humoristiske måten den blir fortald på. Det er ikkje at ungdomsspråket er urealistisk, men eg klarer ikkje heilt å tru på at Alicia tek så lett på det å slutta skulen, få seg jobb og gjera sine første erfaringar med kjærleiken. Sorga ho kjenner for mormora etter kvart er meir truverdig skildra. Alicia er seg sjølv 100%, kanskje kan den motivera ungdom til å tru på seg sjølv og ikkje la seg pressa til noko dei føler seg usikre på. Eller kanskje dei tenkjer at dette er heilt urealistisk. Det er nok ein smakssak om ein liker denne boka eller ikkje. For meg vart den litt for overflatisk.
Emma bur i Stavanger og skal byrja i 10.klasse. Den sommaren blir ho forelska i Hester som er halvt amerikansk. Men han har berre sommarjobb i Noreg, han går på skule i USA. Dei nærmar seg kvarandre forsiktig, og har ein fantastisk sommar saman.
Ho byrjar 10.klasse med kjærleikssorg. Hester skriv meldingar og epost til ho, men ho finn ikkje ord til å svare med, for ho er berre trist og saknar han. Ho prøver å gå vidare, og blir med på fester og fortsetter å utforska ungdomslivet. Det blir mange festar, alkohol, nye venar, nye gutar. Det er ikkje lett å finna ut kven som er ekte venner, og kven som er oppriktig interessert i deg. Det er mykje ein må finna ut av når ein er 15.
Skal ho til dømes bli med bestevenninna når ho vil heim frå festen, eller skal ho bli att åleine for å oppleva noko spanande? Kanskje gløymer ho at venninna kan bli lei seg. Kanskje er ho litt full, og saknar å føla seg elska. Kanskje ho tek ein sjans og stolar på ein gut ho akkurat har møtt fordi han er kjekk og gjer ho komplimenter.
Det eit poetisk og enkelt språk. Mykje blir fortald med få ord. Her er det mykje ein kan kjenna seg att i. Enten ein er gut eller jente, populær eller utanfor.
Boka byrjar dagen etter 16årsdagen til Una. Ho har alltid fått eit postkort av den ukjende faren sin på bursdagen, men i år har det ikkje kome noko kort. Una har ikkje hatt behov for å vita noko om faren før, men no blir det viktig for ho.
Den to år eldre Leo skal laga ein dokumentar, og vil hjelpa Una å finna ut kven faren er. Una er forelska i Leo, men Leo verker berre som han er interessert i filmen sin, og snakkar berre om korleis dei skal finna faren hennar. Han har nesten blitt meir opptatt av det enn ho sjølv.
Una vil bli skodespelar som mora, og jobbar med ein monolog ho skal framføra på opptaksprøve til vidaregåande skule.
Denne boka er kort og lett å lesa, men den tek opp mange tema og har eit godt språk. Det er lett å leva seg inn i stemninga i boka. Dei lange late sommardagane i Stavanger når du er 16år og har uendeleg mange val framfor deg.
Dette er fortsetjinga av Bare en dag. Her møter me Willem, den nederlandske guten som tok med Allyson til Paris. Me får høyra hans bakgrunnshistorie, og hans versjon av kva som skjedde i Paris. Willem sin far er er død, og mora har reist til India for å driva eit legesenter. Willem saknar familien som den var. Han og mora har vanskeleg for å opna seg for kvarandre.
Han har vore ute og reist verda rundt i over eit år. Han var blant anna med ein omreisande teatertrupp som spelte Shakespeare-stykker. Det var der han møtte jenta han kalla for LouLou.
Han tenkjer mykje på det som skjedde i Paris. Det var liksom noko særskild mellom han og Loulou. Men han veit ikkje korleis han kan finna ho att, for han veit ikkje eingang det verkelege namnet hennar.
Me som lesarar får mange aha-opplevingar. For kvar nye opplysning me får om Willem setter det heile den andre boka i nytt lys.
Det er veldig fascinerande å sjå denne historia frå to sider. Når du les om Willem veit du alltid kvar Allyson er samstundes, og kva ho tenkte om akkurat det han kanskje opplevde på ein annan måte.
17 år gamle Allyson er ei amerikansk jente på europareise. Ho er ei pliktoppfyllande og skuleflink jente, med ei mor som involverer seg veldig både i val av fritidsaktivitetar og fag på skule. Europareisen er ikkje i backpackerstil, men eit busslass av ungdomar som blir guida gjennom eit fastlagt program. Allyson hadde gleda seg til turen, men blik liksom ikkje like begeistra som ho trudde ho skulle bli.
Siste dag på europareisen lar ho seg overtala av venninna til å sjå eit Shakespeare-stykke av ein omreisande teatertrupp. Ho blir fascinert av guten som spelar hovudrolla, og når han foreslår å reisa på ein dagstur til Paris overraskar ho seg sjølv med å bli med. Han bestemte seg for å kalla ho for Loulou, og Allyson sjølv syntes det var greitt å vera ein «ny person» på denne reisa sidan ho aldri hadde gjort noko så impulsivt før.
Boka handlar om dei to denne dagen i Paris, men også kva som skjer når ho reiser heim og byrjar på universitetet. Impulsturen til Paris starta ein endringsprosess hos Allyson, og ho må ta oppgjør med seg sjølv, venner og familie etter kvart.
Allyson klarer ikkje å gløyma Willem, men dei veksla ikkje telefonnummer eller noko anna kontaktinformasjon, så ho veit ikkje korleis ho skal kunne finna han att. Ho er heller ikkje sikker på om ho ynskjer å finna han. For det skjedde noko i Paris som ho ikkje veit korleis ho skal tolka.
Dette er ei ungdomsbok og ei kjærleikshistorie. Annakvart kapittel er frå synsvinkelen til Elenoar og Park. Elenoar har byrja på ny skule. Ho har raudt hår, og går i rare klede. Ho har ei mor som alltid roter seg bort i feil menn, og ho deler rom med sine mange søsken.
Park er ein populær gut på skulen der Elenoar byrjar. Han skil seg og ut fordi han har amerikansk far og asiatisk mor. Han møter Elenoar på bussen, og lar ho sitja ved sida av seg sjølv om regelen er at nye elever skal fryses ut. Dei snakker ikkje saman, men etter ei stund får Elenoar låna teikneseriar av Park. Kvar dag byttar ho ordlaust teikneserien med ein ny. Og sakte men sikkert byrjar eit vennskap å veksa fram. Dei byrjar å veksla ord, dei held kvarandre i hendene og dei byrjar å vera saman hos Par etter skulen.
Elenoar fortel lite om korleis ho har det heime, og familien hennar får aldri høyra om Park. Men etter kvart blir det forviklingar både på skulen og heima.
Boka er nydeleg skrive. Det er kjempespanande å lesa frå to synsvinklar. Me veit kvifor Elenoar ikkje snakkar så mykje om familien sin, men når Park funderer og analyserer Elenoar trekker han sine eigne slutningar. Det same gjeld Elenoar. Berre me som lesarar ser og forstår begge to. Eg får lyst å hoppa inn i historia og hjelpa dei! Det men det handlar om å bli kjend med kvarandre, om å opna seg for kvarandre, og at me alle har ei historie med oss. Noko vil me visa kvarandre, medan andre ting vil me skjula.