Omtale fra forlaget
Dei som ikkje alt har lese denne hjartevarmaren av ein roman, bør snarast gjere det. Klassikar, rett og slett! Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i.
Vaffelhjarte blei nominert til Brageprisen 2005 og er også boka bak tv-serien på NRK.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format Heftet
ISBN13 9788252196801
EAN 9788252196801
Serie Trille og Lena (1)
Språk Nynorsk
Sider 195
Utgave 3
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Er ikkje ferdig med denne endå. Høyrer på lydboka i bilen til og frå jobb, og i dag høyrde eg kapittelet Snø, og om den tristaste dagen. Og eg berre sit og grin mens eg kjører! Er ikkje så lett å veta kva ein skal lesa når ein er gravid og lettrørt... :) Men for ei nydeleg bok! Gler meg til å høyra resten!
Dagen etter begynte pappa på sommarprosjektet. Det gjer han kvar sommar. Prosjektet er som regel noko stort og vanskeleg som skal byggast. Og det er alltid mamma som har bestemt det.
Nesten alle vaksne i bygda vår syng i blandakoret. Eit blandakor, seier pappa, er eit kor der alle blandar seg, både dei som kan synge, og dei som ikkje kan det.
Då såg farfar alvorleg på meg og sa at å sakne folk er den finaste triste kjensla som finst.
388 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketListe for å halde orden på bøkar eg vil anbefale barn å lese :) Spesielt tenker eg på lillesøstera mi på ti år. Også skal eg bli grunnskolelærar, gleder meg til å lese med borna på skulen!
Sølvbergets tilsette plukkar nynorskbøker for å gratulere Stavanger mållag med 100-årsdagen 10. desember 2015. Les meir her.